torsdag 31. juli 2008

When you love with all your heart and soul, it`s so hard to let it go...

Det har vore ei stille veke. Ei veke til ettertanke, refleksjon, mykje gråt og uendeleg med sorg. Ei mor og ein far har mista ein son, brødre har mista ein bror, slekta har mista ein stor skatt og vener har mista ein dei sette utruleg pris på.

Gravferd i dag. Så tungt å ta farvel, vanskeleg å forsone seg med at ein aldri meir skal få sjå det vinnande smilet, høyre den gode latteren og alle dei artige historiene. Så ufatteleg, så trist, så urettferdig. Tankane våre går til foreldra og syskena, til slekta og alle som David hadde sneke seg inn i hjartet på. No tek vi vare på minna. Du vert aldri gløymt.


Stå ikke ved min grav og gråt.
Jeg er ikke der, jeg sover ikke.
Jeg er vinden som blåser.
Jeg er diamanter som glitrer i snøen.
Jeg er solskinnet på det modne korn.
Jeg er det milde høstregn.
Når du våkner i morgengryet,
er jeg der som fuglenes sirklende flukt.
Jeg er de funklende stjerner som skinner om natten.
Stå ikke ved min grav og gråt.
Jeg er ikke der.
Jeg døde ikke.

- Til minne om David -

2 kommentarer:

  1. Har tenkt på familia i heile dag...
    Dette er så ufatteleg trist....

    Så lite man kan sei....orda strekk ikkje til....

    Ønska deg god natt min venn....
    Klem

    SvarSlett
  2. Huff det er så frykteleg trist når slikt skjer... Eg har ein bror i den alderen som og likar å køyre moped, og kan ikkje ein gong tenke meg kva familia går gjennom no....

    Klem til deg

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!