lørdag 1. januar 2011

2011 – eit år for realisering av draumar…

Eg har store håp om at 2011 vert året der eg kan få realisert nokre av draumane mine. Nokre store – nokre små. Nokre som berre er viktige for meg sjølv – nokre som kan verte viktige for andre.

draum

Ein treng mot for å snakke høgt om draumane sine. Heve seg over at andre ikkje trur ein vil lukkast. Vende ryggen til dei som gjer alt dei kan for å knuse håpet. Ikkje nekte å gi seg, men stå rakrygga og tru på draumen. Det har eg lyst til. Det skal eg gjere. Og så kjem eg til å bruke energi på dei som ynskjer at eg skal lukkast med å realisere draumane mine.

draum4

Eg har lyst til å gå ukjende stiar. Ta val som kanskje gjer kvardagen min betre. Ha mot til å bryte opp frå kjende mønster og vanar, for så å gå det ukjende i møte. Det er så lett å gjere det ein alltid har gjort, tenkje det ein alltid har tenkt og handle slik ein alltid har gjort. Eg veit kva som må til, men må berre hente mot til å gjere det. Viktige personar støttar meg og seier at eg må prøve! Kanskje vert 2011 eit vegskifte for meg. Då skal eg i så fall ta på meg gode sko og rusle vegen med stødig fot, sjølv om der er humpar og svingar som eg ikkje hadde forutsett. Kanskje misser eg vegen av syne, men gode støttespelarar vil sørge for at eg kjem tilbake på rett spor. Det veit eg.

draum5

Eg har erfart at eg ikkje skal ha for mange lovnadar for det nye året. Tre små ord skal få vere rettesnora mi for 2011;

HÅP

TRU

MOT

Eg ynskjer alle eit nytt år fullt av moglegheiter og realisering av draumar. Gi aldri opp håpet, tru alltid at du vil lukkast og ha mot til å gjere det som er best for deg!

Nyt den fyrste dagen i det nye året!!!

Bileta er lånte her, her og her. Dei er redigerte av meg.

PS! Det vert ikkje årskavalkade frå meg for året som har gått! Eg skodar kun i ei retning,

framover!

18 kommentarer:

  1. heisann:)
    e kjenne ikkje ho, men meina på det e ho som bor nedom oss:) i gata nedom, men vi har skog mellom så har ikkje nåkke naboforhold. men kan godt fiske tak i ho en dag om du vil ha kontakt me ho igjen?=)

    SvarSlett
  2. Jaaaaaa! Gå for draumane, gå vegen hjarte seier ein skal gå. Opp og fram!! Flotte, kloke ord du deler inn i det nye året. Det er berre å brette opp armane og gi bånn gass. GLIS! Godt nyttår og eg trur du klarar det du set deg føre. Klem klem

    SvarSlett
  3. Heiar på deg!
    Blir spennande å fylje deg om du deler den vegen du går her..

    Ha flott 1.dag i 2011!!!

    SvarSlett
  4. liker - liker - liker - liker! godt nyttår! :-)

    SvarSlett
  5. Godt skrevet,
    Godt nytt år!
    Klem Fredrikke :O)

    SvarSlett
  6. Godt Nytt År
    Stå på ang dine drømmer....
    Klem Tove

    SvarSlett
  7. Godt nytt år til deg - og lukke til med draumane dine!

    SvarSlett
  8. Lykke til på din vei og Riktig godt nyttår! Klem/ myr

    SvarSlett
  9. ønsker deg lykke til på veien!!!
    klem...

    SvarSlett
  10. Godt skrevet, og til ettertanke.Vi skulle av og til vert flinkere til å følge drømmen vår.
    Følg drømmen når du har mulighet.
    Spennende med nye utfordringer.
    Ha et riktigt godt nytt år, og lykke til med dine drømmer =0)
    Hilsen Wenche

    SvarSlett
  11. Jeg vet ikke hva du har planer om, men jeg oppmuntrer deg på det sterkeste til å prøve! Vi lever bare én gang, og det er bedre å feile enn å aldri tørre å ta steget. Lykke til i det nye året! Klem!

    SvarSlett
  12. Randi Johanne1/1/11 23:18

    Tusen takk for eit innlegg proppfullt av framtidstru og håp!

    Gå for draumane dine, Tove, eg trur du vil kome dit du ynskjer deg. Du er ei flott jente (dame) og ein super rollemodell. Dei flinke og uredde borna dine er eit godt prov på det.

    Eg blir glad og optimistisk av å lese det du skriv.

    Godt nytt år til deg og familien.

    Helsing Randi Johanne

    SvarSlett
  13. Lykke til! Heier på deg;)

    SvarSlett
  14. Hei :) GODT NYTT ÅR TOVE !!

    Gø for drømmene dine du, Tove. Er viktig å realisere seg selv også. Du er tøff så dette klarer du.

    Håper vi etterhvert får høre noe om disse drømmene dine. Lykke til:)

    Ha en fin søndag :)

    Klem fra Evelyn

    SvarSlett
  15. Så utrolig spennende! Jeg er egentlig litt betenkt over hvor mange som bare slår seg til ro med at "ting ble som de ble". Det er så kjekt når folk våger å kjenne etter, og gjøre det som skal til for å bevege seg i en ønsket retning.

    Lykke til - jeg er spent på å lese mer!

    Pludrehanneklem

    SvarSlett
  16. Du tek flotte bilder, skriv velformulerte tekstar....håper at draumane har noko med det å gjere. :-) Lukke til! Klem frå over fjorden

    SvarSlett
  17. Det er viktig å sjå framover og det har du gjort med det rette. Gode ord i byrjinga av det nye året.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!