Vesle Louise vart båren til dåpen i dag. Det minste gullet av i alt ni tanteborn. Og eg hadde verdens mest priviligerte oppgåve; eg var gudmor…
Det er noko ekstra å få vere gudmor. Å få ta med seg det vesle nurket fram til døypefonten, halde henne tett inntil og kjenne at ein får vere med på noko stort.
Ikkje berre sjølve dåpshandlinga, men alt det som er ramma rundt ein dåp; finstas, god mat, familier som møtest, forventingsfulle sysken og syskenbarn, god mat og god stemning.
Har du sett noko skjønnare?
Vesle Louise sov i armane mine under heile gudstenesta. Så varm og mjuk og god… Ingenting er meir herleg enn å sitje med eit slikt nurk i armane og kjenne på at ho er litt mi òg!
Tusen takk for ein flott
fest, kjære dåpsfamilie!
For en nydelig unge og et flott avslutningsbilde!
SvarSlettGratulerer med dåpsdag, den var jo din òg, littegrann.
Rett en stor oppgave å få:) Og for en nydelig gutt:)
SvarSlettEnig, jeg også likte godt det siste bildet:)
Hilsen fra havet:)
Ja dette er verkeleg eit privilegium :)
SvarSlettEg har også hatt denne gleda eitpar gonger :)