mandag 27. oktober 2008

Litt av ein formiddag!!!

I dag skal eg seie deg det har gått unna! Før klokka var 11 hadde eg allereie fått utretta all verdens viktige gjeremål, høyr berre her:

  • stabla heile familien på beina med påkledning og  frukost
  • husbonden køyrde ungane på skule og barnehage så eg fekk vere på jobb kl. halv åtte og førebu vekeplan
  • har vore på årsstegsmøte
  • fått med meg Flamenco-show i lag med elevane mine
  • handla inn til veka
  • vore på låven og saga ved, for så å kløyve den(måtte fyre opp, må vite!)
  • sett på vaskemaskin, tørketrommel og oppvaskmaskin
  • gått tur med hunden

(det høyrer forresten med til historia at eg klarte å velte tekoppen midt i muffinsane sin foto shoot... Det heilt katastrofale skjedde då eg måtte springe på kjøkkenet for å hente noko å tørke med. Då snubla eg i ledninga på laddaren og det var berre flaks som gjorde at maskina ikkje datt i golvet....Eg tørka febrilsk både utanpå maskina og på tastaturet, og det ser heldigvis ut til å ha gått bra! Husbonden må sjølvsagt IKKJE få vite noko om denne hendinga....)

ALT dette før klokka hadde passert 11! Etter ein så hektisk start på dagen må ein sjølvsagt roe heilt ned.

022

Det må vere stearinlys på bordet....

025

...mandarin-te i favorittkoppen....

026

...og juleblad som lesestoff og inspirasjonskjelde. I dag tidleg var det snø nesten heilt ned i tunet, så det er ikkje rart at julekjensla sakte, men sikkert melder seg...

028 029

Og med desse to karane tett ved mi side, er det duka for litt formiddagskos i heimen.

...men berre for ei lita stund... For alle kleda skal leggast ihop, nye skal setjast på, oppvaskmaskina skal tømast, golva skal støvsugast, ungane hentast og middag skal lagast. Det manglar ikkje på arbeid, nei!

20 kommentarer:

  1. Hjelpe meg. Kjenner eg ver andpusten berre av å lese om starten på dagen din:) Godt du har tatt deg tid til ein pust i bakken før neste runde;)

    Eg har unna meg ein dag heime frå jobb. Formen er absolutt ikkje på topp, og no har eg kapitulert i godstolen med te, lesestoff og pc`n, og her blir eg til det er tid for å hente ungane......

    Ha ei fortsatt god dag:0)
    Klem:)

    SvarSlett
  2. Eg vert nesten heilt sveitt av å lese alt du har fått utretta i dag!!
    Skal seie at du står på, på alle arena:) Flinke Tove! Her sit eg framfor skjermen...hadde så mykje på lista mi i dag, men vert visst berre med tanken det meste...
    I dag er moroa slutt, eg snakkar om mammapermisjonen. I kveld berst det laust, godt rusta med piggdekk på bilen, ut av den trygge gode Bjørdalen som i dag er kvit av årets første snøfall, heilt ned til vik på NATTEVAKT!
    Skrekk og gru på mange måtar, men også eit bittelite (knapt merkbart) snev av glede over å vere tilbake på jobb. Det vert sjølvsagt kjekt å treffe kollegaane og pasientane igjen, men aller helst kunne eg tenke meg å vere heime eit par år til...

    Kos deg med te og juleblad du Tove, eg kosar meg med alle dei koselege bloggane her inne, deriblant din:)

    Eg har ei utmerking til deg på bloggen min forresten, tett før eg gløymde å skrive det!

    SvarSlett
  3. Jeg er imponert jeg - snakk om å få ting unna....

    Kos deg med juleblad og annet lesestoff - ha en flott dag!

    Klem:o)

    SvarSlett
  4. Åjåjåj hektisk!! Kor du fe tida til alt!:)
    Koselig blogg du he her!!

    SvarSlett
  5. Å guri malla her går det unna gitt!!!!!

    Har glemt det hver gang jeg har vært innom deg men nå husker jeg det: så utrolig fin bakgrunn du har fått deg :o)
    Yndlingskoppen din likte jeg også!Den var skikkelig "GOD" :O)

    Ønsker deg en fin mandag Tove!
    Klem

    SvarSlett
  6. hehe....skulle tru du hadde skrive om ein morgon her i huset,,,,no slepp eg heldigvis å tenke på veden...varmepumpa er det mest fantastiske som har kome i hus, lunt og deilig.
    Eg har byrja på dei 4 ferievekene, så i dag slepp eg mandagsjobbing. Den 24 november er det og slutt for min del med gode dagar i heimen dessverre.......kjenner litt vedmod over det heile. Skulle ønske økonomien tilsa eitt år til med permisjon, men det er nok berre å brette opp ermene og begynne på motiveringa. Noko eg ikkje heilt skjønar er kvar tida blir av???? Kjent fenomen for oss alle!
    Ønskjer deg ein super måndag Tove, no ventar støvsugar og mopp etter eit par timar med deilig kaffeslaberas med venninner.

    SvarSlett
  7. Det hørtes velkjent ut du! tenk om allemannfolk hadde mått lese våre "lister" over hva vi fakstik utfører i løpet av en dag. Fikk en sånn moromail fra en venne forleden, hvor ALT vi mødre gjør stod oppramset. Også mannfolkene: Stå opp, gå på jobb, spise midag, se på tv - sove. Hmmm.. enkelt og greit! Godt du ikke skdet deg veldig, og kanskje ikke minst maskina. For da fikk vi ikke kost oss med blogginga di! Her er det 9 g og SUR vind, men vi klager ikke
    :0 Ønsker deg en fortsatt god dag

    SvarSlett
  8. OJ:) Der i heimen går det unna forstår eg:) Godt med alt som er gjort:) For en nydeleg hund dokke har.Den skulle eg gjerne hatt en "Kopi" av:)) Nyt dagen og juleblada - gått til innkjøp av nokre eg og.
    klem Lill

    SvarSlett
  9. Phuu, eg er heilt andpusten berre av å lese meg gjennom innlegget, eg...
    Men sånn er det jo enkelte dagar, og då er det jo godt å kunne setje seg ned med ein god tekopp og litt julelektyre:0)
    Godt det gjekk vel med både deg og maskina da, og vi her inne skal sjølvagt ikkje aldre til mannen, hi hi...
    Muffinsane i innlegget under var berre heilskjønne, og så kjekt at Johan fekk sin eigen "spesielle" og!!
    Ynskjer deg ein avslappande mandagskveld, klem
    Ps! HAr ikkje gløymt utfordringa di, den kjem snart...

    SvarSlett
  10. Tusen takk !!
    Kanskje et var en ide...bilder til blader.
    Har ikke kommet på det, men vet du om noe om dette ? Håper du gjør det.

    Så efektiv du er....ikke så mye av det i kveld. Men kanskje i morra :)
    Klem

    SvarSlett
  11. Det er travle dager ja, men alt det du har fått utrettet på en skarve formiddag må jeg si imponerer meg. Da kan du sannelig roe ned med lys og te når kvelden siger på. Kos deg. Alltid koselig å høre fra deg ;-)

    Marit

    SvarSlett
  12. Dine innlegg pleier jeg å bruke som meditasjon,Tove....i dag høres du ut som meg...

    SvarSlett
  13. Hallo frue!
    Ligg noko til deg på bloggen min.
    Klem:)

    SvarSlett
  14. Gjør vel allurat det samme jeg som deg, men kjente faktisk at jeg ble slitenbare av å lese regla over her :-) men du vet, vi gjør det jo litt av morskjærlighet også da .-)

    Fn fin dag til deg.

    SvarSlett
  15. Det ække mulig å sende litt energi og tiltakslyst hit vel??????

    :-)

    SvarSlett
  16. Å du slette tid! Skal seie du er effektiv! Det såg forresten inderleg koseleg ut med tekopp og juleblad...

    Ha ein herleg tysdag!

    SvarSlett
  17. Håper denne morgenen har gått litt roligere for seg :o)

    Klem

    SvarSlett
  18. Du er jammen effektiv, må eg seie. Lyt prøve å kopiere effektiviteten din i dag. skal ha kjlubb i kveld, å då må her være presentabelt...

    Flott stykke du hadde i Møre Nytt i dag. Det er kjempeviktig å sette fokus på refleksbruk no i hausmørket, eg slit med dei to eldste borna mine, dei synest at refleks er barnsleg, men her i huset er refleksvest alternativet for dei som ikkje brukar refleks, så då vert valet enkelt for desse to tenåringane mine

    SvarSlett
  19. Får nesten vond samvittighet når jeg setter meg med pc og jeg leser hvor effektiv du er, trøste og bære!!
    At jeg skulle gå inn på akuratt din blogg(hahaha) idet jeg tar 5min pause fra vaskebøtta var ren tilfeldighet.
    Men det får meg raskt tilbake, så takk for det!
    Ha en flott dag.

    SvarSlett
  20. Oi - skal si du er flittig og effektiv !!
    Ikke så kjekt å nesten ødelegge pc `en da - men godt det gikk bra likevel ! :)

    Søte to små karer du hadde der til å holde deg med selskap da ! :)

    ha en fin kveld videre - og stikk innom bloggen min - har noe til deg der nemlig ! ;)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!