onsdag 28. desember 2011

Livsteikn…

Det vart ei litt annleis jul i år. Vekene før jul var meir hektiske enn eg sette pris på og det vart for lite tid til det meste. Vi kom likevel i mål og såg fram til rolege romjulsdagar. Det vart ikkje heilt slik. Dagmar sine herjingar sette oss ut av spel i fleire dagar. Vi var både straumlause, nettlause og motlause. Fyrst ut på dagen i går, 3. juledag, kom det meste tilbake til normalen. Trøysta er at det er fleire dagar att av jula. Vi har mykje vi framleis skal kose oss med. Papsen skal jobbe litt medan vi andre skal nyte heimelivet litt til.

Jul 2011

I går tok eg og jentene oss ein tur ut. Vi vandra langs strand og fjøre og fann mykje spennande. For meg er dette også julestemning; sjø, bølgeskvulp, spann og spade, ungar som spring langs strandkanten, leik i sanden og skattejakt etter skjell og fine steinar.

Jul 2011-1

I dag skal vi passe tantegull, ete god middag og gå på juletrefest. Medan vi kosar oss som best vi kan, går tankane mine til alle dei som har fått hus, heim og eigedom øydelagde i orkanen. Vi var heldige og slapp unna med småtteri.

Ynskjer alle gode romjulsdagar!

3 kommentarer:

  1. Ja, denne Dagmar gjorde jula noko utriveleg her også.
    Vi får frinne att julefreden og nyte resten av jula.

    SvarSlett
  2. Så godt at Dagmar ikkje gjorde dei store skadane hjå dykk. Men å vere straumlaus er ikkje noko særleg.
    Kjekt med eit livsteikn :-)

    fortsatt God Romjul!

    SvarSlett
  3. Kan ikkje forestille mej korleis det e å vere straumlause over lengre tid, vi fikk tilbake straumen kl. 3 natt til 2. dag, so vi va heldige! Einaste skaden vår va takboksa :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!