lørdag 26. juli 2008

På oppdagingsferd i fjøra.

I dag var eg heldig og fekk ei stund for meg sjølv i fjøresteinane. Eldstemann vart med tante og Frida på spasertur, midt-i-frøkena vart med onkel på ei båtrunde og minstefrøkena var heime og sov. Så då nytta mor stunda til å oppdage skattar i fjøra. Og dei er det mange av, berre ein ser dei...

Å kunne kvile på ein gamal stol i fjøra, omkransa av sommarblomar og strå. Å kunne sitje her og høyre bølgene, fuglane og oppdage at livet har ein eigen puls.

Vèrsliten og godt brukt, slik gode stolar skal vere. Den ventar nok på oss neste sommar òg, om berre vinterstormane let den stå i fred.

Nokon har leika seg i fjøra. Funne rekved og laga eit monument. Kanskje eit jonsokbål som ikkje vart brent? Eg synest det skal få stå akkurat slik, som eit minne om glade sommardagar.

Tre steinar låg kunstferdig midt i monumentet. Kanskje for tru, håp og kjærleik...?


Dette er sommar for meg.

Raudøyholmen, Raudøya og Eika kunne vel ikkje ha fått ei flottare ramme.
Mitt eige Soria Moria....

Toppen av monumentet. Ser du dei parallelle linjene...? Det var nok meint å skulle vere slik...

Lurer på kven eg kan takke for dette flotte kunstverket?



På veg heim frå fjøra går turen gjennom eit tun. Same tunet der vi trakka våre barnesko, på veg til og frå fjøra. Alltid hjarterom, alltid god prat, alltid fullt av minner. Det vart prat i dag òg. Tok bilete av dei vakre rosene som omkransa inngangspartiet. Veit ikkje kva dei heiter, berre at dei er vakre. Og det er vel eigentleg nok!

3 kommentarer:

  1. Så flotte og stemningsfulle bilder du har tatt:=) Helt nydelig. Kan nesten høre bølgene og kjenne lukten av hav:=)
    Takk for denne fine vandringen.=) Nyt sommerkvelden .
    Klem:=)

    SvarSlett
  2. Utruleg flotte billedkomposisjonar! Du har talent, Tove!! Heilt utruleg alt du ser som kan bli fine bilete!

    Trur nok ikkje eg kunne latt den stolen stå att.... og tuuuuuuusen takk for Award! Min aller første, og den varmar :-D

    SvarSlett
  3. Eg må stille meg i køa her, UTRULEG flotte bilder du tek Tove. Soria Moria-bidet gav meg gåsehud:)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!