lørdag 31. desember 2011

Kvardagsfavorittar 2011 – ei biletkavalkade!

Det er alltid litt rart å legge eit år bak seg. Eit år fyllt av gode minner og gode kvardagar. Det som ikkje var så bra i 2011 legg vi bak oss og går vidare med rak rygg. Her er eit lite utdrag av bileter som i stor grad oppsummerer 2011 for meg og familien ♥

julekavalkade

Vi hadde ein lang og tung vinter, men smått om senn kom vårteikna og det vart varmare i vèret. Snøsmeltinga har aldri vore meir velkomen enn i år….

julekavalkade2

2011 var ikkje året for dei lange reisene. Vi har vore kortreiste dette året, og brukt ledige augneblink i fjøre og skog. Bål og god turmat har sjølvsagt vore høgdepunkt!

julekavalkade1 copy

Det har vore eit spennnande matår for meg. Eg har starta ny matblogg, inngått samarbeid med matprat.no, stifta mange nye bekjentskap, fått helse på favorittkokkar og auka antal kokebøker.

julekavalkade3

Det har vore mange gode stunder i 2011. Mange av dei i lag med storfamilien, andre i lag med nye bekjentskap frå andre land. Særleg kjekt var det då vi fekk lære om bulgarske påsketradisjonar og ungane fekk lage nydelege påskeegg! Tusen takk, igjen – Diana!!!

julekavalkade4

Mange av strendene i lokaldistriktet vart besøkte i løpet av året som har gått. Vi likar oss best når vi kan kjenne lukta av saltvatn…

julekavalkade5 copy

Papsen i huset fylte 40 år i sommar og vi feira med stor fest på låven! Vèret var nydeleg, maten var god og gjestane sørga for god stemning! Ein kveld for minneboka, dette…♥

julekavalkade6

Sommardagane kom og gjekk, men veret var ikkje alltid det beste. Vi gjorde likevel det vi kunne for å kose oss og la humla suse!

julekavalkade7 copy

I juli var eg så heldig å verte tante igjen! Det er alltid like fantastisk å verte tante… Å få halde desse små nurka i armane og vite at vi skal få tid til å verte godt kjende!

julekavalkade8 copy

Sjølv om det var langt mellom dei strålande sommardagane, så hadde vi nokre inn i mellom alle regnbygene. Dei dagane tok vi vare på som små skattar. Dei lyse og varme dagane – dei blå og lune kveldane….

julekavalkade9 copy

Lavendelen var omtrent einaste planta som vaks godt i sommar. Vi plukka ofte inn av dei velduftande blomane. Nokre hadde vi i vasar, nokre vart tørka og brukt til å smaksette te, andre vart brukt til bordpynt. Siste lavendelkvistane plukka vi faktisk i november…

julekavalkade10 copy

Gode jentene mine….

julekavalkade11 copy

Eg strikka nokre “posar” til små babygull i sommar. Dei vart strikka i mjukaste alpakka for å varme små kroppar. Veslebofsen vår var ein trufast turkamerat i heile sommar!

julekavalkade12 copy

Det beste med sommaren er når kveldane er varme og vi kan ha heile badestranda for oss sjølve… Ingenting er som eit kveldsbad!

julekavalkade13

I september hadde vi ei herleg helg på Hotel Alexandra i Loen. Der kosa vi oss med bading og åt god mat tre dagar til ende!

julekavalkade14 copy

Sommaren gjekk sakte, men sikkert over til haust. Sjølv om årstida endra seg, åt vi ofte ute på terrassen.

julekavalkade15 copy

Det er litt godt når årsrytmen snur og vi er meir inne. Så godt å fyre i omnen og leite fram dei gode, varme ullpledda.

julekavalkade18 copy

julekavalkade17 copy

julekavalkade19 copy

Eg er så heldig å ha syskena mine og familiene deira i same bygd. Det manglar ikkje på underhaldning når vi alle er i lag. Dei små syskenbarna er aldri “gjerandelause” og vi vaksne lagrar alle dei gode minna som vert skapt!

julekavalkade20 copy

Det har nesten ikkje vore vinter så langt i år, noko som har resultert i mange “bukettar” med vinterblomar og strå. Det er om å gjere å ha nok små vasar i hus, slik at dei små hendene kan plukke alt dei berre orkar!

julekavalkade23 copy

Vesle frøken snupp var veldig begeistra over å kunne traske rundt i sommarkjole og plukke kløver – i november!!!

julekavalkade21 copy

Då er det nye året berre nokre timar unna. Eg nyttar høvet til å takke alle mine gode bloggvener for følget i året som har gått og ynskjer eit godt nytt år for 2012! Måtte det verte godt for oss alle!

 

Godt nytt år!

fredag 30. desember 2011

Bord – dekk deg!

Eg likar godt å dekke bord. Særleg når eg ventar gjestar og vi skal vere mange kring bordet. Det er sjeldan eg har ein plan for korleis eg vil at bordet skal sjå ut. Eg tek som regel utgangspunkt duken og serviettane, og deretter er det altså tilfeldigheitene som rår!

IMG_4787 copy

Når ein kikar innom alle desse flinke interiørbloggarane, så kan ein verte rett misunneleg over kor flott dei dekkjer borda sine! Men sjølv om eg ikkje er så god på planlegging av slikt, så vert eg alltid nøgd med korleis bordet er dekt – og det er trass alt det viktigaste!

IMG_4789 copy

Likevel – det er ikkje verken pynten eller maten som avgjer om det har vore ein vellukka middag; det er gjestane som er dei viktigaste! Vi hadde gjestar på julaftan og det var kjempekoseleg! Trur både små og store kosa seg.

IMG_4790 copy

I morgon er det nyttårsaftan og bordet skal dekkast på nytt. Eg har slettes ikkje planlagt korleis eg skal gjere det, men den kvite duken er utgangspunkt denne gongen òg! Det raude vert kanskje bytta ut med grått og sølv, og kanskje vert det greiner midt på bordet! Det spelar i grunnen lita rolle korleis “pynteresultatet” blir,  vi kjem til å kose oss med maten!

Uansett korleis du kjem til å gjere det i morgon;

hugs at det er gjestane som utgjer viktigaste pynten!

torsdag 29. desember 2011

Nye juletradisjonar ♥

I år har vi prøvt oss på to “innslag” i jule som vi håpar kan verte tradisjon. På veslejulaftan inviterte bror min m/fam alle i storfamilien til julekoldtbord. Det var utruleg deilig å forlate vaskebøtta og setje seg ned med nydeleg mat og drikke! Alle kosa seg og det var ikkje måte på kor mykje god mat dei hadde laga til!

IMG_4752 copy

På førmiddag på julaftan inviterte eg storfamilien på graut og gløgg på låven. Dette var også eit forsøk på å etablere ein ny tradisjon! Låven var sjølvsagt pynta til jul! Ungane syntest det var mest stas med det kjempestore juletreet som dei fekk ansvar for å pynte! Og når ein inviterer til fest på låven, måtte sjølvsagt nipenissen kome på besøk!

IMG_4757 copy

Nipenissen er ein kjend karakter i bygda vår og ungane var svært nøgde med at han kom på  besøk denne julemorgonen!

IMG_4760 copy

Minste frøken snupp var ikkje redd for nissefar og var både stolt og glad over å ha fått ynskt han god jul! Og så var alle ungane godt nøgde med at han hadde med gåver i sekken som dei fekk lov til å opne!

IMG_4762 copy

Om det vert tradisjonar av desse to “juleinnslaga” våre veit vi vel fyrst neste år! Men ein flott start på julehøgtida var det i alle fall!

Kva for tradisjonar klarer ikkje du deg utan i jula?

onsdag 28. desember 2011

Livsteikn…

Det vart ei litt annleis jul i år. Vekene før jul var meir hektiske enn eg sette pris på og det vart for lite tid til det meste. Vi kom likevel i mål og såg fram til rolege romjulsdagar. Det vart ikkje heilt slik. Dagmar sine herjingar sette oss ut av spel i fleire dagar. Vi var både straumlause, nettlause og motlause. Fyrst ut på dagen i går, 3. juledag, kom det meste tilbake til normalen. Trøysta er at det er fleire dagar att av jula. Vi har mykje vi framleis skal kose oss med. Papsen skal jobbe litt medan vi andre skal nyte heimelivet litt til.

Jul 2011

I går tok eg og jentene oss ein tur ut. Vi vandra langs strand og fjøre og fann mykje spennande. For meg er dette også julestemning; sjø, bølgeskvulp, spann og spade, ungar som spring langs strandkanten, leik i sanden og skattejakt etter skjell og fine steinar.

Jul 2011-1

I dag skal vi passe tantegull, ete god middag og gå på juletrefest. Medan vi kosar oss som best vi kan, går tankane mine til alle dei som har fått hus, heim og eigedom øydelagde i orkanen. Vi var heldige og slapp unna med småtteri.

Ynskjer alle gode romjulsdagar!

søndag 11. desember 2011

Førjulstida er ikkje berre “burde, burde”!

Kakeboksene burde eigentleg har vore full og alle gåvene skulle sikkert ha stått i hemmelegskapet. For ikkje å snakke om all nedvasken eg sikkert burde ha vore ferdig med! Eg kjenner meg litt knebla av alt dette “burde, burde”, men er heilt tilfreds med at det er leeenge til jula er klar her i huset!

IMG_4686 copy

Eg skulle sikkert ha vore oppe tidleg og baka eitt eller anna. I staden for låg vi lenge, alle saman. Og når eg sikkert burde ha vaska kjøkkenskapa mine, gjekk eg i gang med prøvesmaking av årets fyrste julekaffi (kaffien kan du lese meir om her, på matbloggen min).

IMG_4693

Det er ein eigne sjarm med å kjøpe heile bønner. Eigentleg var tanken at eg skulle få dei kverna i butikken, men både eg og den hyggelege mannen bak disken gløymte det! Den herlege kaffilukta når du tek lokket av kaffikverna er rett og slett himmelsk! Det kan hende det burde ha lukta grønsåpe, salmiakk og nyinnplukka gran – men vi lever like godt med lukta av julekaffi!

IMG_4703 copy

Det kan kanskje høyrest ut som om eg ikkje har ofra all juleførebuinga ein einaste tanke, men det har eg altså! Eg har laga lister over alt som skal gjerast, alt som skal bakast og alt som må handlast inn. I tillegg fekk eg starta på julegåvehandelen i går. Eg er med andre ord i rute. Mi eiga rute, vel å merke! Når eg samanliknar meg med fleire av mine medbloggarar er eg sist i juleførebuingsløypa, men det har eg eit heilt avslappa forhold til!

Det blir jul i min heim òg! Må berre nyte litt god kaffi fyrst♥

fredag 9. desember 2011

Så godt at det er helg…♥

juleungar2

Ungane gler seg over snøen, mor gler seg over nokre dagar fri og far håper på ei brøytefri helg. Vi skal handle julegåver, ha forsinka bursdagskalas til 12-åringen, bake litt og vaske litt.

Ynskjer alle mine lesarar ei god førjulshelg ♥

mandag 5. desember 2011

Aller finaste….

Må berre dele eit bilete av den aller finaste, godaste Ida mi… Så utruleg snill og tolmodig, full av energi og stå på mot – gir seg aldri!

juleungar3 copy

Å vere midterst i ein syskenflokk er ikkje alltid lett. Men Ida har tolmodet til ein engel og forstår at ho av og til må vente litt.

I går kom første snøen og ho var raskt på beina! I full fart leitte ho fram vinterdress – for fyrste gong i år (!), og var ute for å kjenne på vèret, som ho seier det. Ho var ute heile dagen; langt til skogs på juletrehogst, aking, leik i snøen med syskena, julegrantenning og aking med gode vener til langt på kveld! Ikkje rart ho hadde roser i kinna då ho la seg!

I dag er ho på overnatting med bestemor og bestefar – og vi saknar henne i heimen!

Snille, gode Ida mi ♥

søndag 4. desember 2011

Ein sein førjulskveld…

Det byrja å snø i dag. Fyrst berre hagl og vind, men så kom dei store snøfillene. Lava ned i takt med ungane sin frydefulle latter.

IMG_4632

Eg leitar fram kle til dei og sender dei ut med papsen for å finne eit stort juletre til å setje på tunet. Kjenner at julekjensla kjem sigande… Inn i mellom er det opplett. Gløtt av sol. Det gjer skam på dagslyset å ha på lampar i glaset, sa mormor mi, når eg sette på lys midt på dagen.

IMG_4517 copy

Dette biletet tok eg før snøen hadde lagt seg. Rakk akkurat å sjå så vidt til sola, før skyer drog seg til og snøen lava igjen. Men julestjerna i glaset fekk lyse, sjølv om dagslyet eigentleg var meir enn nok.

IMG_4522 copy

Medan ungane og papsen var på skogen fekk eg rydda og ommøblert litt. Eg har ikkje store plassen å boltre meg på, men litt endring vart det likevel. Frøken snupp kosa seg med ein stor, juleraud nellikbukett og danderte blomane i små vasar. Det vart med ein gong litt meir jul i stova!

IMG_4633 copy

Eg var så lei av den mørke hjørnesofaen vår som åt opp alt lyset i stova. Det er ikkje slikt ein tenkjer over når dagane er lyse, men i vintermørket vert det svært merkbart. Mamma og pappa hadde nokre øyrelappstolar som vi fekk låne, og jammen gjorde det susen, gitt!

IMG_4642 copy

Medan min kjære er ute og brøyter, slappar eg av i ei førjulstriveleg stove. Det gjer seg med forandringar, sjølv om det ikkje er så mykje!

lørdag 3. desember 2011

Så altfor lenge å vente…

Ho fekk billettar til ballettshow i adventskalendaren. Aller fyrste gong ho skal få sjå balllett på ekte. Men det er så altfor lenge å vente…. Timane sneglar seg av garde og ventetida er vanskeleg…

IMG_1274 copy

Sjølv om vi bakar bollar og julemenn, så går ikkje tida fort nok. Inn i mellom all bakinga må ho inn på stovegolvet og ta piruettar. Svinge seg rundt så kjolen står rett ut…

IMG_1278 copy

Vesle frøken 4 år trur kanskje at ho må ha på seg den fine dansekjolen på ballettshowet. Tenk om ho får vere med å danse….

IMG_1674 copy

Vi får håpe dei fire neste timane går kjempefort… ♥