Eg har vore vekk i fire dagar. Åleine på eit hotellrom, med berre eit strikk og gode bøker til å halde meg med lag. Det er rart kor ein lengtar etter det kjæraste ein har når ein må vere vekk så lenge… Lengtar etter dei klissete, små hendene som raust deler klemmar og klappar på kinn… Dei gode samtalene med storeungane og den gode armkroken til husbonden…
Det beste med å vere vekk er å kome heim. Så godt å ha dei alle rundt meg igjen. Høgdepunktet var likevel då eg la minstesnuppa i kveld. Ho var nydusja og god, raud i kinna og ekstra kosete.
Eg la henne ned i den gode senga, pakka dyna godt rundt henne. La over kosepleddet og plasserte favorittkosen på puta. Ho heldt meg godt fast då eg song godnattsongane. Dei same godnattsongane eg har sunge sidan ho var fødd, i akkurat same rekkefølgje som dei alltid skal vere. Etter mange gode klemmar sløkte eg lyset og sa god natt til henne. Ho sov nesten. Augeloka var tunge og pusten roleg. Akkurat då eg listar meg over dørstokken høyrer eg stille frå senga;
“Åhh, så masse eg elskar mammaen min…”
♥♥♥
Eg vart ståande heilt stille på gangen og kjenne at hjartet vart stort og varmt. Så godt å vere sakna, så godt å vere heime, så godt å ha born…
Nydelege, lissje gullet mitt….
(biletet har eg lånt her)
Fikk klump i halsen av å lese dette. Herlige unga :)
SvarSlettHa ei koselig helg min venn
Klem
Ja! :-)
SvarSlettGod helg saman med dine!!
Så koslig,
SvarSlettgod helg!
Klem :O)
Herlig !!!!
SvarSlettTenk så heldig en er som har det slik. Både stor og små .
God helg!
Hilsen Wenche
Herlig :)
SvarSlettBruka alltid å sei til jentene at "ej elska dej" når dei legge seg. Er so godt å få same orda tilbake :)