lørdag 31. desember 2011

Kvardagsfavorittar 2011 – ei biletkavalkade!

Det er alltid litt rart å legge eit år bak seg. Eit år fyllt av gode minner og gode kvardagar. Det som ikkje var så bra i 2011 legg vi bak oss og går vidare med rak rygg. Her er eit lite utdrag av bileter som i stor grad oppsummerer 2011 for meg og familien ♥

julekavalkade

Vi hadde ein lang og tung vinter, men smått om senn kom vårteikna og det vart varmare i vèret. Snøsmeltinga har aldri vore meir velkomen enn i år….

julekavalkade2

2011 var ikkje året for dei lange reisene. Vi har vore kortreiste dette året, og brukt ledige augneblink i fjøre og skog. Bål og god turmat har sjølvsagt vore høgdepunkt!

julekavalkade1 copy

Det har vore eit spennnande matår for meg. Eg har starta ny matblogg, inngått samarbeid med matprat.no, stifta mange nye bekjentskap, fått helse på favorittkokkar og auka antal kokebøker.

julekavalkade3

Det har vore mange gode stunder i 2011. Mange av dei i lag med storfamilien, andre i lag med nye bekjentskap frå andre land. Særleg kjekt var det då vi fekk lære om bulgarske påsketradisjonar og ungane fekk lage nydelege påskeegg! Tusen takk, igjen – Diana!!!

julekavalkade4

Mange av strendene i lokaldistriktet vart besøkte i løpet av året som har gått. Vi likar oss best når vi kan kjenne lukta av saltvatn…

julekavalkade5 copy

Papsen i huset fylte 40 år i sommar og vi feira med stor fest på låven! Vèret var nydeleg, maten var god og gjestane sørga for god stemning! Ein kveld for minneboka, dette…♥

julekavalkade6

Sommardagane kom og gjekk, men veret var ikkje alltid det beste. Vi gjorde likevel det vi kunne for å kose oss og la humla suse!

julekavalkade7 copy

I juli var eg så heldig å verte tante igjen! Det er alltid like fantastisk å verte tante… Å få halde desse små nurka i armane og vite at vi skal få tid til å verte godt kjende!

julekavalkade8 copy

Sjølv om det var langt mellom dei strålande sommardagane, så hadde vi nokre inn i mellom alle regnbygene. Dei dagane tok vi vare på som små skattar. Dei lyse og varme dagane – dei blå og lune kveldane….

julekavalkade9 copy

Lavendelen var omtrent einaste planta som vaks godt i sommar. Vi plukka ofte inn av dei velduftande blomane. Nokre hadde vi i vasar, nokre vart tørka og brukt til å smaksette te, andre vart brukt til bordpynt. Siste lavendelkvistane plukka vi faktisk i november…

julekavalkade10 copy

Gode jentene mine….

julekavalkade11 copy

Eg strikka nokre “posar” til små babygull i sommar. Dei vart strikka i mjukaste alpakka for å varme små kroppar. Veslebofsen vår var ein trufast turkamerat i heile sommar!

julekavalkade12 copy

Det beste med sommaren er når kveldane er varme og vi kan ha heile badestranda for oss sjølve… Ingenting er som eit kveldsbad!

julekavalkade13

I september hadde vi ei herleg helg på Hotel Alexandra i Loen. Der kosa vi oss med bading og åt god mat tre dagar til ende!

julekavalkade14 copy

Sommaren gjekk sakte, men sikkert over til haust. Sjølv om årstida endra seg, åt vi ofte ute på terrassen.

julekavalkade15 copy

Det er litt godt når årsrytmen snur og vi er meir inne. Så godt å fyre i omnen og leite fram dei gode, varme ullpledda.

julekavalkade18 copy

julekavalkade17 copy

julekavalkade19 copy

Eg er så heldig å ha syskena mine og familiene deira i same bygd. Det manglar ikkje på underhaldning når vi alle er i lag. Dei små syskenbarna er aldri “gjerandelause” og vi vaksne lagrar alle dei gode minna som vert skapt!

julekavalkade20 copy

Det har nesten ikkje vore vinter så langt i år, noko som har resultert i mange “bukettar” med vinterblomar og strå. Det er om å gjere å ha nok små vasar i hus, slik at dei små hendene kan plukke alt dei berre orkar!

julekavalkade23 copy

Vesle frøken snupp var veldig begeistra over å kunne traske rundt i sommarkjole og plukke kløver – i november!!!

julekavalkade21 copy

Då er det nye året berre nokre timar unna. Eg nyttar høvet til å takke alle mine gode bloggvener for følget i året som har gått og ynskjer eit godt nytt år for 2012! Måtte det verte godt for oss alle!

 

Godt nytt år!

14 kommentarer:

  1. NYDELIGE bilder, Tove! Ønsker deg og dine et riktig godt nytt år! Mange klemmer fra Silje.

    SvarSlett
  2. Så vakre bilder du viser! Ser at du er flink til å ta vare på øyeblikkene. Jeg setter pris på at du deler dette med oss andre. Riktig godt nytt år til deg og familien din!

    SvarSlett
  3. For ei nydeleg oppsumering!

    Eit Velsigna godt 2012
    ynskjer eg deg og dine!

    - Nyttårsklem -

    SvarSlett
  4. Så flott å se året ditt gjennom disse nydelige bildene!
    Jeg gleder meg veldig til å følge deg gjennom 2012 :)
    Godt nyttår!
    klem

    SvarSlett
  5. Eg er heilt imponert av deg, eg har sagt det før. Om du er så flink å ta vare på små augneblink som du formidlar her på bloggen, så har du verkeleg forstått poenget. Eg strevar litt med å finne kvardagslukka innimellom, men det er eit mål for 2012 å nyte det som skjer her og no. Vi lengtar så lett etter alt vi ikkje har eller får at vi gløymer å glede oss over her og no. Vi har jo det så godt eigentleg! Manglar ingenting... Godt nytt år til deg og dine på vakre Sunnmøre.

    SvarSlett
  6. Ei vakker kavalkade over året som gjekk, ønskjer deg og dine alt godt i det nye

    SvarSlett
  7. Nydleg kavalkade - ser ut for at du har hatt eit godt 2011 - ønker at det forblir slik for deg og dine i 2012 - klem

    SvarSlett
  8. Herlige bilder av et langt år.
    Takk for et fint bloggår. Ønsker deg et godt nytt år :)

    Nyttårsklem fra Trude :)

    SvarSlett
  9. Nydelig kavalkade , Tove!! Og riktig godt nytt år til deg og gjengen din!
    klem♥

    SvarSlett
  10. Så koslig at du fant veien inn til meg, samme hvordan du fant frem. ;) Kjempe koslig blogg du har også. Herlige bilder. Ser ut som et fint år! :)

    Legger meg til som følger. Gleder meg til et nytt bloggår!

    Klem :)

    SvarSlett
  11. Godt nytt år! Vi treffast nok både på kurs og på bloggane!

    SvarSlett
  12. Godt nytt år til deg også ! :)Koselig at du stakk innom bloggen !
    Så mange fine bilder og minner fra 2011 !
    Håper 2012 blir et vel så godt år for deg og dine ! :)
    klem <3 Liv Elin

    SvarSlett
  13. Tar av meg hatten!!

    Du kan gi ut bok, Tove!

    Nydelige bilder. Takk!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!