Eg likar godt å dekke bord. Særleg når eg ventar gjestar og vi skal vere mange kring bordet. Det er sjeldan eg har ein plan for korleis eg vil at bordet skal sjå ut. Eg tek som regel utgangspunkt duken og serviettane, og deretter er det altså tilfeldigheitene som rår!
Når ein kikar innom alle desse flinke interiørbloggarane, så kan ein verte rett misunneleg over kor flott dei dekkjer borda sine! Men sjølv om eg ikkje er så god på planlegging av slikt, så vert eg alltid nøgd med korleis bordet er dekt – og det er trass alt det viktigaste!
Likevel – det er ikkje verken pynten eller maten som avgjer om det har vore ein vellukka middag; det er gjestane som er dei viktigaste! Vi hadde gjestar på julaftan og det var kjempekoseleg! Trur både små og store kosa seg.
I morgon er det nyttårsaftan og bordet skal dekkast på nytt. Eg har slettes ikkje planlagt korleis eg skal gjere det, men den kvite duken er utgangspunkt denne gongen òg! Det raude vert kanskje bytta ut med grått og sølv, og kanskje vert det greiner midt på bordet! Det spelar i grunnen lita rolle korleis “pynteresultatet” blir, vi kjem til å kose oss med maten!
Uansett korleis du kjem til å gjere det i morgon;
hugs at det er gjestane som utgjer viktigaste pynten!
Så fine glass og tallerkener du har! Skulle likt å se mer av bestikket. Bordet ditt blir fint. Lykke til med selskapet, og ha et godt nytt år!
SvarSlettSyns du dekket bordet delikat og lekkert.
SvarSlettKlem Tove
Bordet var nydelig, og jeg likte hjertene dine ekstra godt! Som deg elsker jeg også å pynte bord, spesielt med ting jeg finner i naturen...
SvarSlettTenker at gjestene dine føler seg ekstra velkommen når en gjør slik ekstra stas:))
Et godt år til deg og din familie:)
Det er veldig sant! Det gode selskapet er det viktigste!
SvarSlettMen et fint bord, som det du viser her gjør noe med stemningen!
Bordet ditt er nydelig! Enkelt og lekkert! Dette kan du :)
SvarSlettOg jeg tenker at bordet ditt i morgen blir like fint - og som du sier, det er gjestene som teller! Den stemningen dere lager sammen er det som gjør kvelden vellykket - kos dere masse!
Ønsker deg og dine et riktig godt nyttår! - klem
Nydelig bord!
SvarSlett