Ja, ja - slik kan det gå: den eine dagen er ein inne, den neste er ein ute. Dette er realitetane for meg når deg gjeld NIB. For dei som ikkje er så bevandra i bloggterminologi, så kan eg opplyse om at det står for Norske Interiørbloggere. Det er ei fantastisk side, drifta av fantastisk damer, med mykje innspirasjon for oss som likar å ha det kosleg heime.
Etter litt oppfordringar herifrå og derifrå melde eg og bloggen min oss inn på denne sida. Det vart gjort i beste meining og med dei beste hensikter, og det var kjekt å oppleve at stadig nye bloggarar tok turen innom bloggen min. Det er maaaaange bloggarar som har registrert seg på denne sida, og dei fleste har sikkert hatt like gode hensikter som meg. I velkomstmeldinga på bloggen står det at " Her kan alle norske interiørbloggere legge seg til..." Vel, vel, lite erfaren som eg var i bloggverda visste ikkje eg kva ein interiørbloggar var. Etter å ha surfa litt rundt på dei andre såkalla interiørbloggane på sida, fann eg fort ut at dei aller fleste bloggane skriv litt om det meste, men med ei klar overvekt av fattigmannssølv, stearinlys, kvite møblar og ting med roser og prikkar på - altså, mykje som min eigen blogg.
Så etter nøye vurdering vart det innmelding på sida. Er stort sett litt skeptisk til blogguniformering, men dette var berre kosleg. Her var det mangfaldet som stod i fokus, og eg fekk innsyn i mange flotte hytter, heimar og hagar. Men i går oppstod det ein debatt på NIB som kanskje tok mange uventa vendingar. Det er tydeleg at mange av dei trufaste bloggarane og brukarane av NIB i lengre tid har irritert seg over at "allmugen" har invadert denne sida. Og med "allmugen" meiner eg sjølvsagt bloggarar som ikkje berre skriv blogginnlegg som sofaputene sine og fortel om alt det vakre dei kjøpte i går, men som også skriv om liv og levnad. Altså, akkurat som min blogg! Eg meiner det er grenser for kor mange innlegg eg kan skrive om ting og tang i heimen utan å kjede både meg sjølv og andre. Difor har min blogg med ein del anna òg, som oppskrifter på favorittmat, tankar og funderingar over alt som rører seg i kvardagen min, om kreative born, vakre naturbileter og mykje anna. Eg får så mange positive tilbakemeldingar får lesarar av bloggen min, så eg tenkjer med meg sjølv at eg er inne på rett spor. Og det gjer meg audmjuk og glad når eg veit at det eg skriv om rører ved andre sine liv òg. Men siste dagars debatt på NIB gjer at eg kanksje må gjere eit vegval snart. Der er nemleg det store diskusjonstemaet kor i alle dagar ein skal dele opp alle bloggarane for å ikkje setje bloggrollen ut av drift. Det er nemleg slik at det er så mange bloggar inne på NIB for tida. Skal bloggane då ordnast i alfabetiske lister, eller delast inn etter stil - det er spørsmålet! Og dette sette fart i diskusjonen!!!!! Nokre kommentarar er saklege og velmeinande, medan andre kommentarar er meir surmaga irritasjon over at vi som ikkje KUN bloggar om interiør har sneke oss med på bloggrollen. Ein kommentar eg las var "...bloggrollen har blitt utvannet med folk som egentlig ikke har peiling på interiør". Seinare i den kommentaren stod det òg å lese at "...det bør være en viss standard på bloggene, eller ihvertfall et minstemål". Det er tydelegvis ei dame som har god greie på interiør som har skrive dette, og som sikkert lenge har irritert seg over å måtte lese om sylteoppskrifter, andre sine ungar og om kva andre har gjort på i helga.
Der er òg fleire som meiner at vi som ikkje har reine interiørbloggar vert for private. Det kan eg til ei viss grad forstå. Men når interiørbloggarar viser fram soverommet sitt og dynetrekka sine, er ikkje det privat då? Eller tek oss med inn i badekar, dusjkabinett og andre svært private rom i huset? Dette er vel i aller høgaste grad privat! Kanskje ikkje min blogg og hundrevis av andre sine bloggar er interiørbloggar, men dei er personlege, hjartevarme og kvardagslege. Det var ein kommentar som sa at "...har lagt merke til at kvaliteten her inne har blitt dårligere". Eg skulle ha ynskt at vedkomande sa litt meir om kva ho sikta til. Vi skal vel ikkje gjere oss til dommarar over kva som er god bloggkvalitet og ikkje. Eg vel å tolke denne kommentaren som eit forsøk på å seie at det har vorte færre reine interiørbloggar her inne, og at det går utover kvalitetsstempelet til NIB.
Uansett, eg har gått i meg sjølv og funne ut at min blogg sikkert ikkje er ein interiørblogg. Dersom eg framleis skal vere med på NIB sine sider, lyt eg eventuellt endre bloggen min heilt. Det er eg ikkje villeg til. Eg har funne mi bloggform, og den er eg komfortabel med. Her inne er det litt for ein kvar smak, og dersom eg må til med å definere interiørstilen min må eg diverre melde pass. Kva som verkeleg er stilen min er litt forskjellig frå deg eg har lyst skal bli stilen min. Eg er glad i New England-stilen, men foreløpig har lommeboka sett ein stoppar for alle dei nye møbelkjøpa eg har lyst å gjere. Enn så lenge er eg difor opptatt av å skape ein heim der det er trygt og godt å vere. Så får vi sjå om New England-stilen vert gjennomførbar om nokre år.
Så no står eg altså ved eit vegskilje. Skal eg halde fram med å vere medlem i NIB, eller skal eg gå min eigen veg.
For å spare interiørbloggarane for å måtte surfe seg gjennom den kvardagslege bloggen min, for å kome seg til ein blogg med rette serviset, rette møblane og rette stilen - så har eg no bestemt meg for å forlate NIB. Ikkje så mykje dramatikk i det kanskje, det er vel heller ikkje så stor fare for å verte sakna. Som eg skreiv i overskrifta, dette gidd eg ikkje vere med på. Eg vil ikkje uniformere og kategorisere bloggen min, og då er det heller ikkje rett av meg å oppta plass på NIB sine sider. No vert NIB kvitt ei av dei som ikkje har peiling på interiør, som ikkje har rette standarden eller minstemålet på bloggen sin, og kanskje kan endåtil fråværet av min blogg gjere NIB til ein betre stad for dei som verkeleg er interiørbloggarar. Bloggen min kjem sjølvsagt til å halde fram som før, og eg vonar at mange av dei som fann meg på NIB vil besøke meg likevel.
Heilt til slutt ei rose til alle dei som hang med i svingane på denne uendeleg lange avskjedstalen min!
Rosa går òg til dei flotte og initiativrike damen som administrerer NIB!
Og så ei rose til alle som har funne vegen til bloggen min, anten via NIB eller andre bloggar! Det er de som er grunnen til at finn bloggarbeidet vel verdt!
Vonar vi kan halde kontakta sjølv eg ikkje lenger er medlem av NIB....
NIB-oppseiinga vert sendt i løpet av dagen - eg lovar!
PS! Med all respekt å melde: det har ikkje vore mi meining å gå til noko slags form for åtak på andre bloggarar i NIB! Eg synest alle bloggane som er der inne er fantastiske bloggar, men eg forstår dei som har behov for at NIB skal vere forbeholdt dei reine interiørbloggane. Eg kjem likevel til å fylgje med på bloggrollen og besøke bloggar som eg ser har nye innlegg. Eg likar meg så godt der inne at eg nok kjem til å snike i krokane sjølv om ikkje bloggen min vert å finn der.
Hei. Hald fram som du stemnar!! Eg har funne bloggen din for lengst,men ikkje gjennom NIB.Du har ein koseleg, innhaldsrik og flott blogg heilt etter min smak!
SvarSlettSant og seia har eg venta litt på (og lurt veldig på) at nokon skulle ta opp akkurat dette som du har gjordt no..og eg er heilt sikker på at det er ikkje berre me to som desse synspunkta.
Eg seier takk og godt gjordt.Kjem nok til å besøka bloggen din endå oftare enn tidlegare heretter, for eg tykkjer om damer som snakkar frå levra.
Ha ein flott dag vidare!
Helsing Nikoline
heisann...
SvarSlettjeg vet heller ikke helt hvordan man melder seg ut...jeg har bare skrevet en kommentar på det siste innlegget!har deg inne på blogg-rollen min, så jeg stikker snart innom deg igjen:)
ha en strålende dag...
klem tara
Jeg er så enig i det du skriver, og har hatt mange av de samme tankene som deg selv! Føler at jeg er med å vanner ut NIB, og at jeg egentlig ikke burde være der...
SvarSlettJeg personlig synes at de bloggene som skriver om litt annet enn bare interiør er mer interessante. Hvordan kan forresten noen si at noen ikke har peiling på interiør? Vi har vel forskjellige stiler, og fordi om en ikke liker noen sin stil så kan en vel ikke si at de ikke har peiling?
Jeg kommmer garantert til å innom din blogg igjen. Fortsett i den stilen du har, for den er bra! Håper du ikke har tenkt å gi deg med bloggingen også....
Ha en fin tirsdag:)
Så flott skrevet, jeg mener akkurat det samme som deg. Og sitter med de samme følelsene. Har mange ganger vært innom bloggen din, og vil nok fortsette å komme på besøk.
SvarSlettSatt bare å ventet på at dette skulle skje... er vel kanskje min tur å forlate NIB snart også, for jeg er nok ikke den beste interiørbloggeren - og er ganske færsk her inne, selv om jeg har surfet på NIB i noen mnd nå..
Ha en fin dag videre!!! :)
Jeg kommer innom deg fortsatt! For du skriver den type blogg jeg vil lese. Fri, utfordrende, kreativ - og om emner jeg kjenner meg igjen i. Heia deg!
SvarSlettKlem
hei igjen tove:)
SvarSlettnå har jeg lest nøye gjennom hele innlegget ditt...veeeeeldig bra skrevet:)
Veldig bra skrevet. Er inne på tanken på å melde meg ut selv. Men nå legger jeg iallefall deg til å blogg listen min for jeg synes bloggen din er veldig interessant og koselig!
SvarSlettKlem :)
Jeg har også meldt meg ut...men det var før det ble huskestue :o)
SvarSlettSyns det ble for vanskelig å finne noe å skrive om når det helst skulle være interiør. Føler meg friere nå og fant lett noen ord og dele med omverdenen.
JEG VIL VÆRE FRI !!!! hihiih
Ha en fin uke.
I'll be back
Mvh
Whoopsi Daisy
Legger deg til i listen min jeg, så er jeg sikker på å stikke innom igjen.
SvarSlettHei på deg!
SvarSlettSå befriende, herlig innlegg!! Er så enig, så enig med deg... Og ja, jeg hang med i svingene, hele veien igjennom avskjedstalen din..!
Jeg som deg, har en blogg som er fylt med det meste, litt om interiør, litt om hobby, litt om reise og ellers hva som rører seg i livet mitt... Min blogg er slik jeg ønsker at min blogg skal være, og slik er det - punktum!!
Har ikke vært inn og lest alle kommentarene som har kommet, men synest det er trist når noen kommer med denslag kommentarer som du viser til - helt unødvendig!!! Jeg liker mangfoldet i bloggene, liker faktisk å høre søte små historier om barna eller få tips om en god oppskrift, for så å vandre rundt i interiør, og hente inspirasjon.... Enhver blogg har sin egen signatur, og mangfoldet er bare herlig....!!
Stå på videre, og jeg kommer svært gjerne innom deg igjen - sniker til meg en oppskrift eller to, og tar med meg inspirasjonen som akkurat din blogg gir meg...
Ha en herlig høstdag videre!
Klem fra Hildegunn :o)
Kune ikke vært mer enig!! og linker til deg tvert, så du ikke forsvinner for meg!!
SvarSlettHeisann!
SvarSlettEg er berre ein "tjuvlesar" i blogg verden,men eg vil gjerne få takke deg for den bloggen du HAR,SUPER DAME TIL SUPER BLOGG og fortsett med det du.Eg ser inn til deg KVAR dag!!!
LYKKE TIL VIDARE!!!
-Randi-
Flott innlegg, jeg er så hjertens enig med
SvarSlettdeg, syns bare det er kjekt at bloggerne skriver om litt forskjellig, kommer innom til deg jeg
Hei hei!
SvarSlettVar tilfeldig innom NIB og så innlegget ditt:)
Tar deg av NIB, vi da, så får du se om du kanskje finner en kategori som passer din blogg når vi får delt opp:)
Hjertelig velkommen tilbake:)
Enig med "talen" din. Skjønner deg godt. Glad for at eg allerede HAR linka deg til bloggen min, så eg ikkje mister deg! :) Du har ein absolutt FANTASTISK blogg :) Eg blir også fort lei om det *kun* er interiør på sidene :) Det beste er jo litt av alt.. :) På den måten blir ein også inspirert :) Og det er vel ein del av meininga. Ønsker deg ein strålande dag! :) Godklem :)
SvarSlettSkjønner godt at du gir deg,og har lest hele "talen" din......du er en fornuftig dame !! Man skal ikke ha prestasjonsangst for å vise hva man har,og liker.......selv har jeg verken GANT eller Riviera Maison.....hihiii,men jeg er faktisk lykkelig likevel ! Pengeboken bestemmer,som du sier :) Du gjorde nok rett i å melde deg ut,og ja,det er en grunn til at jeg aldri har meldt meg inn..... Ha en flott dag,og kjør videre i din stil :) -Klem fra Bodø.
SvarSlettFlott innlegg du har skrevet her, er så enig i det du skriver!!!!
SvarSlettHar lenge vurdert å melde meg ut, og nå får jeg bare mer og mer lyst når jeg leser diskusjonen som pågår på NIB.
Jeg meldt meg ikke på NIB for KUN å vise bilder fra værelsene i heimen!:))
Jeg venter å se hvilke løsning NIB finner, og finner jeg ikke en kategori som passer så er veien ut av NIB ganske kort.
klem fra Gamlå
Har deg på link listen for lenge siden!!
SvarSlettSå jeg følger nok med dine nye innlegg:o)
Ha en fin kveld:o)
Heia!
SvarSlettJeg er så enig med deg, jeg meldte meg ut for en liten stund siden, å følte veldig på det samme som deg.
Stå på, bloggen din er nydelig.
Snakkes:0)
Kjære Tove. Det er så deilig å se litt temperament :) Jeg digger bloggen din - men du gjør selvsagt som du vil. Jeg tenker at "Hovmod står for fall" og de som mener seg bedre enn andre har et aldri så lite problem. Nå må jeg inn å se på NIB, for dette har jeg gått glipp av! Stor klem fra Hanne
SvarSlettDu har ein flott blogg, så fortsett som før du:) Eg har deg også på lenkelista mi allereie...
SvarSlettHei Tove. Det er bare meg igjen :) Du, det er vel ingen grunn til å ta så på vei for anonyme som ikke engang er i stand til å lage en egen blogg. Nei, nei - dette må vi heve oss over. Tenk så mye moro vi lager til for alle de som ikke kan eller tør! Håper du kommer på lista igjen :) Klem fra Hanne
SvarSlettHeihei Tove!!
SvarSlettSå utrolig kjedelig at du melder deg ut, men jeg skjønner godt motivet ditt... Jeg er innom deg ofte ofte, og har deg på favorittlisten min... Så fortsetter besøkene hvis det er greit?!
Nå kvir jeg meg nesten til å legge ut innlegg igjen føler jeg... "Nok interiør, for hverdagslig, blir dette for personlig. osv... " Får se hva som skjer etterhvert med diskusjonen, kanksje jeg lider samme skjebne som deg...
Ha en super super dag! Så snakkes vi fort igjen :)
Klem fra Siv
Det står respekt av avgjørelsen din Tove! Jeg syns det er synd at anonyme skal få anledning til å lage en så stor diskusjon ut av dette som i utgangspunktet bare skulle avklare hva slags inndeling man skulle ha. Jeg har nå også lagt inn et innlegg på NIB, klarte ikke dy meg ;0) Men du står allerede på bloggrollen min, så jeg stikker innom deg uansett :0)
SvarSlettJammen godt du held fram å blogge! Då eg las overskrifta var eg redd du skulle gje deg!
SvarSlettHald fram med ditt du! Mange flotte og lyriske innlegg og du tek flott ebilete!
(ps. EG meldte meg ikkje inn i nib , nettopp fordi eg blogger ikkje om interiør.men om kvardags gleder,tankar og gode augneblink.)
Plommeinnlegget ditt ser så freistande ut! Flinke deg!Ha ei strålandes veke!
Utrolig flott avskjedtale. Jeg har "funnet" igjen en del fra forum-verdenen på NIB og startet å følge med på rollen der inne. Meldte meg inn i siste pulje, og rekner med at slike blogger som min, nok var en av årsakene til diskusjonen. Så da får jeg bare melde meg ut igjen, sendte du bare en mail?
SvarSlettStå på! Jeg er så enig meg deg!
SvarSlettDet er mye koseligere å lese litt forskjellige og ikke bare interiør. Bloggen din er fin akkurat som den er:)
Leser den jevnlig, har den under favoritter.
Ha en fortsatt god uke:)
Nei men søte deg! Ikke bry deg om oppgulpet, jeg regelrett skiter i hva andre mener om hva jeg skal skrive... jeg har bestemt at jeg er en interiørblogger og slik er det med den saken.
SvarSlettDet har jeg grundig presisert i min kommentar i debatten. Men gjett om jeg skriver om maaaaaasse annet enn interiør, hi hi.
Snille, vurder å komme tilbake til NIB.... Uansett hva du velger så holder vi kontakten du og jeg. Jeg liker bloggen din!
Klem
Kunne forresten godt tenkt meg noen bøtter av den herlige plommelikøren under her..med en gang.... nam !!!
SvarSlettVar vel jeg som lokka deg inn i dette vepsebolet!!! Vet ikke om jeg gidder jeg heller...for maken til lavmål fra en del skal man lete lenge etter!!!
SvarSlettDette er nesten skummelt, men før jeg leste innlegget ditt idag, og før jeg overhode visste at det "stormet" en liten diskusjon i NIB, har jeg tenkt mye av det samme. Ikke fordi jeg ikke elsker interiør og dertil blogger, for mange av mine bloggvenner hører til der. Men jeg vet liksom ikke helt hvor jeg hører hjemme, og derfor har jeg aldri vært inne på NIB sin side heller, fordi jeg rett og slett ikke turte...da jeg startet å blogge, tenkte jeg mye interiør, men så kom hverdagsmennesket Kari frem, og det ble mitt varemerke. Kjedelige, dagligdagse ting sagt med Kari-ord, ut fra "rare-kari-tanker".
SvarSlettKunne noen vært så snille å lage en kategori som het "HVERDAGSBLOGGER"? Der hadde jeg, du og veldig mange andre passet ypperlig inn!!!
Stor klem fra Smøla.
Trur du har satt ord på det ein del bloggarar har tenkt og følt på her. Har hatt denne diskusjonen med andre som bloggar, og at eg ikkje er utmeld enno kan kun tilskrivast latskap. Har tidlegare vore ei runde med denne diskusjonen på NIB, og no skal eg i alle fall gjere som eg har tenkt, nemleg melde meg ut. For sånt gidd ikkje eg heller.
SvarSlettJa jeg kommer iallefall til å beholde deg på min bloggroll. Syns du har en kjempekoselig blogg, og skjønner ikke hvorfor ikke alle kan være med på NIB sine sider?
SvarSlettJeg har jo vært med på å frese opp debatten skjønner jeg---og så har jeg ikke fått med meg alt som har skjedd for da jeg endelig kom meg inn på siden var alle de anonyme innleggene slettet.
Jeg er bombesikker på at de flittige kommer til å lage en hverdagskategori der du kan føle deg hjemme....Da håper jeg at du kommer tilbake. Jeg følger deg uansett. Jeg liker så godt språket ditt og måten du skriver på. Deilig nynorsk har du også)
SEE U!!!
He Tove. Flott tale du skrev og det syns jeg vi må få lov til. Syns ikke noe om at man skal sette folk i bås. Du har en blogg som jeg liker veldig , veldig godt. Du skriver så levende og fint , jeg digger mange av temaene du tar opp.. Jeg har deg heldigvis på min blogg roll og vil følge deg videre fremover.
SvarSlettKlem Kerstin
Stå på, du Tovemor! Jeg elsker tankene dine!og alt det vakre du får sagt med ord... og ser vel heller mindre på interiørbildene...
SvarSlettJeg er kanskje den eneste? som aldri har lagt ut bilder fra huset mitt! Mest fordi jeg har min egen stil som ikke er etter dagens farger og smak. Vi har farger i stua, i kjøkkenet og i gangen og vi trives med det. Så får nå andre bare male lyst om de vil. Vi maler når malinga er slitt og trengs et strøk eller to. Da blir det kanskje annen farge.?
Iallefall:Bloggen din er TOPP! Og jeg er nr.34 som er innom her. Uten å ha lest hva de andre sier, så tror jeg de er enige med meg. Tove, opp med hodet (og jeg holdt på å si foten) og fortsett som før.
God og velsignet dag! Med husbonden og de tre søte små!
Nunne sender en bukett klemmer til deg.
TAKK TOVE!
SvarSlettFortsett som du gjør! Du har en vakker og meningsfylt blogg og jeg kommer til å besøke deg åkke som, fordi jeg liker det du gjør.
Varm klem Torunn
Debatten tok litt av, ja.... eg gjekk, eg òg. Men som deg håpar eg dei som har vore innom medan eg var på Nib framleis finn vegen :)
SvarSlettdu har iallefall ein nydeleg blogg, med vakre ord og bilder frå ein kvardag.
Ha ein god kveld :)
Merkeleg Tove...eg har faktisk i ei god stund nå tenkt å melde meg ut av NIB pga eg vil blogge om annet enn kun interiør...så såg eg dette innlegget og sjønte at fleire tenker som meg :)
SvarSlettSå eg kjem også til å melde meg ut :)
Klem