lørdag 31. januar 2009

Heldige meg!!!

I dag har det vore ein strålande dag! Mykje på grunn av det nydlege vèret, men også fordi eg er ein svært heldig vinnar!!!

For litt sidan hadde Ellen med bloggen Charmerende Gjenbruk hadde ei konkurranse. Premien var boka "Sjarmerende Gjenbruk", ei bok ho sjølv har skrive. Den vart utgitt no i januar, og er såleis rykande fersk.

sjarmerende gjenbruk

Eg var alstå ei av to som var så heldige å vinne denne boka! Alle som har lyst på boka kan kjøpe den direkte frå Ellen (fraktfritt og med 10 % rabatt!!!!), eller i bokhandelen.

sjarmerende gjenbruk1

Utruleg sjarmerande og svært kreativt! Vi har vel alle ein gammal termos liggande - no kan vi altså gi den nytt liv og bruke den som lampe!

sjarmerende gjenbruk2

Slik kan ein få vist fram gamalt arvegods!

sjarmerende gjenbruk3

Ein ny lampe over kjøkkenbenken? Eller i ei kjellarbod? Norgesglas kan brukast til så mangt!

(alle desse bileta har eg lånt frå bloggen til Ellen)

Tusen takk, kjære Ellen, for at eg vart plukka ut som ei av dei heldige!

Og som om dette ikkje var nok, så har eg i tillegg fått ei heilt eineståande utmerking i dag!

award31

Skjønne Ida med bloggen "Ida`s Little Corner Of The World", har laga ei utmerking med ein viktig bodskap. Bodskapen er sjølvsagt heilt etter mitt hjarte, og det gjer at eg set ekstra stor pris på ta imot denne utmerkinga. Dette skreiv ho i kommentaren til meg:

"Den får du for de hjertegode ordene og omtanken for Olai under her. Og for bloggen din ellers med det fine fokuset du har her".

Tusen takk, gode Ida, for at eg var så heldig å få denne utmerkinga!

Til alle mine medbloggarar; ta med dykk bodskapen!

Roleg laurdag.

Det er som regel høgt tempo i helgene. Men ikkje i dag.

039

Bakstefrua var tidleg oppe og sette gjærdeig til heving.

036

No nyt vi skillingsbollar og førmiddagskaffi. Alt går sakte. Nesten som om tida har stoppa opp.

030

Eg treng vel ikkje seie kva vèr vi har???? Anna enn at slike dagar må nytast til det fulle. Vi har vore særdeles heldige siste vekene. Aldri kan eg hugse ein januar månad som har vore så fin og velsigna oss med så mykje sol.

018

Denne måneskalken lyste opp kveldshimmelen i går. Ungane var ute og leika til langt på kveld. Kven vil vel inn når ein kan leike ute i 11 plussgrader ein januarkveld?

I dag skal vi nyte sola -

ynskjer ein god laurdag til alle!

torsdag 29. januar 2009

...når håp er det einaste ein har.

Dette er historia om ein tapper gut. Om eineståande foreldre. Om å brått få snudd livet på hovudet. Om å håpe. Om å tru. Og om å håpe endå litt til.

olai3

Dette er historia om Olai.

Eg kjenner at ord vert fattige når eg skal fortelje denne historia. Dei kjem ikkje like lett som dei brukar å gjere.  Det heile starta i haust. Ein livsglad gut på seks år og familien hans fekk brått snudd livet på hovudet.

Hausten 2008 vart Olai brått sjuk. I Trondheim fekk foreldra beskjeden dei kanskje hadde frykta mest: svulst. Kan ikkje operere. Må stråle. Vente og sjå kor det går.

olai

Eg kan ikkje på nokon måte forstå korleis foreldra har hatt det denne perioden. Eg kan ikkje setje meg inn i tankar og kjensler, men eg føler smerten deira. Sjokket. Vantrua.Og håpet. For ikkje å gløyme håpet!  Håpet om at strålinga har virka. At svulsten skal forsvinne. At Olai ein dag skal verte frisk. Kva har vi, om vi ikkje har håp???

olai1

Olai har gjennomgått mange strålingar. Kjempa hardare enn dei fleste av oss. Har holdt ut. Holdt motet oppe. Eineståande foreldre som kanskje har mista både mot og håp, men funne det igjen - fordi dei har sett styrken til Olai. Og alltid med håpet og trua som drivkraft.

...vente og sjå.

Kven har tid til å sitte på gjerdet og "vente og sjå"???

Foreldra til Olai sit ikkje på gjerdet og ventar. I det siste har dei heldigvis funne nytt håp. Ein medisin frå Canada har hjulpe 75% av dei som har prøvt den ut. Foreldra må betale medisinen sjølve. Heldigvis er der eldsjeler som tek initiativ til å hjelpe. Evelyn, som kanskje har største hjartet eg veit om, har starta ei kronerulling på Facebook. Ho oppmodar alle om å vere med å gi litt, slik at familien til Olai kan ta seg råd til denne dyre medisinen. Er du medlem på Facebook er du sjølvsagt hjarteleg velkomen inn i gruppa!  Gruppa heiter ;  "Vesle kreftsyke Olai trenger økonomisk støtte".

Eg ynskjer at folk skal håpe for Olai. Eg vil at Olai skal verte frisk. Å sjå kor glad vesle Ida mi er når ho kjem heim og fortel at "Veit du mamma? I dag var Olai på skulen", er nok til å fyre opp mitt engasjement. Eg ynskjer at vi skal vere eit samfunn av menneske som bryr seg om andre. Eit samfunn av menneske som veit at det er viktig å hjelpe. Som veit at nestekjærleik er noko av det viktigaste vi har.

olai3

Olai er ein nydeleg gut.

Full av tillit.

Full av omsorg.

Full av kjærleik.

Og full av livsmot.

Eg vil vere med på å gi familien håp om ei framtid for Olai. Eg vil oppmode alle som kan, om å vere med på kronerullinga. Kontonummeret står på Facebook, eller du kan få det ved å kontakte meg.

(Biletet i innlegget er privat, og er lånt frå Facebook. Olai sine foreldre er kjende med at eg publiserer dette innlegget)

Alt har den som kan håpe,

intet har den som har mistet håpet.

Svensk ordtak

Håp er intet annet enn tro.
Jean Cocteau

 

Vi ynskjer deg lukke til, kjære Olai!

Oppdatering:

Fredag 30/1 kl 21.00 No er der kr. 52 449,- på konto.

 

tirsdag 27. januar 2009

...og når vårsol i bakkane blenkjer...

Vi har hatt ei utruleg flott veke. Medan austlendingane har vore innesnøa og bestyrta over det grusomme vèret, har dagane våre vore prega av sol, uteliv, vårstemning og nydlege solnedgangar.

007 

Ungane kosa seg ute frå morgon til kveld. Sykling er ein kjærkomen våraktivitet.

017

Tenk å kunne kose seg utandørs med joggesko, solbriller og lette jakker i slutten av januar!

015

Triksa som vart innlært i fjor må friskast opp att. Skal tru om dei sit???

012

Ida er fersk som syklist, og har forstått at det er viktig å halde tunga beint i munnen for å halde balansen!

025

Med unntak av dei blasse fargane er det lite som minner om januar!

032 

Etter ein lang dag ute, er det godt å trekke i hus når skumringa set inn. Dei vakrasta fargane målar himmelen!

036

Ei stund ser himmelen slik ut.....

042

... og minuttet seinare har fargane vorte klarare blå og nokre av dei mørke skyene har trekt seg vekk.

045

Det er desse kveldane vi må tenkje attende på når februar og mars kjem med snøkave, slaps og uuthaldeleg kulde. Det er godt å vere til når ein kan gå til ro under eit slikt himmelteppe!

søndag 25. januar 2009

Eg - ein kulturbærar!

Eg sit med eit nytt strikkeprosjekt i hendene (herre min hatt kor rart det høyrest ut når slike ord kjem frå meg!), og då kan det vere på tide med ein aldri så liten ønskereprise. Mine trufaste lesarar kjenner att teksten frå før, den var publisert på bloggen min 10. februar i fjor og stod på trykk i lokalavisa Møre Nytt. Ungane hadde nettopp sagt noko som fekk det til å stikke aldri så lite i det dårlege samvitet... Eg gjekk til innkjøp av pinnar og garn, og slik er historia:

Det heiter seg at det er frå ungar ein får høyre sanninga, og slik er det vel også i dette tilfellet: Når ungane besøkjer bestemor, må dei alltid kike litt i strikkekorga hennar. Dei let seg ivrig fascinere av at tråd, pinnar og godt handlag tryllar fram dei flottaste klesplagg. Sjølv har eg aldri strikka. Eg hugsar tilbake på handarbeids-timar på barneskulen der tårene nesten spratt i takt med klirringa frå dei andre sine strikkepinnar. Med meg vart alt mislukka; flokar på tråden, altfor faste mauskar, mauskar som av ein eller annan grunn berre forsvann og så vart alt berre smalare og smalare. Det gjorde det ikkje akkurat betre at bror min, som er tre år yngre, strikka seg både panneband og sveitteband.

På ungdomsskulen heldt tragediene fram. Eg hadde ei fantastisk dame i handarbeid (velsigne henne!), men sjølv ikkje tryllestøvet hennar gjorde meg til ein strikkar. Då vi skulle lage eit avsluttande prosjekt i strikk, kika ho på meg og sa: "Du skal få brodere du, Tove." Paradokset er at eg elskar alt i ull, og skulle gjerne ha strikka både gensarar, lestar, pulsvarmarar, huer, hanskar, ullbukser til ungane og slumretepper til vinterkveldar i sofaen. Eg har sett på strikking som kultur og alltid beundra dei som har vore bærarar av denne tradisjonen.

Så kom altså eldste sonen min ein dag og sa: "Mamma, kvifor er det berre bestemødre som strikkar? Du er ei mor, og alle mødre burde strikke!". Må berre innrømme at det stakk litt å høyre dette. Sjølv om eg ikkje har strikka, så har eg alltid sett på meg sjølv som ein kulturbærar. Eg diskar ofte opp med heimelaga kjøtkaker i brun saus, meiner ungane har godt av å ete fisk, syng godnattsongar som bestemora mi song til meg og meiner oppriktig at ein tur i skogen kan gi betre underhaldning enn Cartoon Network - berre for å nemne noko.

Men no har eg altså teke pinnane fatt, og er igong med mine fyrste pulsvarmarar! Ida heldt på å besvime då ho såg meg kome ut frå strikkebutikken med pinnar og tråd. Endeleg skulle mora deira verte ein strikkar! I går kveld sette eg meg ned og la opp 60 mauskar i petrolfarga alpakkaull, og så får vi sjå kva det vert til. Intensjonen er som sagt pulsvarmarar. Det kjem sikkert til å gå tregt, eg kjem sikkert til å miste mauskar og strikke altfor stramt - MEN EG STRIKKAR! Det er nok til at eg rettar ryggen og gler meg til å kunne fortelje omverda at eg endeleg har vorte ein ekte kulturbærar!

001

Det du ser på biletet over er byrjinga på mitt siste prosjekt, ein Thermis. Eg kan ikkje love "sjå kor langt eg har komt meg"-bileter i morgon, og "jammen er eg ferdig, gitt"-bileter dagen etter det igjen. Her tek vi ein maske i gongen! 

 004

Eg synest det er like artig å ta bileter av tråd og pinnar i artig leik! Huff og huff, korleis skal dette gå... Det er ikkje anna å gjere enn å hive seg rundt og byrje!

(PS! Du lurer vel kanskje på om ikkje eg skal kome med ein statusrapport på dei berykta pulsvarmarane som eg byrja på for eitt år sidan??? Det får du ikkje...., kremt, hm, hm - kjenner eg rødmar av skam her eg sit...)

lørdag 24. januar 2009

Små duppedittar og interiørfavorittar

Eg har vorte utfordra av Linda til å vise fram nokre av mine interiørfavorittar! Noko er nytt og noko er gamalt - alt har stor verdi for meg!

055

Brødboksa mi og den nostalgiske muggen med desilitermål er blant favorittane mine på kjøkkenet...

091

..., men eg er like glad i dei gamle Norgesglasa som vi fann i eit gamalt skap i kjellaren. Praktiske oppbevaring og fint interiørinnslag på kjøkkenbenken!

044

Desse kleklypene vann eg i trøstepremie på Bodil sin blogg, Morse Farm. Dei har kome heile vegen frå Vermont, USA, og ventar på å få kome ut i varme vårvindar og leike med dei nyvaska kleda mine!

022

Denne fantastiske og originale spegelen har eg fått med mi gode venninne Anne Mette. Den er laga av kunsthandverkar Ingun Dahlin på Heimdal. Då me gifta oss for ni år sidan, fekk vi eit fat i akkurat same stil. Dei har av ymse grunnar betydd svært mykje for meg.  Kjekt å ha noko som ikkje alle andre har! Sjekk Ingun sin flotte kunst på heimesida hennar!

017

Denne piknikkboksa stod på loftet då vi tok over huset. Når du opnar den opp er der fleire små rom og etasjar som kan løftast opp. Denne er eg utruleg glad i og veldig redd for! "Tante"Karen har smurt mykje god niste i denne!

016

Eg er så utruleg heldig at eg har fått nokre delar av dette skjønne serviset med farmora mi. Det heiter "Gul Vinkel " og er produsert på Egersund "Fayance Fabrik".

013

Alle produkta er handmala. Denne tekanna har så flott form! I tillegg til desse delane har eg eit kvadratisk fat og eit fat som er inndelt i tre rom. Dette er sanneleg ein eignelut - tusen takk, farmor!

004

Ein leselampe på stova! Hadde sikla på den lenge, og ein gong i haust ropte den så høgt til meg at eg berre MÅTTE kjøpe den!

011

Te smakar aldri så godt som når eg drikk den av Rolf Vatn sine keramikk-koppar!

051 

Alle desse koppane, staupa og fata bruker eg så ofte eg kan!

047

Mange av mine favorittar handlar eg på denne butikken i Ålesund...

Eg kunne ha vist fram mykje meir, men det får halde for denne gong! Utfordringa sender eg vidare til alle som har lyst på den!

021  026 

Desse herlege anemonene får gleda av å avslutte dette innelgget! Kunne ikkje gå forbi slik ei fryd på blomsterbutikken i dag!

  032033

God laurdagskveld til alle!

fredag 23. januar 2009

Februarkveld og utfordring!

Neida, eg har ikkje tatt feil av kalendaren! Eg har berre fått ei utfordring frå Line. Den er som følgjer:

Gå til foto/mapper i arkivet på datamaskina.

Ta ut den 6. mappeaog deretter det 6. biletet i denne mappa.

Legg biletet på bloggen og skriv noko om biletet.

Inviter 6 nye til å bli med på denne utfordringa.

Link til dei og gi dei beskjed om at dei  er utfordra.

Her er mitt bidrag til denne artige utfordringa:

  006

Litt av eit samantreff at Line sitt bilete også var eit ferjebilete!  Historia bak dette biletet er faktisk historisk! Ferje i bakgrunnen måtte i februar 2008 finne seg i å verte nedlagd til fordel for Eiksundsambandet, verdens djupaste undersjøiske vegtunnel. Det var vemodig å tenkje på at ferja, som har trafikkert frå heimbygda mi, ikkje skulle vere der meir. No var det slutt på den godmodige brumminga idet ho la til kai. Ferja skapte liv og røre i bygda, særskilt på fineversdagar vinterstid, når øyfolket skulle heim etter å ha nytta seg av det flotte skianlegget i kommunen vår.

Eg og ungane måtte ha oss ei lita avskjedsstund med ferja, og dette biletet er teke kvelden før opninga av sambandet og nedlegginga av ferja. Vi tok med oss god niste (sjokoladekjeks og kaffi!) og sette oss i fjøresteinane for å  få med oss dei siste historiske turane. Det var ein kald og forblåst avskjed, men ein kveld ungane aldri gløymer.

Utfordinga sender eg vidare til alle som kikar innom meg!

torsdag 22. januar 2009

...om å kaste perler for svin

(utan samanlikning for øvrig.... det med svinet, altså....!)

Dette er ei kort, lita forteljing om kva som kan skje når luksus hamnar i feil hender eller på feil finger...

016

Desse lubne og gode hendene var ute på røvar tokt i går. Vi stulla ilag på badet: eg travelt oppteken med å legge på plass haugar med reine kle, og lissjesnuppa tusla rundt og leika seg med storebror sine bilar. Trudde eg. Eg burde ha lært at det er  fare på ferde når det plutseleg vert heilt stille. Når eg ikkje lenger høyrer dei små tøflene tasle seg over golvet, og den gode pludringa - då bør varselslampane lyse. Til slutt lyste dei. Kraftig. Men for seint. Der, på badet, stod lissjesnuppa med den dyre, eksklusive og "kun til bestebruk"-foundationen som eg hadde spesialbestilt frå USA. Kor mykje den kosta er framleis ei godt bevart hemmelegheit....  Ho hadde på mirakuløst vis klartra opp på benken, kome seg inn i skapet, tatt ut den eksklusive kremfoundationen, klatra ned igjen, skrudd av lokket og trykt ut alt innhaldet. ALT.

Og kva hadde ho gjort med det? Noko hadde ho smurt utover  golvet, noko på kleda og noko på skapdørene. Då eg kom inn stod ho gledesstrålande og "mala" siste rest utover eine veggen. Badet såg ikkje ut. Ikkje ungen heller, for den saks skuld. Ho var tydeleg kry over meisterverket, men det einaste eg såg var verdens dyraste foundation smurt på alle smørbare flater på heile badet... Då eg i fortvilt raseri (godt skjult for lissjesnuppa, sjølvsagt..) sette meg ned med dorullen for å tørke vekk dei dyre dråpane, kom dei gode, lubne, skitne hendene og gav meg ein god klem. Så la ho hovudet på skakke, kika på meg med eit bedårande smil om munnen - og hasta vidare til neste gjeremål.

Eg sat åleine att på badet, med tilfeldig plassert foundation litt her og der i andletet. Ein rask kik i spegelen fortalde meg at dama på den sprakande telefonlinja frå USA hadde heilt rett: dette var sikkert den ultimate fargen for mi hud. For ikkje å snakke om kor godt den passa til gardinene....!!!!

Det høyrer forresten med til "perler for svin"-historia at eg klarte å miste tante Mimmi-ringen i går.... Eg var vara for ordførar på ei offisiell opning i nabokommunen, og hadde sjølvsagt tatt på meg ringen. På veg ut døra, rett før snorklipping og fanfarer - datt den lekre porselensbiten av ringen og rett ned i rista utanfor døra. Snora vart klipt og fanfaren var flott, men eg sat der ringlaus og trist... No set eg min lit til at dyktige folk klarer å løfte av ristene og berge ringen. Typsik sjølvsagt at den hamnar ein slik plass når den fyrst skal dette av.....

Så i morgon reiser eg på jobb utan foundation og utan ring. Det blir nok helg likevel....

 

onsdag 21. januar 2009

We have a winner!

I kveld har eg hatt høgtidleg trekking av gåvene på jubileumsinnlegget mitt! Det var mange kommentarar å skrive ut og mange lappar som skulle klippast og brettast - her skulle det gjerast skikkeleg!

019

Totalt var det 77 kommentarar på innlegget, og det er berre heilt utruleg! Mange av mine trufaste hadde lagt att kommentar, men eg er òg særs glad for at mange nye bloggarar har kika innom og at mange av mine gode vener utan blogg har teke seg bryet (hi, hi) med å kommentere.

036

Før eg avslører vinnaren vil eg få lov til å takke for alle dei nydlege, rosande og rørande tilbakemeldingane eg fekk på jubileumsinnlegget! Eg rødmar nesten her eg sit! Eg svever på skyer enno...... - TUSEN TAKK!!!

023

Tru det eller ei, men mi gode venninne Laila var den fyrste som vart trekt opp av bunken. Husbonden kan stadfeste at trekkinga har gått rett føre seg, så her er det ikkje snakk om tilpassa loddtrekking! Laila skal få boka "I mellomrommet" - GRATULERER, KJÆRE DU! No er det berre å sveive igong vaffelhjarnet og invitere meg på beøsk!

022

Ei av mine store inspirasjonskjelder her i Blogglandia, er den neste heldige vinnaren. Ho får tilsendt "Vente Blinke" i posten. Blir spennande å høyre kor du taklar å lese ei heil bok på nynorsk...  GRATULERER SÅ MYKJE, KJÆRE TORUNN!

Då er jubileumet overstått, og eg er godt i gong med eit nytt år. Det kjem garantert fleire blogginnlegg frå denne kanten!

No ynskjer eg alle ein strålande morgondag! Eg og frøken midtimellom skal til næraste storby på augesjekk, og så tenkjer eg det vert nokre butikkrunder i tillegg... Ida er forresten ei alle tiders shoppingvenninne. Ho likar same butikkane som meg, og eg høyrer stadig uttrykk som "Åhhh mamma, dinna va nydelig!" eller "He du sett noke so vakkert, mamma???". Trur nok vi får ein fin dag i morgon, ja......

tirsdag 20. januar 2009

Ta den ring...

Ein strålande liten pakke venta på meg i posten i dag. Eg hadde bestilt ein ring frå tante Mimmi sin nettbutikk og forventningane var store då eg opna den vesle konvolutten.

018

Ei personleg og varm helsing....

020

Ein spesialsydd pose med motiv som passar til ringen...

022

Eit gamalt porselensfat har vorte trylla til ein vakker ring.

023

Eg vil tru motivet er kjent for mange?

028

Ingen blomar er vakre nok som statistar for denne ringen.

030

Tante Mimmi sin nettbutikk finn du her, og er så absolutt verdt eit besøk! Det er vanskeleg å forlate den sida utan å ha kjøpt ein ring!

blogg-koppp_001

(bilete frå tante Mimmi sin nettbutikk)

Det er stor aktivitet i verkstaden til Mimmi for tida. Trur ikkje denne dama vert arbeidslaus med det fyrste...

Tusen takk, tante Mimmi, for å fylle kvardagen min med farge og nostalgi!