
Vi treng alle å ta oss velfortente friminutt. Små pauser frå den elles så pulserande kvardagen. For nokre er friminutt den vesle stunda du har heilt for deg sjølv. For andre kan det å vere i lag med andre vere eit friminutt.
Når det gjeld kva som gir oss pustepauser i kvardagen, er det nok like mange meiningar som der er kvinner. Mine gode lesarar har blant anna gitt meg desse innspela:


Tenk så deilig å ha tid til å tappe seg eit varmt og godt bad, med gode oljar og tente stearinlys. Det er rein luksus å kunne okkupere badet så lenge ein treng, kanskje med eit god bok og masse forfriskande drikke.

Å setje seg ned med ein god kopp te, eit blad og lytte til god musikk gir kroppen ro og sjela fred. Finn deg ein stille plass og bestem deg for å bruke t.d. 30 minutt som er berre dine. Dersom ein har mange små born i hus kan det vere vanskeleg å finne denne staden, men få dei stor ungane til å passe dei små eller la kjærasten ta dei med ut og leike.
Kva planar har du for friminutta dine denne helga???
Fjelltur :)
SvarSlettSkitur:) Og vafler på altanen i vintersol, der heile familien tek friminutt :)
SvarSlettDet er berre så useieleg godt å komme inn på bloggen din :)
SvarSlettDu set ord på så mange tankar eg kjenner ligg gøymd ein stad langt inne i meg sjølv. Eg har nok hatt altfor lett for å ha dårleg samvet når eg har prioritert eigne ønskje og behov... Trur nok at me må evne å vere gode mot oss sjølve også om me skal vere det for andre.
Takk for at du deler :)
God helg :)