fredag 18. februar 2011

Friminutt...♥

Tusen takk for alle kjekke meldingar, e-postar og kommentarar eg fekk på "Focus on You"-innlegget mitt!!! Trur mange har det som meg, at vi ikkje er flinke nok til å bruke tid på oss sjølve.

Vi treng alle å ta oss velfortente friminutt. Små pauser frå den elles så pulserande kvardagen. For nokre er friminutt den vesle stunda du har heilt for deg sjølv. For andre kan det å vere i lag med andre vere eit friminutt.

Når det gjeld kva som gir oss pustepauser i kvardagen, er det nok like mange meiningar som der er kvinner. Mine gode lesarar har blant anna gitt meg desse innspela:
Å setje seg i skuggen av eit tre med ei god bok, er utan tvil eit friminutt. Eg elskar å ta med meg ei god bok i fjøra. Det er så godt å sitje på ein stein i fjørekanten og kjenne dei svalande sommarbølgene plaske over føtene. Å fordjupe seg i ei bok gir rom for draumar og håp, etterlengta svar eller ubesvarte spørsmål.


Tenk så deilig å ha tid til å tappe seg eit varmt og godt bad, med gode oljar og tente stearinlys. Det er rein luksus å kunne okkupere badet så lenge ein treng, kanskje med eit god bok og masse forfriskande drikke.

Å setje seg ned med ein god kopp te, eit blad og lytte til god musikk gir kroppen ro og sjela fred. Finn deg ein stille plass og bestem deg for å bruke t.d. 30 minutt som er berre dine. Dersom ein har mange små born i hus kan det vere vanskeleg å finne denne staden, men få dei stor ungane til å passe dei små eller la kjærasten ta dei med ut og leike.

Kva planar har du for friminutta dine denne helga???

3 kommentarer:

  1. Skitur:) Og vafler på altanen i vintersol, der heile familien tek friminutt :)

    SvarSlett
  2. Det er berre så useieleg godt å komme inn på bloggen din :)
    Du set ord på så mange tankar eg kjenner ligg gøymd ein stad langt inne i meg sjølv. Eg har nok hatt altfor lett for å ha dårleg samvet når eg har prioritert eigne ønskje og behov... Trur nok at me må evne å vere gode mot oss sjølve også om me skal vere det for andre.

    Takk for at du deler :)

    God helg :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!