Av og til må ein stoppe opp og gå nokre runder med seg sjølv. Vurdere. Tenkje. Finne ut av kva ein eigentleg har lyst til. Eg har gått nokre slike runder siste vekene.
Medan eg har stressa rundt frå gjeremål til gjeremål, så har noko forsvunne.
Tid.
Tida mi ilag med dei som betyr alle mest for meg har forsvunne.
Ei strofe frå Kurt Foss og Reidar Bøe sin song smaug seg frå radioen og inn i øyret mitt medan eg var på badet laurdagsmorgonen. Bettan song den så vakkert som eg aldri har høyrt det før:
"...når du aldri unner deg rast eller ro, kan ingenting vokse og intet gro."
Som lyn frå klar himmel gjekk det opp for meg; eg må prioritere. Det kan ikkje lenger vere slik at jobb, politikk og mine eigne fritidssyslar skal ha fyrsteprioritet. Eg har framleis mykje energi på lager, men eg trur det er rett å økonomisere bruken av den.
Siste tida har det stort sett vore pappa som har fått tørke tårer og vaske små barnekinn. Ungnane har fått kose seg i lag med pappa, og det er verdfull tid. Men eg trur tida vert endå meir verdfull om mamma òg er meir inne i biletet!
Minstesnuppa har vorte byssa til søvn av sterke pappahender, og storesyskena har fått hjelp til eitt og hitt av ein pappa som har all tolmod i verda.
Eg vil også vere med. Eg vil også ha meir tid til latter og leik, og ikkje berre kome heim i tide til å så vidt seie god natt.
Det ei bølge tek med seg inn til land, tek ei anna bølge med seg tilbake til havet.
Difor vil eg ta meg meir tid til å vere meir heime, slik at eg kan vere der for alle dei små tinga. For alle gullkorn og for alle gode stunder.
Eg har alltid vore engasjert i lokalsamfunnet, og meiner framleis at engasjement er ein av dei viktigaste eigenskapane eg kan formidle vidare til ungane mine. Det å bry seg om at andre også skal ha det bra, og å kunne vere med på å forme eiga framtid er noko eg vil ungane mine skal ha med seg på livsvegen.
Som ein sår, skal ein hauste. Nettopp derfor er det viktig å vise ungane at mamma har engasjement, men like viktig at mamma viser at tida mi ilag med dei er aller viktigast!
Det er for seint å nyte blomane når sesongen er over og blada har visna. Eg er flink til å verkeleg vere ilag med ungane mine når vi er ilag, no vil eg berre ha meir av det! Ikkje ein einaste av blomane skal bløme utan at eg ser det og får nyte det!
Vi er kanskje litt rare i vår familie. På varme, fine sommarsdagar kosar vi oss heime med plaskebasseng, leik og berre tid til å vere i lag. Men når når den svalande kveldssola er i ferd med å gå ned, og alle badegjestane forlet badestranda - då kjem vi! Det er så deilig å ha stranda for seg sjølv! Ungane får leike og springe, vi et medbragt kveldsmat før vi tuslar oss heim og puttar trøtte ungar til køys. Slike kveldar er gir gode minner.
Av og til har eg det berre så travelt. Altfor travelt. Det er så vidt eg rekk heim frå jobb for å skifte til andre kle før eit nytt møte, om eg i det heile tatt rekk å reise heim.
"Du skal ikke jage I hvileløs ring..."
No skal eg ta meg betre tid til å dyrke deg eg har heime.
"Gå inn i din stue, hvor liten den er
så rommer den noe ditt hjerte har kjær..."
Eg skal framleis vere aktiv i politikken og gjere det eg har forplikta meg til, eg skal framleis gå på jobb kvar dag og bruke kveldar på retting og førebuing - men eg må kutte ut mykje av det eg har gjort berre for meg. I allefall for ei lita stund. Eg har vorte flink til å seie nei, og det er like befriande kvar gong. For kvar gong eg seier NEI, seier eg JA til meir tid ilag med borna mine og mannen min!
Det er kanskje å vere litt gjerrig på tida si, men er ikkje det litt lurt då? Mor mi minner meg stadig på at desse viktige barneåra aldri kjem att. Og ho har heilt rett.
Eg trur der er mange slike som meg rundt omkring. Som stiller opp kvar gong nokon spør, som yt sitt beste - både heime, på jobb og i fritidsaktivitetar.
Eg har tenkt å vere ein slik person lenge! Men då er det nok fornuftig å av og til ta seg ei kunstpause og prioritere og finne ein fornuftig balansegang mellom det ein må, det ein bør og det ein kan droppe!
Dette biletet tok eg i går kveld. Då stod eg og ungane i lag på altanen og såg sola gå ned. Vi var heilt stille. Trykte oss tett i hop og verna kvarandre mot den kalde vinden. Eg skulle ha vore på kor, men dette var viktigare. Det forstår du sikkert???
No skal eg unne meg rast og ro - og bruke tida mi på dei nære ting.
"Den lykken du søker bak blånende fjell
kan hende du alltid har eiet den selv
Du skal ikke jage I hvileløs ring
men lær deg å elske de nære ting."
Så sant Tove - og så fint skreve.
SvarSlettEg har også vert den som sa JA støtt og stadig.
men dei siste åra har eg også funnet ut at TIDEN er min og det er EG som vil bestemme over den,
så etterkvart som verva går ut- fornya eg dei ikkje,
noen vart vel ikkje så fornøyd - men mann og unger jubler
og eg sammen med dei ;)
Nattaklemma fra monika
Kor fint du har skrive. Verkelg ord som er til ettertanke i dette travle samfunnet som vi er ein del av.
SvarSlettDet er så viktig å vere der for dei som vi er glade i, godt å vere saman om kvardagslege opplevingar og ting som ein kanskje tek litt for gitt.
klem
Eg er heilt enig med deg Tove. Og du skriv så fint om tankane dine. Tårene pressar på:) Nyt tida ilag med dei nydeleige borna dine og den huslege mannen din. Er det noko som går fort og gjerne forbi oss så er det nettopp tida. Eg kjenner det på same måten. Varm klem Laila
SvarSlettHer kjenne ej mej godt igjen Tove. Nydelig skreve, kjenne dinna låke følelsen av å miste tid med ungane...det e tid me aldri fe igjen, og de e sårt når man føle den går fra oss.
SvarSlettEj angra ikkje en dag på at ej valde å hoppe av som sjølvstendig næringsdrivande, og heller få meir tid med familien. Økonimien fe merke de, men de får no berre være! :)
Håpe dokke fe ei koselig tid framover i vårværet!! Stor klem.
Takk du unge dame:) Sitter på nattevakt, å ble rørt...æ hadde før litt sia ett innlegg om omtrent det samme...det å føle på at alle ska ha en bit a dæ...det å vær på tilbudsia heile tida..te andre...ikke bra...her e flere folk som "virka"...trur æ...veldig godt å lese, å æ støtta dæ 110 %...klem fra nord
SvarSlettDu må takke Gud fordi du klarer å se dette, Tove! Det er en åpenbaring av livets vikigste ting!
SvarSlettheine snakker vi ofte om hvordan tida og tidsånden har forandra seg, det er sant..tenker fra da jeg var lita... hvor annerledes alt var.
Og da jeg fikk mine unger var det blitt vanlig å ha jobb utenom hjemmet, men vi valgte å leve på ei lønning og heller ikke ha alt, men være heime med dem. Spør dem idag, de er så glade for at mamma alltid var der.... jeg gjorde ikke allting rett, men jeg er veldig glad for at jeg var heime...
Jeg syns du har så gode refleksjoner over tida, over dette med blomstene som vokser og blomstrer. Du er ei god jente, og garntert ei GOD mamma og ei GOD kone til din tålmodige mann.
Gir dere begge en god klem!!!
Skattene deres er så nydelige, tenk så heldig dem er som har så gode foreldre!
Hei hei:0)
SvarSlettEit flott innlegg Tove med flotte bilder, og sangen av Foss/Bøe hugsar eg godt:0) Den sang pappa mykje...."Gå inn i din stue, hvor liten den er. Så rommer den noe ditt hjerte har kjær" Men du... Du er ei GOD MOR og GOD KONE, det er eg sikker på. Men tidsklemma ligg der. Men det å prioritere slik du gjer no, får du 1000 gongar igjen seinare:0) Verdifull tid ilag med familien er gull verdt. Men det er viktig å ikkje gløyme seg sjølv oppi det heile. Ha ein flott fredag. Eg fyk snart til Fosnavågen ein snartur.
Stort smil og klem til deg
Her sitter jeg med tårer i øyekroken og kan ikke annet si enn å fortsette die egne tanker om den verdien som ligger i å bruke tiden riktig...man må, som du sier, ta seg små pauser og tenke etter hva føles riktig...for hva man vil, bør og skal prioritere å bruke tiden sin til forandrer seg jo. Noe som føltes riktig for fem år siden, føles ikke riktig nå osv..men man er kanskje ikke flink nok til å ta slike "tenke-etter-steg ut til siden" i hverdagen.
SvarSlettJeg tror nok en viktig ting er å minne om at man aldri må tenke tilbake, tenke at man skulle ønske man hadde valgt anderledes for feks to år siden osv..fordi man gjør de valg man gjør der og da, av mange årsaker...og kunne kanskje ikke valgt anderledes heller.
Lykke til videre med valget om å gjennvinne kontrollen over dine egne prioriteringer!!
Da e sant, da e vanskeleg, men dar è alltid ei løysing om ein ser ho :)
SvarSlettBritt
Jeg er så hjertens enig med din mor, disse barneåra går så fort og kommer aldri igjen. Plutselig har du all verdens tid til deg selv og dine interesser, fordi barna har fløyet ut av redet.
SvarSlettTa godt vare på alle muligheter sammen med dine kjære og vær gjerrig på tida di, du. Det vil du aldri angre.
For ett flott innlegg, og til ettertanke!! Eg e heilt enig med deg ;-)
SvarSlettTakk for titten -Nydellige bilder :-)
God familiehelg i vente!!
"Ditt sinn monne flyve så vide omkring..." Den minner meg om da jeg jobbet som aktivitør på ei dement avdeling. Denne sangen fikk alle til å våkne og synge med:-)
SvarSlettJeg bestemte meg 1januar for at mitt nyttårs forsett skulle bli at 2009 ble:"kari sier nei-året!"
Det ser ut til å fungere bra enda.
I desember 2008 var jeg kjempesliten...alt for mange verv, ting som skulle gjøres, ting jeg hadde lovet å ordne, brev som skulle skrives, mailes, ja du vet...
Min mann har det akkurat like travelt som meg, så ungene ble nesten kastet i seng...Samvittigheten min var grusom. Så nå sier jeg nei til alt jeg føler stjeler av min tid og energi, og sparer det til familien istedet.
Takk for flotte ord!!
SvarSlettDet er så sant så sant. Du set ord på noko utruleg viktig! Ingentig er viktigare enn den tida me har saman med ungane våre og familien vår. Sangen "De nære ting" har vore mi rettesnor i mange år. Synes den peikar på noko som er alt for lett å gløyme ; "Den lykken du søker bak blånende fjell, kan hende du alltid har eiet den selv...." Det er vel litt sånn med oss alle at det er lett å oversjå det ein har i jakta på noko nytt - anten det er opplevingar, ting eller noko anna......
SvarSlettFekk litt gåsehud og tendensar til tårer i augnekroken av inlegget ditt. Takk:0)
Klem:0)
Takk for et nydelig innlegg. Tankevekkende, godt skreve og med nydelig illustrerende bilder :)
SvarSlettNydeleg. Prioritere er eit ord som kan vere vanskeleg. Når ein prioriterar noko må ein seie nei til noko anna. Dagen har berre 24 timar. Slik er det for oss alle. Nokon ser ut til å rekke alt, men uansett har dei prioritert bort noko for å rekke å gjere det. Takk for at du deler. Nydeleg familie og utsikt du har . God helg frå sig
SvarSlettSå fint du skriver.. Nydelige bilder! Det er nok et godt valg du har gjort! Både du, mannen og ikkje minst ungane vil sette pris på det! Ha ei fin veke! :)
SvarSlett