Eg har vorte utfordra av Linda til å vise fram nokre av mine interiørfavorittar! Noko er nytt og noko er gamalt - alt har stor verdi for meg!
Brødboksa mi og den nostalgiske muggen med desilitermål er blant favorittane mine på kjøkkenet...
..., men eg er like glad i dei gamle Norgesglasa som vi fann i eit gamalt skap i kjellaren. Praktiske oppbevaring og fint interiørinnslag på kjøkkenbenken!
Desse kleklypene vann eg i trøstepremie på Bodil sin blogg, Morse Farm. Dei har kome heile vegen frå Vermont, USA, og ventar på å få kome ut i varme vårvindar og leike med dei nyvaska kleda mine!
Denne fantastiske og originale spegelen har eg fått med mi gode venninne Anne Mette. Den er laga av kunsthandverkar Ingun Dahlin på Heimdal. Då me gifta oss for ni år sidan, fekk vi eit fat i akkurat same stil. Dei har av ymse grunnar betydd svært mykje for meg. Kjekt å ha noko som ikkje alle andre har! Sjekk Ingun sin flotte kunst på heimesida hennar!
Denne piknikkboksa stod på loftet då vi tok over huset. Når du opnar den opp er der fleire små rom og etasjar som kan løftast opp. Denne er eg utruleg glad i og veldig redd for! "Tante"Karen har smurt mykje god niste i denne!
Eg er så utruleg heldig at eg har fått nokre delar av dette skjønne serviset med farmora mi. Det heiter "Gul Vinkel " og er produsert på Egersund "Fayance Fabrik".
Alle produkta er handmala. Denne tekanna har så flott form! I tillegg til desse delane har eg eit kvadratisk fat og eit fat som er inndelt i tre rom. Dette er sanneleg ein eignelut - tusen takk, farmor!
Ein leselampe på stova! Hadde sikla på den lenge, og ein gong i haust ropte den så høgt til meg at eg berre MÅTTE kjøpe den!
Te smakar aldri så godt som når eg drikk den av Rolf Vatn sine keramikk-koppar!
Alle desse koppane, staupa og fata bruker eg så ofte eg kan!
Mange av mine favorittar handlar eg på denne butikken i Ålesund...
Eg kunne ha vist fram mykje meir, men det får halde for denne gong! Utfordringa sender eg vidare til alle som har lyst på den!
Desse herlege anemonene får gleda av å avslutte dette innelgget! Kunne ikkje gå forbi slik ei fryd på blomsterbutikken i dag!
God laurdagskveld til alle!
Oj her var det mange flotte ting, likte veldig godt brødboksen og litermålet jeg. Du har satt gress løk i den sant?
SvarSlettVeldig dekorativt.
Nyt kvelden du ogsåO=)
Klemmer Kerstin
Piknik boksen var bra søt, ja...nydelig.
SvarSlettHei!
SvarSlettDu er utruleg kreativ. Alltid kjekt stikke innom til deg. Forstår godt du syns det vart vemodigt når fergå slutta å gå.Men livet skal gå framover seier dei....
Hadde mange fine stunder i barndomen på leir der fergå la til.
Ha ei flotte helg
mvh sig
Tror ikke så mange er "påskemennesker" jeg...gjør som deg, tar inn grener og har noen søte små lysegrøbbe og hvite egg jeg henger opp. Ungenes selvlagde pynt får jo komme frem, men for oss er vel påsken lange skiturer, kvikklunsj og appelsin, strikking og påskekrim! Men de påskeeggene fra Jeanne d'arc var veldig skjønne og kunne godt på ligge på et fat hos meg altså....NÅ er det sengetid for meg! Klem til deg, tove og så mye fin fra hjemmet ditt du viste oss!!
SvarSlettSå mange fine ting du har:) TAkk for titten..go kveld
SvarSlettSå masse flotte ting Tove....!!! La spesielt merke til speilet som er laget av Ingun Dahlin.....Jeg er såp glad i hennes keramikk. har en engel hengeden her ved siden av meg, som hun har laget. Skulle verldig gjerne hatt fler. vet at hun skal ha en utstilling her i Telemark en gang i vår. Den må jeg få med meg. Lørdagsklem fra meg.
SvarSlettHar nett tatt same utfordringa:0)
SvarSlettMine Norgeglas er komt med og, og så må du kike litt ekstra på bildet når du er innom!!
Masse flott du viser fram her, men det speilet var utruleg spesielt...Skulle gjerne eigt noko slikt, ja:0)
Klem
Så mange flotte ting du har hjemme...Sitter og tenker på vilke ting eg har som favoriter.
SvarSlettGår man en runde blir det mange tenker eg.
Likte de der du gjorde med norgesglassa. For ikke å prate om den söte nisteboksen...
Nå önsker eg deg en flott söndag.
Med bra vär og kanske litt sol og.
Her på Digernes er det snöstorm.
De har blåst i natt så huset rista...
Må ut og måke snart og tenker eg. Må bare bli lyst först.
Klems Synne.
Hei Tove, takk for at du tok utfordringen..syntes det var litt kjekt å lage en utfordring selv:o) Her var det mange fine tinf gitt.. Likte spesielt speilet, piknikboksen og all den fine keramikken du har..jeg esleker keramikk og har en del av det hjemme.. Også favoritter:o) Ha en fin-fin søndag! -Linda:o)
SvarSlett