Det er ikkje så lett å forstå at det framleis er tre år til ho kan byrje på ballettskulen. Ballerinadrakta er klar. Jenta er klar. Rosa tåspissko ligg og ventar.
Ho kastar lengselsfulle blikk kvar gong vi køyrer forbi ballettskulen. Ho ser dei små jentene som dansar bak dei store vindauga. “Mamma, er det lenge til eg kan danse ballett no?”. Eg veit ikkje kor mange gongar eg har fått det spørsmålet, og kor mange gongar eg har skuffa henne med svaret…
Vi får heller danse heime, trøstar eg henne med. Og det gjer ho! Frå tidleg morgon til seine kveld trippar ho rundt i balletdrakta si med tyll som står som ei rosa sky rundt henne. Så lita og lett, så stødige og vante rørsler. Du ser at det ikkje er fyrste gong ho gjer dette. Du ser gleda, håpet og draumen…
Det er to og eit halvt år att til draumen kan realiserast. Enn så lenge så får vi smugkike i glasa på ballettskulen, halde danseshow heime i stova og takke alle kjekke folk som kjem inn dørene og ikkje har noko i mot å vere publikum.
♥♥♥
Tusen takk, lille gullet vårt,
for at du gjer kvar dag til ei glede…
Bileta har eg lånt her, her og her og gitt dei ein liten “make-over”!
Hei :)
SvarSlettFor et skjønt innlegg... skjønner at ho har lyst til å begynne å danse... får håpe disse to årene går fort...
Ha ei flott kommende uke :)
Ekje det fire år som e grensa i Ørsta da?
SvarSlettÅåh, nydeligste!!
SvarSlettDet blir nok stor stas :)
Ønsker deg en fin uke vennen!
Godklem <3
:D Har ei jente med nøyaktig same draumen, håpet, innsatsen, kjolen, skoa, og same danseførestillinga i stova!! Så fint du formidlar jenta di sin store draum! Det er så viktig for desse små at dei tør å tru på draumane sine :)
SvarSlettFor en draum! Håper hun får den oppfylt snart.
SvarSlettSynst kanske du ska sjekke om det ikkje går å få henne inn tidligere.
Men den intressen så....
Klems og takk for ett flott innlegg.
Synnöve.
Åh... Eg hugsar framleis då mamma sa til meg at eg skulle få begynne på ballettskulen. Endeleg kunne skiskoa med flat tupp byttast ut med SKIKKELEGE ballettsko (okey, eg måtte vente til eg var 13 år med tåspissko, og det vart ei blodig hending...).
SvarSlettEg håpar ho får like stor glede av ballettskulen som det eg gjorde, ho har i alle fall glede av dansen allereie:)