søndag 16. oktober 2011

Så priviligert eg er…

Vesle Louise vart båren til dåpen i dag. Det minste gullet av i alt ni tanteborn. Og eg hadde verdens mest priviligerte oppgåve; eg var gudmor…

IMG_3765

Det er noko ekstra å få vere gudmor. Å få ta med seg det vesle nurket fram til døypefonten, halde henne tett inntil og kjenne at ein får vere med på noko stort.

IMG_3766 copy

Ikkje berre sjølve dåpshandlinga, men alt det som er ramma rundt ein dåp; finstas, god mat, familier som møtest, forventingsfulle sysken og syskenbarn, god mat og god stemning.

IMG_3783 copy

Har du sett noko skjønnare?

Vesle Louise sov i armane mine under heile gudstenesta. Så varm og mjuk og god… Ingenting er meir herleg enn å sitje med eit slikt nurk i armane og kjenne på at ho er litt mi òg!

IMG_3789 copy

Tusen takk for ein flott

 

fest, kjære dåpsfamilie!

3 kommentarer:

  1. For en nydelig unge og et flott avslutningsbilde!

    Gratulerer med dåpsdag, den var jo din òg, littegrann.

    SvarSlett
  2. Rett en stor oppgave å få:) Og for en nydelig gutt:)

    Enig, jeg også likte godt det siste bildet:)

    Hilsen fra havet:)

    SvarSlett
  3. Ja dette er verkeleg eit privilegium :)
    Eg har også hatt denne gleda eitpar gonger :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!