Det kjennest nesten som å drukne. Eller i allefall å ufrivilleg verte tvinga under vatn. Du veit at alle dei andre sym rundt med hovudet over vatnet og kosar seg, medan dei ser på vesle meg som kavar i vassmassene.
Men denne gongen handlar det ikkje om symjing i kalde basseng, eller stup frå 5-meteren. Det handlar heller ikkje om kven som kan å symje eller ikkje. Dette handlar rett og slett om julestri, julemas og juleforventning.
For å seie det rett ut, så er eg faderleg seint ute i år. Eller er eg eigentleg det??? Eg har hengt opp dei obligatoriske julestjernene og adventsstakane. Men der stoppar også alt.
Ingen fiks, ferdig adventskalender med 70 og nokre pakkar. Ikkje fordi eg ikkje vil at dei skal få pakkar, men fordi eg prøver å gjere det litt alternativt. Dei har fått ei bok, og den skal vi kose oss med gjennom heile adventstida. “Tonje Glimmerdal” av Maria Parr kjem til å gi oss latterkuler heilt fram til julaftan. Eg har heller ikkje vaska ned huset, eller baka dei sju slaga. Men eg baka bollar ilag med ungane i går, og dei har vi forsyne meg ete opp!
Du forstår heilt sikkert at eg får heiteslag, på grensa til feber, når eg les om driftige damer som er ferdige til jul. Ja tenk, du las rett: ferdige til jul!!! Ferdige med gåver, ferdige med husvask, ferdige med all bakst, ferdig med dei viktigaste innkjøpa og berre sit der og kosar seg med alle julelysa sine og smakar på småkakene. Endåtil nokre av butikkane er ferdige til jul. Etter ein snartur til næraste “storby” oppdaga eg prangande plakatar som lokka med “Alt av julepynt til 50 %!”. Og dette altså ei veke før desember!
Vel, vel. Kanskje skriv eg alt dette for å bøte på mitt eige dårlege samvit for at eg ikkje er i rute i år. Kanskje er eg ein smule misunneleg på alle desse driftige damene som har full kontroll og sleppe å stresse meir før jul. Og kanskje er eg også ein smule redd for å ikkje verte ferdig til jul.
Slik eg ser det har eg to val: Eg må hive meg rundt i kveld og skrive ei liste langt som eit vondt uår, på alt eg må gjere fram til jul. Eller så må eg gjere som eg har gjort før:
Kaste meg ut på djupt vatn, kjenne litt på kjensla av å kave med vassmasene, men likevel vite at eg alltid kjem meg opp til overflata. At eg alltid overlever. At det alltid går bra.
Alltid.
Det blir nok jul i vår heim i år òg!!!
PS! Dersom det skulle vere fleire som meg der ute, så kan eg alltids plaske litt vatn på deg òg! Så slepp du mageplasket….
Slapp av. Eg trur ikkje at desse damene som allreie er "heilt ferdige til jul" eksisterer. Er dei ferdige med alt no, vil huset vere skite ca. tre gongar før julehøgtida verkeleg byrjar, småkakene er garantert oppetne av svoltne små munnar innan 15. desember, og damene kjem garantert til å " berre måtte kjøpe ein liten ting attåt" til fleire av gåvene. Så pøh! Juleførebuinga MÅ kome gradvis. Eg ser heller på det heile som ei utfordring som krevjer god logistikk enn som eit hasteprosjekt som "må gjerast ferdig". Julefreden får nok du, og ikkje dei, som faktisk pådreg seg endå meir arbeid ved å skulle vere så voldsomt "i rute". Dessutan betyr nok den vakre julestjerna di i vindauget meir for borna dine enn om du har skrubba tak og fått alle sju slag i hus... :)
SvarSlettTusen takk, lissjesysta mi... Du har forstått det, du...
SvarSlettKjære skjønne Tove..
SvarSlettI fjor begynte jeg på julegavene 1,5 uke før julen ringte inn.. jeg vasket det som passet meg da, og kakene ble delevis kjøpt, noe fra svigermor og noe fra min egen mor.
Jeg pyntet litt nå og da, og når julaften kom, var alle barna stivpyntet, svinesteken sto i ovnen og alt var fiks ferdig til gjestene kom kl 17.
jeg er ferdig med julegavene, men det er fordi jeg er alene i 14 dager og magen bare blir større og større, og jeg liker å gå å tusle når jeg handler gaver, ikke trille og heller ikke vralte rundt som en gås..
Kjære Tovemor, det går så bra! Og faktisk tror jeg mange
kommer til å kjede seg de to siste ukene i Desember, når de bare sitter der å tvinner tommeltotter, og kan lese om oss andre som baker pepperkakehus og vasker gulv- akkurat når det egentlig skal gjøres..nemmelig rett føre..
Stor klem!
Har aldri forstått dette med å være "ferdig til jul". Det går jo an å gjøre det enklere, annerledes... Jeg synes det er fint med bok istedenfor adventskalender - og masse kos sammen med familien! Hver må finne sin egen måte. Det blir jul likevel :)
SvarSlettBare ta det med ro du...
SvarSlettDet som ikke blir gjort til jula i år får vi ta til neste jul.
Eg har ikke begynt heller.
Har fått opp noen lysestaker det er allt...
Men skal vel pröve å få noen gardiner på plass i löpet av morgendagen.
Jul blir det uansett om vi er ferdige eller ei.
Skal baken noen sorters småkaker. Lussekatter, og vörterbrö. Legge in litt sill, du veit vi svensker elsker sill....
Lage köttbullar og pynte litt. Det er allt. Resten får bli som det blir.
Nå önsker eg deg ei flott förjulstid nog husk, det som du ikke får ferdigt nå, får vente til neste jul.
Klems Synnøve.
jeg får denne overveldende følelsen av å ikke være i rute hvert eneste år...og det gjør at jeg mister litt av julegleden...jeg har temkt endel på hva jeg kan gjøre for å forenkle julestria for min egen del...en ting jeg har gjort er å bli enige med venner og mesteparten av familien i å kutte ut julegaver...det høres kanskje dramatisk ut, siden jeg har 2 barn som da får færre gaver til jul (nesten ingen faktisk)...men de lider ikke av den grunn, derimot vil de sette mye mer pris på de få gavene de får:) husvask og kakebaking og pynting tar vi litt etter litt...og så skal jeg bare prøve å senke skuldrene og ikke bli dradd med i dragsuget...jeg har lyst til å KOSE meg i jula og nyte de små gode stundene...
SvarSlettønsker deg en deilig og fredfull adventstid:)
fantastisk kalender du har til ungene i år forresten...:)))
klem tara:)
kos deg med borna det er det viktigaste...
SvarSlettvindusvask slepp du... det er så mørkt heile døgnet...
ta deg ei mopperunde og set litt grønsåpe rundt om..
kaker kan kjøpast ;-)
og skvett gjerne litt vatn på meg også.....
Å, som jeg kjenner meg igjen! Den stadige driven til å være den perfekte mor og kvinne - men som sannsynligvis da kommer til å vaske over gulvene mens tårene renner på formiddagen juleaften, og sovner mens alt for mange gaver deles ut om kvelden.
SvarSlettNei du, ta det med ro, kjøp et par sorter med kaker på butikken, bak pepperkaker med ungene, kjøp noen gaver til ungene - og dropp resten. Nyt førjulstiden slik vi drømmer at den skal nytes. Ikke slik vi tror at alle andre gjør det.
Er ikke sikker på at jeg klarer det selv, heller - men kommer et steg nærmere hvert år :-)
Tror ikke vi trenger få panikk enda.. Her er ikke julestjerna komt opp enda, og halvparten av gardinene er tatt ned, men ingen nye hengt opp.. Men jeg har lilla duk og lys på bordet, akkurat nok til at jeg kan nyte at det nå er advent :) La oss legge bort de fleste må og burde, og konsentrere oss om de gode stundene fram mot jul :)
SvarSlettME like :o) Du må gjerne ta nokre tak for meg òg. To stjerner i kjøkkenvindauga, ein adventstake og to raude stearinlys i eit par lysestakar... Julepynten står halvvegs oppakka på stovegolvet og kvar har eg lagt resten av juledukane eg kjøpte i fjor? Puh...
SvarSlettJula kjem, berre juleribba og gåvene til ungane er i boks så spelar resten inga rolle. Nyt jula!
Klem frå Tonje
Hei!
SvarSlettTrur ikkje eg har kommentert hjå deg før....men no MÅ eg berre......
Har heller ikkje kjøpt ei gåve, ikkje baka ei kake...ikkje vaska det grann....til jul.
Eg likar rett og slett å kjøpe julegåvene i desember.....likar å bake julekakene i desember......
Julepynten kjem fram veslejulaftan......IKKJE før.....
Jolegardina på kjøkkenet kjem opp kanskje eit par dagar før jul.....
Det som kjem opp no er adventstjerna...og so VENTAR me på jul....er ikkje det advent???
Eg vil påstå at det har ikkje med dårleg planlegging å gjere...heller tvert i mot....slik vil me ha det.
Ha ei god adventstid!!!
Takk for tilbodet om litt vass-sprut på meg også, men det trengs ikkje - har vore i det gamle, lite tiltalande skulebassenget og symt mine tusen meter i kveld:) Og så har eg baka ein haug med havrekjeks som vart mjuke i staden for sprø, sikkert fordi eg skifta ut sukkeret med fruktose. ..Men dei blir nok oppetne likevel:) Eg synest eg er i rute, eg, har ikkje tenkt på julegåvene som skal kjøpast, skal bake lefser og småkaker, men det er vel god tid med det enno? Vasking blir det vel også ei råd med før jula set inn, vi har jo nesten heile desember å gjere det på. Så kos deg, les saman med ungane og så skal du sjå at det blir plass til dei andre nødvendige gjeremåla også.
SvarSlettThi hi:) Eg må berre le!:) Den følelsen av å ha "vatn over haudet" og ikkje omvendt er ganske so kjent... men eg får ikkje den følelsen av jula... For nokre år sidan var eg totalt utbrent... det einaste eg gjorde til jul det året var å lage risbollar og kjøpe nokre få halvhjerta julegåver... Etter det såg eg at jula kom, og vart faktisk ei av dei bedre julene vi har hatt!! Etter det gjer eg det eg har lyst til... nokre år kan det bli 10 slag kaker, og andre år to! Det viktigaste er faktisk å behalde det koselege og det å ha kvarandre... Eg har slutta å vaske ned( kan vi ikkje gjere det ei anna tid på året då?:) Ei eg kjenner sa ei jul at ho heller ynskte at borna sine auger skulle skine istaden for vindauga:) Så ha ei gooooo førjulstid saman med familia di og stress ned:) Jula kjem og ferdig blir du!:)
SvarSlettGode helsingar frå Lønnetunet
...og så kastar alle disse, som no er ferdige til jul alt, ut jula 1.nyttårsdag, og vil ha VÅR!!! Det kunne ein lese om på dei same bloggane i nyttårshelga i fjor..... La dei berre kave på.....
SvarSlettHei Tove. Har nok den samme følelsen som deg og har hatt ett tilsvarende innlegg tildigere i vinter. De rare er at de super effektive blogg mammaene kommer med fine og trøstende ord - og i neste innlegge har de giret opp :) Men hvem bryr seg? Skal lykke måles i antall innlegg med rosenrøde hilsninger? Eller er lykke det livet man velger å leve NÅ!? Jeg velger det siste. I år blir ikke ting som før her hos oss. For det første er vi jo bare snuppa & meg, for det andre er fortssatt ikke helsa på topp og jeg MÅ ta hensyn. Egentlig er det litt fint og... gire ned bare nyte! Jeg drar deg opp av vannet jeg kjære Tove skal gi deg en varm kopp kakao så kan vi sitte på gjerde sammen å bare være ;) Ha en super dag. klem
SvarSlettJulestria er ikkje meir stri enn ein gjer den til sjølv. Du har gjennom året vore så flink å minne oss om å sjå "det små", ta vare på det og nyte det. Eit godt fokus fram mot jul også. Kan ikkje nyte jula dersom ein ikkje har overskudd til det! :)
SvarSlettBerre det at du gjev tida di til borna dine er gåve nok syns no eg ;-) Mannen min lærte meg eit meget godt triks for nokre år sidan då eg satt meg tårene spreidd over alt eg skulle gjere og ikkje hadde tid til: "når grantreet er i hus blir det jul uansett" Og eg har endelig oppdaga at det er sant! Det er faktisk sant :-D
SvarSlettPanikkangsten tok meg i forrige veke, men det gav seg. Eg gjorde dei tre tinga som stressa meg, og no tar vi det heilt med ro. Et mandarinar og tenner lys og lar julestri vere julestri.
SvarSlettFor å ta det verste først; her i huset er vi i god julestim og har det meste klart! Deilig følelse, men vi har jo spart noe igjen til når vi kommer enda nærmere jula - det er jo da julestemningen virkelig siger inn.
SvarSlettMEN: Jeg er sikker på at du klarer deg utmerket godt med alternativ to; plaske og baske litt, og så kommer du opp på begge beina i rimelig tid til den store julekvelden!
Jeg trodde først du skrev om LIVREDNINGSKURS som alle (svømme)lærere må delta på, mer eller mindre frivillig, en gang utpå høsten. Følelsen av julestri og basking med den Anna-dokka kan vel kanskje være en sammenlikning det også!
KOS deg med adventstiden! Det er det viktigste,
Klem Cath
Det er jo ille at denne tiden, der julen egentlig står for noe fredelig og godt - har blitt til JULESTRI! La vinduer være skitne vinduer, ingen ser det på denne tiden av året (dessuten ville det bare fryse til utvendig...), gjør heller det som føles meningsfylt - så godt det lar seg gjøre...
SvarSlettJeg nekter å skulle STRI i julen - jeg vil få smaken av småkaker (hjemmebakt og ferdigkjøpt), kjenne duften av granbar og julemat, blant tente lys og JULEFRED!
God adventstid, nyt det, kos dere:)
Varm klem.
Godt å lese det du skreiv om julemaset som egentleg skal vere julekoset. Vi kjøpte kalendar til 10 kr x 2 i går. I år orka ikkje eg å pakke inn 24 pk, pga sjukdom. Dyrt vert det også. God ide med boklesing. Trur alt for mange brukar for lite tid til lesing saman med borna. Mannen min byrja på Brødrene Løvehjerte i dag, høgtlesing med guten. Lys i vindu kom opp i dag den 2., og fortsatt manglar vanleg advendtsstake (kor selg dei det i Ørsta, den vi hadde var øydelagt). Håper alle julegåvene er kjøpt 24.12. Godt skreve, og veldig beskrivande kor dei fleste mødre har det. Vil uansett prøve å gi ungane ei god advendttid og juletradisjonar, men på min måte.
SvarSlettKjære Tove!!
SvarSlettDu veit jo hvordan det er !! - det er INGEN som er helt superferdige til jul!!
Jeg har ikke gjort halvparten av det jeg burde (hva bør jeg egentlig...??) - jula kommer uansertt, og om den kommer som den berømte julekvelden på kjærringa eller hva søren, det ordner seg for snille jenter. Men jeg humra meg gjennom innlegget ditt - og dine beskrivelser er som helt vanlig - treffende og korrekte.
Om du trenger en å sammenligne deg med, så er vi like vi to.
Med meninger om kjas og mas,, mye som ikke er gjort - men fryktelig gode på å tenne stearinlys!
Klem fra Tone som er på bloggen igjen,...
Tekst og bilder passer perfekt.
SvarSlettvirkelig bra.
Du har et hav av tid enda så bare slapp av. Det ordner seg nok.
Kos deg i adventstiden. :-)
Hei og hopp! Så glad eg fant bloggen din - for dette var bra lesning. Godt å lese, for ein stakkars sjukling - som også står framfor den første jula si som mor, at det ikkje berre er eg som kavar rundt med berre så vidt nasetippen over vannflata. Men eg tenker som deg - det går alltid bra. Jul vert det og eg kjem i havn! Så ha takk for eit oppmuntrande innlegg med strålande illlustrerande bilete til!! Eg stikk nok innom att her, ser du!!
SvarSlettHa ein fin dag i julekavet!!