søndag 5. februar 2012

Fotokurs og inspirasjonshelg i Oslo!

Det er 17 minusgrader i Oslo. Eg sit på eit hotellrom etter ein lang spasertur gjennom Oslogatene. Er iskald frå innerst til ytters. Men likevel varm. Varm fordi eg har hatt ei fantastisk helg. Varm fordi eg er så heldig å ha fått lære å kjenne så mange fantastiske folk. Varm fordi eg framleis er full av inspirasjon etter å ha vore på fotokurs med makelause Mari. Det er natt, men eg må berre dele nokre bilete med alle lesarane mine.

IMG_6049

Slike bilete skal strengt tatt berre vere på matbloggen min, men i dag gjer eg eit unntak!

IMG_6185

Eg lærte mange viktgie ting i dag, men aller kjekkast var det å lære om lys og om korleis svært enkle hjelpemiddel kan gjere den store forskjellen.

IMG_6200

Eigentleg likar eg ikkje å legge ut bilete før eg har fått jobba litt med dei, men dei du ser her no er ikkje redigerte eller på anna måte endra på. Det einaste eg har gjort er å legge på ei ramme rundt. Eg har brukt det eg lærte om lyssetting og prøvt etter beste evne å komponere eit brukbart bilete.

IMG_6228

Desse bileta vart tatt litt seint på ettermiddagen og lysforholda var utfordrande. Men eg likte godt det kalde og vinteraktige lyset. Likar dei blå-grå fargetonane som går over i lilla.

IMG_6235

No skal eg krølle meg under to dyner og prøve å tine opp ein vinterfrosen kropp, medan tankane og draumane tek over for å bearbeide alle dein nye inntrykka! Tusen takk til matprat.no for inspirerande dagar!!!

3 kommentarer:

  1. Det er lenge sidan eg har vore innom, så her var det mykje nytt å gledje seg over :) Eg let meg imponere over det du formidlar og måten du gjer det på. Bileta du tek er fantastiske, og orda du vel er audmjukt sett saman til å fortelje det du kjenner og tenker på, og som er gjenkjennelege for lesaren (i allefall opplever eg det). Den nye visuelle stilen på bloggen er særleg delikat. Alt i første møtet med headeren dukker kjensla av sjelefred opp! Takk skal du ha for alt du delar. :)

    SvarSlett
  2. Så utrolig fin blogg du har!:) Og det der så jo bare utrolig namnam ut!:)

    SvarSlett
  3. Vart bra det der. God tur vidare!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!