fredag 3. juni 2011

Kvifor i alle dagar les folk bloggen min???

Eg har skrive blogg i litt meir enn tre år. Bloggen har utvikla seg, lesartala har vorte høge og mange er kjekke og legg att kommentarar. Antal innlegg per veke har variert mykje, men eg har aldri lete meg stresse av å måtte publisere noko.

IMG_9213

Eg har hatt behov for å få utløp for kreative skriveglede.

Behov for å formidle noko. Engasjere. Røre ved andre sine kjensler.

IMG_9204

Ved å skrive blogg set eg att spor etter meg. Andre kan lese om mine kvardagslege gjeremål og sjå bilete som illustrerer det eg skriv om. Eg har prøvt å ikkje leggje att spor eg ikkje vil andre skal finne. Det har vore viktig for meg å kunne stå for alt eg har skrive. Ingen har vorte avbilda i min blogg utan å ha hatt lyst til det. Eg har kryssa mange sine historier på min veg. Nokre av historiene har eg delt med dykk på bloggen min, andre har eg halde for meg sjølv. Kanskje har dei vore for sterke. Eller for private.

Eg har stor respekt for alle menneska bak alle historiene og ikkje alt skal delast med andre.

IMG_9239

Eg har møtt utruleg mange flotte menneske gjennom bloggen min. Nokre har eg berre maila med, andre har eg vore så heldig å få møte i levande live og andre har eg vorte gode vener med. Bloggen har opna opp dører for meg. Mange spennande prosjekt er i startgropa som eit resultat av bloggen.

IMG_9274

Men kvifor i alle dagar gidd folk å kike innom bloggen min, dag etter dag? Bloggarar har det med å plassere seg sjølve i kategoriar og eg er vel ein typisk kvardagsbloggar. Kvardagsbloggar er visst heilt ut, las eg på ein blogg for litt sidan. Skal eg slutte å skrive av den grunn? Eller skal eg halde fram med mine små tankespinn og mine svært så kvardagslege fotografi av blomar, telys, born, middagsmat og klesvask som heng på snora? Det er vel kanskje måte på kor lenge det er interessant å sjå bilete av den fantastiske utsikta mi og lese om minstesnuppa, frøken midtimellom, eldstemann og husbonden.

IMG_9308

Eg skriv ikkje for andre enn meg sjølv. Eg er eit skrivande menneske som treng ein arena der tankar kan ta form som ord. Eg er ikkje ute etter å ha flest mogleg lesarar, annonsørar i margen eller å ligge på ti på topp-lista. Men eg set stor pris på alle tilbakemeldingar frå folk som har vorte rørt av noko eg har skrive. Eller som finn kvild i eitt av bileta eg har teke. Det er kjekt å verte stoppa på butikken av framande som seier dei har lese bloggen min og at dei finn stor glede av det. Eg har fått e-post frå ein eldre mann som likte så godt at eg skriv på “landsmål” og andre synest det er sjarmerande å lese “dialekt”. Å skrive på nynorsk er sjølvsagt for meg. Ei dame skreiv ein gong i ein kommentar at ho stort sett aldri las det eg skreiv fordi ho ikkje forstod nynorsk. Eg vil likevel halde fram å skrive nynorsk, så får det heller vere at bloggarar ikkje orkar å lese det eg skriv fordi målforma mi er litt for vanskeleg. Som ein kuriositet kan eg nemne at ei “bloggedame” vart kåra som “Årets nynorskbrukar” av Nynorsk kultursentrum i år!

IMG_9304

Bloggen har gitt meg så utruleg mykje. Eg kan berre håpe at bloggen også har gitt noko til andre. Det tek tid å lage eit innlegg og redigere bileta som eg legg ut, men ikkje meir tid enn eg tillet meg. “Kor i alle dagar har du tid til å skrive blogg???”, er noko eg har fått høyre mange gongar. For meg handlar det ikkje om å bruke for mykje tid på det, men meir om rekreasjon og sjelebot. Det gjer godt å skrive og formidle. Det gir meg glede å sjå at det innlegget tek seg fint ut på bloggen. Men sjølv om biletet av stovebordet ser fint ut, er det ofte rot i bakgrunnen som eg vel å ikkje vise fram. Det er ikkje alltid bileta eg tek toler dagens lys fordi hybelkaninene dansar tango og kleshaugane ligg i store stablar rundt om kring i stova. Eg har trass alt ein heilt vanleg heim, sjølv om eg ikkje viser fram den mest rotete sida av kvardagslivet vårt. Det for vere måte på kva ein skal plage folk med, hi, hi!

IMG_9294

Eg har utruleg mange å takke. Fordi dei har gitt meg så gode historier. Fordi dei har inspirert meg til å skrive. Fordi eg har fått lære så mange fantastiske menneske å kjenne.

Men mest av alt må eg takke trekløvert mitt på biletet over og husbonden min ♥. Fordi dei så tolmodig har venta ved middagsbordet fordi mamma berre må ta eit bloggbilete av maten. Fordi dei har venta så tolmodig når mamma har rota rundt i grøfter på jakt etter fine blomar å ta bileta av. Eller når dei har vore nøydde til å vere statistar på dei raraste stadar fordi mamma fekk ein idè til eit godt bloggbilete!

Til trass for at eg ikkje heilt forstår kvifor folk gidd å lese bloggen min, så skal eg halde fram med å blogge ei stund til. Men berre fordi eg vil det!

♥♥♥

Bileta eg viser tok eg då vi var på Hareid i dag. Eldstemann spelte fotballkamp og eg var stolt mamma på sidelinja! Etter kampen tok vi sjølvsagt turen til den fantastiske Overåsanden og leika oss litt!

18 kommentarer:

  1. Jeg har bare hatt den lille bloggen min i noen få måneder, og er litt overrasket at den allerede har over 300 'hits'... Spesielt siden mitt bloggtema er betraktelig snevrere enn ditt! Moro å lese om hverdagslivet ditt, synes jeg - og bra du ikke føler deg presset til å publisere noe. Da opprettholder du skrivegleden som gjør bloggen din artig å lese.

    SvarSlett
  2. Eg les bloggen din fordi du skriv ting slik so dei er. Likar kvardagsblogga, fordi det er jo det som gjer deg til den du er!! Fortsett slek!! :) Goood helg!! Mariann

    SvarSlett
  3. Du skiller deg ut, er ekte og ærlig og har noe å fare med, -derfor kommer jeg igjen! Lykke til videre, det er en glede å besøke deg:-)

    SvarSlett
  4. Flotte bilder frå ein flott stad ;) Les bloggen din nettopp fordi det er ein kvardagsblogg. Så lyt no heller det vere så mykje ut som ein berre vil i bloggeverda. Eg likar det :)

    God helg!

    SvarSlett
  5. At man er inom og les bloggen din er vel ikke noe rart. Som du sier sjöl er det hverdagen som faktiskt er spennende. Mange blogger om ting som er utenom det vanlige og ja det er spennede det og. Men eg liker bloggen din nettopp for at den er hverdagen din.
    Det er kjekt å följe deg, husbonn og ikke minst de koslige barna dine på eventyr hver gang man er inom.
    Sen at du tar så flotte bilder er vel noe helt annet.
    Du må for alt i verlden inte slutte å blogge.
    Ha nå ei flott fredag der du er.
    Her blir det nok litt plenklipping og klesvask. Hverdag så å si.
    Klems Synnöve.

    SvarSlett
  6. Hverdagsblogging er det aller kjekkeste, da dukker det innimellom opp slike herlige innlegg - som dette, for eksempel.

    God helg!

    SvarSlett
  7. Hei!
    Kvardagsblogging kan vere så umoderne det berre vil. Vi treng innimellom ei påminning om å sjå det store i det små. Bloggen din inneheld god tekst saman med vakre bilete og er ein god stad å kome til:-D

    SvarSlett
  8. Takk at du nettopp er ein kvardagsbloggar :-)
    Det må du fortsette med (viss du vil!)

    God helg!

    SvarSlett
  9. Jeg stikker innom deg fordi du skriver om hverdagene, som vi alle har aller flest av - og jeg blir inspirert av å lese om turer i fjøra, matlaging og lekselesing. Når man står midt oppi det selv, så er det ikke alltid man finner gleden i de små tingene, men så leser jeg de fine betraktningene dine, og får litt perspektiv på egne hverdager. Og,ikke minst, tips til aktiviteter :)

    Jeg blogger også mest for egen del, fordi det å skrive ned tankene sine gir perspektiv og glede. Jeg vet jeg ikke er trendy, jeg vet jeg ikke følger alle normer for A4, men det er mitt liv som jeg prøver å gjøre meningsfylt for meg og mine :)

    Litt overraskende oppdaget jeg at jeg koser meg med å lese blogger på nynorsk, og allerede i fjor høst var jeg på nippet til å kontakte Aasentunet fordi jeg synes nynorskblogger er det beste innsalgsstedet for nynorsk skriftspråk jeg har opplevd! Og jeg må innrømme at jeg fra barnsben har vært indoktrinert til å være motvillig :) Derfor ble jeg glad da Den gode feen fikk prisen "Årets nynorskbrukar". Å lese om situasjoner og temaer som berører en på et annet skriftspråk, gjør at det fester seg bedre, og glir lettere ned.

    Så, man kan undre seg over hvorfor vi kikker innom hverandre, men på en måte er det nabokjerringa i meg som får dekket behovet for "kontakt" med andre i samme situasjon gjennom blogging - siden det å gå på kaffebesøk ubedt har blitt veldig uvanlig i våre dager :)

    Ønsker deg ei fin helg!

    Hilsen fra Moccamamma :)

    SvarSlett
  10. Hei :)
    Første gang jeg er inne hos deg.
    Nå har jeg kost meg med innleggene under her, og det er ikke rart de liker seg her.
    Du skriver godt, og har flotte bilder. :)
    Ønsker deg en flott dag. :)

    SvarSlett
  11. Eg les bloggen din fordi du deler, som du sjølv seier, av kvardagen din!

    Kvardagsmenneske med levde liv tiltalar meg mykje meir enn "dagens outfit". Eg kjenner meg veldig igjen i det du skriv og synest du har ein fin balanse mellom det å vere personleg og det å vere privat. Sjølv er eg ikkje like flink til å dele tankar, eg er nok litt for bunden av "kva vil naboen seie?" Eg har også fått mange; "at du vil legge bilde av barnebarnet på nettet" og "at du vil bruke fritida di på noko så resultatlaust", men blogginga gjev meg stor glede. Kjekt å få kontakt med andre bloggerar. Nokre er innom og forsvinn igjen, medan andre stadig legg igjen spor og uttrykker glede over innlegga mine. Nokre få har eg truffe og har som du utvikla gode vennskap som har gjort livet mitt rikare.

    Hos deg finn eg tankar og refleksjonar som rører ved hjarta mitt. Det at du skriv på eit levande nynorsk er for meg eit stort pluss.

    Bloggen din er ein av favorittbloggane mine som eg nok kjem til å følgje vidare framover. :)

    Klem frå Marie

    SvarSlett
  12. Liker veldig godt hverdagsbloggingen din, jeg :) og at du skriver på nynorsk! Håper du fortsetter en stund til :)
    God helg!
    Klem

    SvarSlett
  13. Jeg synes at du skriver på en veldig fengendes måte. Første gangen jeg var innom her var da du hadde skrevet innlegget om de to guttene som satt å snakket om bestefaren til han ene.
    Du klarer å formidle tankene dine på en slik måte at det rører noe ved meg. Blir rett å slett glad av å lese dine ord! Derfor kommer jeg tilbake hit. Og at du skriver på nynorsk gjør det bare enda bedre!

    Ha ein flott laurdag!

    Annette :)

    SvarSlett
  14. Hei Tove eg elsker bloggen din, eg bloggar sjølv å når eg ser bloggen din fristar det meg berre meir til å blogge sjølv, når eg ser din bloggd. Du innspirera meg. - SJURGAREN

    SvarSlett
  15. Grunnen til at folk les bloggen din er at du har akkurat rette haldninga til det å blogge! I tillegg har du ordet i di makt - på nynorsk:)) -og du er estetikar på fleire område. Eg håper du hat lyst til å skrive lenge enno!

    SvarSlett
  16. Hei!

    Eg er innom bloggen din for fyrste gong. Eg syns ikkje det er løye at folk kjem att.

    Det du skriv om kan ein lett kjenna seg att i. Det å lesa at andre sin kvar dag kan vera travel, rot i huset, hybelkanina so hoppe rundt, fine bilete- you name it! Det tiltalar folk. Vil ein sjå tynne jenter, mote og skandalar- ja, då kan ein jo kjøpa se og hør i staden.. ;)

    At du skriv på nynorsk syns eg er kjekt. Eg gjer og det. Om folk ikkje skjønar kva me skriv, so får de lesa andre blogga. Me treng ikkje å endra oss. Då blir da jo ikkje "me" so skriv..kvifor skal alle vera like..?

    Fortset å skriv- so lenge da gjer deg glede :)

    Mange mynorske klemma frå Christine

    SvarSlett
  17. Kvifor les eg bloggen din?
    -fordi du skriv levande om livet ditt!
    -fordi du stoppar opp ved små detaljar og slik utfordrar meg til å stoppe opp i mitt liv
    -fordi du skriv eit levande nynorsk, du skriv frå bygda, du skriv om eit liv eg har velt bort med å bu i by...
    -fordi du tør ¨å meine ting.

    Kirsti

    SvarSlett
  18. Ford arbeidsstasjon bringer kontoret til bilen din , noe som gjør det lettere å drive forretning i Houston enn noensinne. Spør Houston Ford -forhandleren om de tilgjengelige alternativene.rn   rnMed en in- dash datamaskin i Ford pickup eller van , kjører du rundt Texas uten å måtte tilbake spore til kontoret i Houston å fylle ut et skjema eller sende inn en arbeidsordre . Bare pålogging til maskinen din fra Ford og sjekke e -post , fyll ut regneark og logginformasjonen. Din Ford forhandler Houston kan diskutere videre med deg fordeler av Ford arbeidsstasjon.

    [url=http://motoreviewnow.info/sandberg-volvo/]Sandberg Volvo[/url]

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!