søndag 9. januar 2011

Vinterinteriør…

Når jula med alle sine varme fargar har forlatt stova, vert der ein slags stillstand. Noko må erstatte jula, og her i huset er det dei kalde og vinterlege fargane som får prege stova.

vinterinteriør

Klar blåfrgar som speglar den flotte vinteren ute.

vinterinteriør2

Ei lita frøken som står i glaset og drøymer om å få springe ut med den rosa sommarkjolen sin…

vinterinteriør1

Hunden var med meg overalt under fotoseansen i dag, og måtte sjølvsagt få vere med på eit bilete!

vinterinteriør3

Eg likar godt dei kalde fargane i kontrast mot det naturlege.

vinterinteriør4

Denne flotte lykta vart endeleg mi… Den lyser så fint opp i dei kalde vinterkveldane.

vinterinteriør6

Eføy er ei vårleg plante som pyntar fint opp i vintermørket.

vinterinteriør7

Turkise og blå puter i sofaen. Eg likar godt fargespelet her. Og i motsetnad til mange interiørbloggar har eg altså brun sofa – og er godt nøgd med det!!!

vinterinteriør8

Dei kvite julestjernene skal få stå litt til. Dei er nesten finare no enni jula og eg har ikkje hjarte til å kaste dei ut!

vinterinteriør9

På skjenken har vi tre kampfiskar som stadig underheld oss på sitt underfundige og sære vis!

vinterinteriør11

Midt i alle desse kalde fargane unner eg meg ein kopp god, varm te. Teen heiter “Perfectly Pear” og er frå nettbutikken Happy Heart.

No kosar eg meg med levande lys og “Downton Abbey” på NRK…

7 kommentarer:

  1. Så fint du har det hos deg Tove. Lika dei fine blå og turkistonane :)
    Ha en fin kveld min venn
    Klem

    SvarSlett
  2. Så fint, skikkelig fine fargekombinasjoner .
    En koselig heim.
    Hilsen Wenche

    SvarSlett
  3. Kor koseleg det ser ut til å vere med deg. Flotte fargar som gjer seg i eit vinterkvitt landskap.

    Her går det meste i kvitt for tida, men kjem nok til å kjøpe nokre fargeklattar etterkvart

    Takk for fin kommentar på bloggen min...

    ha en fortsatt fin dag

    SvarSlett
  4. Hei! Når det kan verte litt vel travelt i kvardagen er det vidundarleg å kikke innom bloggen din. :) Oppmuntrande, inspirerande og avstressande. Takk for det!

    SvarSlett
  5. Nydelig Tove!! :)

    Håper du får en fin uke mot helg! :)

    Klem jorid

    SvarSlett
  6. Koselig du har det:). Eg har lagt ut ein illustrasjon i dag som heiter "Fritt fall". Tenkte på deg når eg skreiv om den. Den er om å ta sats og gå for draumar:). Det er jo du det! God helg Tove:)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!