Når jula med alle sine varme fargar har forlatt stova, vert der ein slags stillstand. Noko må erstatte jula, og her i huset er det dei kalde og vinterlege fargane som får prege stova.
Klar blåfrgar som speglar den flotte vinteren ute.
Ei lita frøken som står i glaset og drøymer om å få springe ut med den rosa sommarkjolen sin…
Hunden var med meg overalt under fotoseansen i dag, og måtte sjølvsagt få vere med på eit bilete!
Eg likar godt dei kalde fargane i kontrast mot det naturlege.
Denne flotte lykta vart endeleg mi… Den lyser så fint opp i dei kalde vinterkveldane.
Eføy er ei vårleg plante som pyntar fint opp i vintermørket.
Turkise og blå puter i sofaen. Eg likar godt fargespelet her. Og i motsetnad til mange interiørbloggar har eg altså brun sofa – og er godt nøgd med det!!!
Dei kvite julestjernene skal få stå litt til. Dei er nesten finare no enni jula og eg har ikkje hjarte til å kaste dei ut!
På skjenken har vi tre kampfiskar som stadig underheld oss på sitt underfundige og sære vis!
Midt i alle desse kalde fargane unner eg meg ein kopp god, varm te. Teen heiter “Perfectly Pear” og er frå nettbutikken Happy Heart.
No kosar eg meg med levande lys og “Downton Abbey” på NRK…
Så fint du har det hos deg Tove. Lika dei fine blå og turkistonane :)
SvarSlettHa en fin kveld min venn
Klem
Så fint, skikkelig fine fargekombinasjoner .
SvarSlettEn koselig heim.
Hilsen Wenche
Koselig du he det
SvarSlettKor koseleg det ser ut til å vere med deg. Flotte fargar som gjer seg i eit vinterkvitt landskap.
SvarSlettHer går det meste i kvitt for tida, men kjem nok til å kjøpe nokre fargeklattar etterkvart
Takk for fin kommentar på bloggen min...
ha en fortsatt fin dag
Hei! Når det kan verte litt vel travelt i kvardagen er det vidundarleg å kikke innom bloggen din. :) Oppmuntrande, inspirerande og avstressande. Takk for det!
SvarSlettNydelig Tove!! :)
SvarSlettHåper du får en fin uke mot helg! :)
Klem jorid
Koselig du har det:). Eg har lagt ut ein illustrasjon i dag som heiter "Fritt fall". Tenkte på deg når eg skreiv om den. Den er om å ta sats og gå for draumar:). Det er jo du det! God helg Tove:)
SvarSlett