onsdag 21. januar 2009

We have a winner!

I kveld har eg hatt høgtidleg trekking av gåvene på jubileumsinnlegget mitt! Det var mange kommentarar å skrive ut og mange lappar som skulle klippast og brettast - her skulle det gjerast skikkeleg!

019

Totalt var det 77 kommentarar på innlegget, og det er berre heilt utruleg! Mange av mine trufaste hadde lagt att kommentar, men eg er òg særs glad for at mange nye bloggarar har kika innom og at mange av mine gode vener utan blogg har teke seg bryet (hi, hi) med å kommentere.

036

Før eg avslører vinnaren vil eg få lov til å takke for alle dei nydlege, rosande og rørande tilbakemeldingane eg fekk på jubileumsinnlegget! Eg rødmar nesten her eg sit! Eg svever på skyer enno...... - TUSEN TAKK!!!

023

Tru det eller ei, men mi gode venninne Laila var den fyrste som vart trekt opp av bunken. Husbonden kan stadfeste at trekkinga har gått rett føre seg, så her er det ikkje snakk om tilpassa loddtrekking! Laila skal få boka "I mellomrommet" - GRATULERER, KJÆRE DU! No er det berre å sveive igong vaffelhjarnet og invitere meg på beøsk!

022

Ei av mine store inspirasjonskjelder her i Blogglandia, er den neste heldige vinnaren. Ho får tilsendt "Vente Blinke" i posten. Blir spennande å høyre kor du taklar å lese ei heil bok på nynorsk...  GRATULERER SÅ MYKJE, KJÆRE TORUNN!

Då er jubileumet overstått, og eg er godt i gong med eit nytt år. Det kjem garantert fleire blogginnlegg frå denne kanten!

No ynskjer eg alle ein strålande morgondag! Eg og frøken midtimellom skal til næraste storby på augesjekk, og så tenkjer eg det vert nokre butikkrunder i tillegg... Ida er forresten ei alle tiders shoppingvenninne. Ho likar same butikkane som meg, og eg høyrer stadig uttrykk som "Åhhh mamma, dinna va nydelig!" eller "He du sett noke so vakkert, mamma???". Trur nok vi får ein fin dag i morgon, ja......

15 kommentarer:

  1. Hei og hopp, her kjem Laila i full galopp. Du og du Tove, no vart eg både overraska og glad. Tenk at eg skulle vere så heldig å bli trekt ut av den store haugen med lappar. Eg smiler godt her eg sit. Forresten, så er Maj Britt her på besøk. Vi sit og surfar innom alle moglege bloggar. Eg trur vi har ein jobb å gjere ut i Selje, for her har vi nok ein kandidat til ei ny bloggvenninne. Og du, vafler skal det bli, på ekte CowboyLaila-vis. Nei og nei kor glad eg er no!!! Natta vennen.

    SvarSlett
  2. Nåja, gled deg no ikkje for tidleg på vafler...har ikkje vore rare serveringa her i kveld!
    Men det er no ikkje så nøye, for vi har andre ting å styre med enn å ete,he-he.
    Kan bekrefte at Laila vart hoppande glad for premien:-)
    I morga skal eg operere ut siste visdommen min...Men neste gong eg kjem oppover må vi no sjå om vi kan treffast.
    Men denne blogginga, den er nok ikkje for meg nei. Så der har dokke ein STOR jobb å gjere der ja.
    God natt, og ha ei fortsatt fin veke.
    Klem frå meg

    SvarSlett
  3. Sier ett stort grattis til dei to glade vinnarane.
    Så får vi si bedre lykke til oss andre neste gang.

    Det var jammen litt av en haug med kommentarar.
    Visst er det morsomt når man får mange besökere.

    Så får eg önske dere ein flott tur til Ålesund. Regner med at det er dit dere skal. Vil du vera så snill å hilse til byen fra meg.
    Lover å komme oppover så snarast rå er.
    Må inrömme at eg ikkje er flink på nynorsk i det heletatt....
    Må kanskje bynne å lese litt nynorsk og.
    Bur jo i bokmålland.
    Ha nå en flott dag Tove.
    Klems Synne.

    SvarSlett
  4. Så morro at du har hatt trekning....måtte le da æ leste om shoppingveninna di....sikkert moro med døtre som liker å shoppe...her ska æ te byen med jr, å besøke storebror før han drar ut offshore i morra....å han lika ikke å å gå i butikka me mora.....

    SvarSlett
  5. Gratulerer så masse til de to heldige vinnerne:O=)

    Kos dere masse i byen med øye sjekk og ikke minst butikk runder=)

    Klem Kerstin

    SvarSlett
  6. Gratulerer til de heldige vinnerne! Og kos deg messe med snuppa på by tur! Jeg skal gjøre om en butikk, gå på svæmme trening og lese ferdig ei skolebok før kvelden er omme :) Klem

    SvarSlett
  7. Hei,
    Det ligger en utmerkelse og venter på deg på bloggen vår..

    SvarSlett
  8. HVA??? VANT JEG??
    Det er jo heelt utrolig! Jeg pleier jo bare å bli den heldige vinner når det skal velges kontaktforelder, styremedlem eller noe såntt jeg...hehe..

    Tusen, tusen takk Tove!
    Og du, jeg skal nok takle fint å lese bok på nynorsk også jeg! Begynner faktisk å få god trening nå, etter å besøke så mange hyggelige blogger som skriver nynorsk :-)

    Klem

    SvarSlett
  9. Gratulerer til vinnerene. :)
    Og god tur til deg og min navnesøster. ;)))

    SvarSlett
  10. Gratulerer så mykje til dei to heldige og verdige vinnarane!!
    Kos dykk på bytur ;o) Vi får vel kanskje eit lite referat??

    SvarSlett
  11. Så gøy at det var de to som vant!! Håper dere har fått kost dere med handling, selv er jeg hjemme med syk liten gutt..Klem fra Anette

    SvarSlett
  12. Gratulerer så mye med ett års jubileet som var. Jeg kommer etter om en drøy måned;)

    Takk for alt du deler gjennom bloggen. Vakre bilder og ord!

    Håper dagene er gode
    Klem

    SvarSlett
  13. -jeg sliter med formatet på bildene på bloggen min...sukk...men nå, til ære for dere bloggvenner, fikk jeg to av bildene Morten Krogvold tok pittelitt større. du får stikke innom og se.
    ha ei fortreffelig helg, og god shopping!

    SvarSlett
  14. ..ho ho..det er vel ikkje den eg kasta fra meg bak nausta på Rjåneset vel??? Den var blytung og skulle egentlig bli lysestake...he..he.. spanande...jeg det har nettopp begynt..det har du rett i....

    SvarSlett
  15. Gratulerer til dei to flotte vinnarane:0)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!