Det er alltid litt rart å legge eit år bak seg. Eit år fyllt av gode minner og gode kvardagar. Det som ikkje var så bra i 2011 legg vi bak oss og går vidare med rak rygg. Her er eit lite utdrag av bileter som i stor grad oppsummerer 2011 for meg og familien ♥
Vi hadde ein lang og tung vinter, men smått om senn kom vårteikna og det vart varmare i vèret. Snøsmeltinga har aldri vore meir velkomen enn i år….
2011 var ikkje året for dei lange reisene. Vi har vore kortreiste dette året, og brukt ledige augneblink i fjøre og skog. Bål og god turmat har sjølvsagt vore høgdepunkt!
Det har vore eit spennnande matår for meg. Eg har starta ny matblogg, inngått samarbeid med matprat.no, stifta mange nye bekjentskap, fått helse på favorittkokkar og auka antal kokebøker.
Det har vore mange gode stunder i 2011. Mange av dei i lag med storfamilien, andre i lag med nye bekjentskap frå andre land. Særleg kjekt var det då vi fekk lære om bulgarske påsketradisjonar og ungane fekk lage nydelege påskeegg! Tusen takk, igjen – Diana!!!
Mange av strendene i lokaldistriktet vart besøkte i løpet av året som har gått. Vi likar oss best når vi kan kjenne lukta av saltvatn…
Papsen i huset fylte 40 år i sommar og vi feira med stor fest på låven! Vèret var nydeleg, maten var god og gjestane sørga for god stemning! Ein kveld for minneboka, dette…♥
Sommardagane kom og gjekk, men veret var ikkje alltid det beste. Vi gjorde likevel det vi kunne for å kose oss og la humla suse!
I juli var eg så heldig å verte tante igjen! Det er alltid like fantastisk å verte tante… Å få halde desse små nurka i armane og vite at vi skal få tid til å verte godt kjende!
Sjølv om det var langt mellom dei strålande sommardagane, så hadde vi nokre inn i mellom alle regnbygene. Dei dagane tok vi vare på som små skattar. Dei lyse og varme dagane – dei blå og lune kveldane….
Lavendelen var omtrent einaste planta som vaks godt i sommar. Vi plukka ofte inn av dei velduftande blomane. Nokre hadde vi i vasar, nokre vart tørka og brukt til å smaksette te, andre vart brukt til bordpynt. Siste lavendelkvistane plukka vi faktisk i november…
Gode jentene mine….
Eg strikka nokre “posar” til små babygull i sommar. Dei vart strikka i mjukaste alpakka for å varme små kroppar. Veslebofsen vår var ein trufast turkamerat i heile sommar!
Det beste med sommaren er når kveldane er varme og vi kan ha heile badestranda for oss sjølve… Ingenting er som eit kveldsbad!
I september hadde vi ei herleg helg på Hotel Alexandra i Loen. Der kosa vi oss med bading og åt god mat tre dagar til ende!
Sommaren gjekk sakte, men sikkert over til haust. Sjølv om årstida endra seg, åt vi ofte ute på terrassen.
Det er litt godt når årsrytmen snur og vi er meir inne. Så godt å fyre i omnen og leite fram dei gode, varme ullpledda.
Eg er så heldig å ha syskena mine og familiene deira i same bygd. Det manglar ikkje på underhaldning når vi alle er i lag. Dei små syskenbarna er aldri “gjerandelause” og vi vaksne lagrar alle dei gode minna som vert skapt!
Det har nesten ikkje vore vinter så langt i år, noko som har resultert i mange “bukettar” med vinterblomar og strå. Det er om å gjere å ha nok små vasar i hus, slik at dei små hendene kan plukke alt dei berre orkar!
Vesle frøken snupp var veldig begeistra over å kunne traske rundt i sommarkjole og plukke kløver – i november!!!
Då er det nye året berre nokre timar unna. Eg nyttar høvet til å takke alle mine gode bloggvener for følget i året som har gått og ynskjer eit godt nytt år for 2012! Måtte det verte godt for oss alle!
Godt nytt år!
NYDELIGE bilder, Tove! Ønsker deg og dine et riktig godt nytt år! Mange klemmer fra Silje.
SvarSlettSå vakre bilder du viser! Ser at du er flink til å ta vare på øyeblikkene. Jeg setter pris på at du deler dette med oss andre. Riktig godt nytt år til deg og familien din!
SvarSlettFor ei nydeleg oppsumering!
SvarSlettEit Velsigna godt 2012
ynskjer eg deg og dine!
- Nyttårsklem -
Så flott å se året ditt gjennom disse nydelige bildene!
SvarSlettJeg gleder meg veldig til å følge deg gjennom 2012 :)
Godt nyttår!
klem
Eg er heilt imponert av deg, eg har sagt det før. Om du er så flink å ta vare på små augneblink som du formidlar her på bloggen, så har du verkeleg forstått poenget. Eg strevar litt med å finne kvardagslukka innimellom, men det er eit mål for 2012 å nyte det som skjer her og no. Vi lengtar så lett etter alt vi ikkje har eller får at vi gløymer å glede oss over her og no. Vi har jo det så godt eigentleg! Manglar ingenting... Godt nytt år til deg og dine på vakre Sunnmøre.
SvarSlettEi vakker kavalkade over året som gjekk, ønskjer deg og dine alt godt i det nye
SvarSlettNydleg kavalkade - ser ut for at du har hatt eit godt 2011 - ønker at det forblir slik for deg og dine i 2012 - klem
SvarSlettHerlige bilder av et langt år.
SvarSlettTakk for et fint bloggår. Ønsker deg et godt nytt år :)
Nyttårsklem fra Trude :)
Nydelig kavalkade , Tove!! Og riktig godt nytt år til deg og gjengen din!
SvarSlettklem♥
Så koslig at du fant veien inn til meg, samme hvordan du fant frem. ;) Kjempe koslig blogg du har også. Herlige bilder. Ser ut som et fint år! :)
SvarSlettLegger meg til som følger. Gleder meg til et nytt bloggår!
Klem :)
Godt nytt år! Vi treffast nok både på kurs og på bloggane!
SvarSlettGodt nyttår:)
SvarSlettGodt nytt år til deg også ! :)Koselig at du stakk innom bloggen !
SvarSlettSå mange fine bilder og minner fra 2011 !
Håper 2012 blir et vel så godt år for deg og dine ! :)
klem <3 Liv Elin
Tar av meg hatten!!
SvarSlettDu kan gi ut bok, Tove!
Nydelige bilder. Takk!