fredag 7. oktober 2011

Boblande glede ♥

For to veker sidan kosa vi oss som berre det på Hotel Alexandra i Loen. Husbonden skulle på ei messe og vi andre var med for moro skuld. Så medan papsen kika på gravemaskiner kosa vi oss i det fantastiske badeanlegget!

IMG_2889 copy

Minste frøken snupp syntest det var litt rart å bade i utebassenget medan det regna…

IMG_2895 copy

Det er rart å ligge slik på bassengkanten å berre kjenne kor boblene kitlar og sjå regndråpane danse på vassflata.

IMG_2903 copy

Heldigvis har eg ungar som likar å bade. Hotel Alexandra er eit eldorado for slike ungar. Der er basseng både inne og ute, vannsklie, boblebad og spa-avdeling.

IMG_2933 copy

Artig bilete av eldstemann!

IMG_2940 copy

Ho mor sjølv gjekk rundt på kanten og knipsa bilete! Heile laurdagen bada eg i lag med ungane, men søndag måtte papsen rive seg laus frå gravemaskinene og nyte dei varme bassenga. Det gav meg ei flott moglegheit til å knipse bilete i vilden sky! Og jammen klarte eg å snike meg med på eitt av bilete, hi, hi!

I neste innlegg kjem nokre bilete frå barnediscoet om kvelden. Minste frøken snupp var sjølvsagt i storform og svinga seg villeg i dansen! More to follow….

4 kommentarer:

  1. Detta såg godt ut Tove - Alex og Nordfjord er berre ein utruleg flott stad - og å nyte ei helg der er verdt pengane:-)))

    Ha ei flott helg:-))

    SvarSlett
  2. Herlige bilete. Ser ut som de har vore i syden. Gleder meg til discobilete, he he. Og du, takk for sist. Så kjekt:) God helg til deg!

    SvarSlett
  3. Det er så godt med slike avbrekk i hverdagen Tove!! Og så er det inderlig godt å ha unger som er glade i det våte element:) Jeg er en mor med vannskrekk, men heldigvis er ungene mer som delfiner å regne;) Takk for koselig vistii i bloggen min, og ja, Ole og jeg har storkost oss på Bjorli denne uka:))) Ha ei strålende helg Tove.

    SvarSlett
  4. Herlige bilder!
    Ser helt fantastisk ut :)

    - klem

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!