Det er rart kor fort ferieveka har gått. No sit eg her og kjenner at det jammen hadde vore godt å hatt ei veke til. Det er likevel ugjenkalleleg slutt og laurdagskvelden vert brukt til absolutt kvile og kos.
Storeungane puslar rundt meg og gjer klart til kortspel. Litt brus i glaset og godt i skåla. Dei vil at vi skal spele “Vri 8’ar” så ho mor må sjå om ho klarer å rive seg ut av godstolen og legge frå seg datamaskin og strikketøy.
Legg merke til den rosa tape-biten bak stolen… Minste frøken snupp er svært oppteken av kunst for tida og heng difor opp sin eigen kunst på dei merklegaste stadar. Sjølvsagt med washi-tape.
Eg ynskjer alle ein varm og god laurdagskveld. Her er det nysnø i fjella og gradestokken kryp nedover. Må nok kle meg godt når eg skal på rusletur med hunden etterpå, men så er det rett tilbake til godstolen…♥
..nyyyt siste dagen av ferien..her er den stooore blåsbortdagen i dag...og JA Masdalskloven er vakker som så mykje anna der oppe med dåke....ja takker for kaffeinvitasjon..bare sjå..plutselig står eg på døra!!
SvarSlettFor en varm og god kveldstemning i stuen din.
SvarSlettBlåsbortdager her også:) da er det skikkelig koselig å skape god stemning i stuen med lys og varme.
Vi har noen koselige kvelder foran oss, juletanker har begynt å snike seg inn:))
Takk for du delte:)