Ei enkel blekkboks kan godt verte den finaste vase for blomar! Ein beskjeden tulipanbukett takkar slettes ikkje nei til å få stå på stas i noko som tidlegare har vore bustad for hermetiske tomatar!
Det er kjekt å kunne resirkulere og bruke om att!
Det er så fargerikt i butikkane for tida! Det er for øvrig eit paradoks at det er meir tulipanar og blomar på daglegvarebutikken enn på blomsterbutikken! Både eg og minstesnuppa var samde i at vi måtte ha rosa tulipanar til helga! Desse kjøpte eg i går, og då hadde dei stått tørre i butikken. Då la eg dei i kjøleskapet for oppbevaring til i dag! Pakkar du dei inn i litt avispapir kan dei faktisk ligge i kjøleskapet i mange dagar og halde seg akkurat like fine!
Ta ting og tang du har i skapet og bruk det til noko anna enn det eigentleg er tenkt til! Det er meiningsfylt å bruke om att!!! Hermetikkbokser kan brukast til alt mogleg, og så er dei så dekorative!!!
Den flotte Ittala-vasen min måtte vike plass for tulipanane i dag og gi plass til favorittane mine! Det står kylling på menyen i kveld, og då må eg ha sitron og lime i store mengder!!! Deilige kyllingoppskrifter vert lagt ut på matbloggen min i løpet av helga!
Så mange flotte innlegg du har laga i det siste..
SvarSlettOg dei tulipanane var flotte!
God helg!!
Hadde stoor sans for blikkboksvasen!
SvarSlettTakk for tipset!