søndag 11. desember 2011

Førjulstida er ikkje berre “burde, burde”!

Kakeboksene burde eigentleg har vore full og alle gåvene skulle sikkert ha stått i hemmelegskapet. For ikkje å snakke om all nedvasken eg sikkert burde ha vore ferdig med! Eg kjenner meg litt knebla av alt dette “burde, burde”, men er heilt tilfreds med at det er leeenge til jula er klar her i huset!

IMG_4686 copy

Eg skulle sikkert ha vore oppe tidleg og baka eitt eller anna. I staden for låg vi lenge, alle saman. Og når eg sikkert burde ha vaska kjøkkenskapa mine, gjekk eg i gang med prøvesmaking av årets fyrste julekaffi (kaffien kan du lese meir om her, på matbloggen min).

IMG_4693

Det er ein eigne sjarm med å kjøpe heile bønner. Eigentleg var tanken at eg skulle få dei kverna i butikken, men både eg og den hyggelege mannen bak disken gløymte det! Den herlege kaffilukta når du tek lokket av kaffikverna er rett og slett himmelsk! Det kan hende det burde ha lukta grønsåpe, salmiakk og nyinnplukka gran – men vi lever like godt med lukta av julekaffi!

IMG_4703 copy

Det kan kanskje høyrest ut som om eg ikkje har ofra all juleførebuinga ein einaste tanke, men det har eg altså! Eg har laga lister over alt som skal gjerast, alt som skal bakast og alt som må handlast inn. I tillegg fekk eg starta på julegåvehandelen i går. Eg er med andre ord i rute. Mi eiga rute, vel å merke! Når eg samanliknar meg med fleire av mine medbloggarar er eg sist i juleførebuingsløypa, men det har eg eit heilt avslappa forhold til!

Det blir jul i min heim òg! Må berre nyte litt god kaffi fyrst♥

7 kommentarer:

  1. Eg stiller meg bak deg i køen! Er heilt samd i filosofien. Har forresten kjøpt meg kaffitraktar som mel kaffibønner viss eg vil.

    SvarSlett
  2. he he, nei då. Du er ikkje aleine. Her er det bare delvis litt av fasaden som er klar til jul.... Med det meiner eg adventstake og nokre epler her og der...ja og kalenderen då. Men eg har ikkje ein boks med kaker enno. Me har ein tendens til å eta opp etterkvart. Nei no skal eg ut på juleturne og ha nokre konsertar. Skal på dei nynorske festspela også til sommaren. Ser du kjem frå Ørsta. Sjølvaste nynorskbygdi! Hurra for det. Klem frå Åsne

    SvarSlett
  3. Jeg kjenner at jeg ikke passer helt inn i alle burde og må som hører julen til :) Her er det lite annet enn julestjernene som lyser i vinduene, og adventsstaken som vi så vidt har husket på å tenne som minner om førjulsforberedelser.

    Jeg har innsett at jeg ikke er noen småkakebaker, ei heller noe særlig til småkakespiser, og satser heller på ei god skuffekake eller lignende i jula. Og så er det så mye godt å få kjøpt i små mengder :) Grønnsåpelukt kan man få med litt spray og en klut nå for tida - forresten et likandes produkt med grønnsåpe i sprayform.

    Kaffesmaking før jul, det var en toppen prioritering, etter min smak. Det skal jeg tenke på i kommende uke, kjøpe julekaffe og kose meg. Jobbe meg rundt med spraygrønnsåpe og drikke kaffe og spise ferdigkjøpte pepperkaker. Jeg vet at jeg kan å bake hvis jeg vil - men jeg prioriterer det ikke.

    Jula kommer i år også - jeg skal finne meg en julekonsert å høre, selv om jeg har vært med å spilt to selv, og når juleklokkene ringer julaften blir det jul uansett.

    Ha ei koselig førjulstid!

    Moccamamma :)

    SvarSlett
  4. Det er bare å nyte disse dagene, og legge skulle-burde på hylla. Klem fra meg

    SvarSlett
  5. Eg tenker at jula varer ikkje så lenge og vi skal faktisk ete opp alt det som vi bakar. Eg tek det heilt med ro. Vaskar ikkje ned huset eller sender julekort i år. Kanskje litt håplaus då men...

    SvarSlett
  6. Åååå :) du skriver så fint! Kan formelig kjenne den julekaffeduften i huset deres helt hit!

    Nei, jula er ikke bare burde burde! Man skal nyte den :)

    Klem!

    SvarSlett
  7. Berre innom for å ynskje fortsatt God Jul!
    Vonar alt er bra med dokke!

    klem

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!