onsdag 11. mars 2009

Tid for T!

Eg har fått ei artig utfordring frå Hanne, og den vil eg sjølvsagt prøve meg på! Det går ut på å finne svaralternativ til kvart spørsmål der fyrste bokstaven i ordet er fyrste bokstav i namnet mitt - altså T! Det høyrest lett ut, men eg trur nok her er ei og anna fallgruve...

Kva er namnet ditt? Tove

Ord på fire bokstavar? Tine - det er så fantastisk når snøen tinar om våren!

Gutenamn? Terje - min kjære husbond...

Jentenamn? Tora - kunne godt ha kalla ei av jentene mine for Tora

Eit yrke? Trailersjåfør - dei har eit humpande og ristande yrke (i alle fall når dei køyrer på norske vegar...), men det må vere spennande å stadig oppleve nye stadar, både innanlands og utanlands!

Farge? Tomatraud - tenk på alle dei søte, små og knallraude tomatane, mmmmm.....

Noko du har på deg? T-skjorte

Mat? Tacopizza

Noko på badet? Tannkost

Ein stad? Trinidad - nokon må gjerne sende meg dit på synfaring eller ekskursjon...

Grunn til å kome for seint? Trasig vintervèr - betre å kome fram for seint, enn ikkje i det heile tatt...

Noko du ropar? Tar du med eit glas vatn til meg? - lurer på kor mange gongar min kjære husbond har kome springande med vatn til meg....

Filmtittel? Titanic

Noko du kan drikke? Te - ingenting er som ein god kopp te....

Ei musikkgruppe? The Margarets - eit strålande band frå Giske

Eit dyr? Terrier - ein nydeleg, liten hund...

Gatenamn? Taugata - ei gate i Stavanger

Bilmerke? Toyota - eg susar rundt i ein Toyota Landcruiser

Songtittel? "Touch me" med Samntha Fox, - ein var ikkje ungdom på 80-talet utan å vere påverka av denne låten...

Eit verb? Trylle - vi treng alle litt magi i kvardagen...

016

Slike bileter som dette fyller kvardagen min med magi.  Det kan vere travelt, hektisk og krevande, og som ved eit trylleslag dukkar slike auugneblikk opp og endrar alt. Dette biletet av veslesnuppa er eit av dei bileta eg er aller mest glad i - det er så fullt av optimisme, håp og glede!

Eg trur denne utfordringa har gått sin seiersgang rundt omkring i Blogglandia i det siste, men dersom det er nokon som framleis ikkje har prøvt seg på den, så er det berre å plukke den opp frå meg!

Fekk ei utfordring frå Astrid for litt sidan (trur det var henne...), der eg skulle skrive om noko eg var flink til. Den utfordringa lyt vente til eg orkar å samle tankane mine og leite fram noko skryt. Er i grunnen det verste eg veit.....

Ha ein strålande dag!

6 kommentarer:

  1. Takk for tipset Tove!! Skal fylle opp med lavendel jeg;o) Og hvis du trenger litt påfyll som du kan skryte med så kan du skrive at du er flink til å "se" ting i hverdagen som ikke alle andre ser.. For jeg er så enig med deg at vi må se det store i det små.. Nyte hverdagene, for det er de vi har flest av..ikke sant? Ikke glede oss til alt hele tiden..men glede oss over..:o) Og så er du flink til å skrive.. om alt og ingenting.. HVis du vil bruke meg som kilde, så hversågod:o) Ha en strålende dag!

    SvarSlett
  2. Hei og takk. Ja rart fenomen og den båten midt i der.... Mmmmmm Den utforfringa har gått heile runda som du seier:0) men artig. Jasså... du kjøyrer Toyota du... Det er verdas beste bil... forplikta eg sidan husbonden jobba på Toyota Sunnmøre. Kjekt å treffe deg også, og lisje pia di som var bergtatt av den magiske ringen:0)
    Klem på

    SvarSlett
  3. Hei Tove.
    Det var morsomt å lese litt om deg.
    Den låta med Samantha Fox er eg enig i, maken nikkade instämmande...Där blev det litt svensk gitt...
    Har akkurat värt ute på en promenad.
    Sola skin nå. Men för idag så snödde det..
    Så det skifter fort.

    Ha nå en flott dag.
    Klems Synne. Som satt ute med kaffi i sola nettopp.

    SvarSlett
  4. Morsom lesing Tove, den løste du flott! Så det stod tid for T...da måtte jo Torunn stikke innom;) Ha en god onsdagskveld!
    smil fra Torunn

    SvarSlett
  5. Den Takla du finT!!! :-)

    Ha ein fin dag!

    Monica

    SvarSlett
  6. For ei artig utfordring :) KAn hende eg tar den eg også...med mangel på noko å blogge om for tida :)
    Nydelig bilde du har tatt!!!
    Lurer på om det passar for deg å treffast snart, så får lille Sina dukka si :) Sei ifra kva dag som passar deg. SÅ finn vi ut av det.
    Ha en fin kveld
    Klem

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!