Min kjæraste Terje fylte 40 år i går og på svært korst varsel bestemte vi oss for å feira han med fest på låven!
To dagar med dugnadsarbeid var det som skulle til for å rydde og pynte låven. Med god hjelp forvandla vi den gamle låven til eit flott festlokale!
Ungane klipte bokstavar og vimplar, plukka blomar og rydda ute.
Borddekkinga var enkel, men stilfull; kvit papirduk med glansa overflate, fat og serviettar i turkis, blomar frå hagen og ugras frå slåttemarka og enkle lyslykter.
Det var dekka og duka til 25 personar. Alle fekk god plass, alle fekk god mat og alle fekk rikesleg med underhaldning i løpet av kvelden!
Gjestane mingla på låvebrua med Fresita i glaset medan vi venta på at all maten skulle verte klar. Så utruleg godt å kunne vere ute utan at det regnar…
Medan jubilanten spretta champis og ynskte gjestane velkomne…
…var minstemor meir oppteken av å spele golf med små konglar!
Mi flotte veslesyster hadde laga mykje av den gode maten! I tillegg til reker var der mykje spennande småmat å kose seg med.
Så utruleg kjekt å sitte til bords med den fantastiske storfamilien vår! Små og store kosa seg i lag. Alt var lagt til rette for at også dei små skulle få ein fin kveld og feire papsen og onkelen sin.
Dei minste gjestane måtte tidleg til køys, men måtte sjølvsagt halde eit forrykande danseshow før dei sa god natt!
…og medan julikvelden gjekk inn i historia som ein av dei vakraste kveldane denne sommaren, heldt gjestane på låven fram til ut i dei små timar.
“Den største gaven en
far kan gi sitt barn,
er seg selv”
- Hana Ali -
♥♥♥
Tusen takk for alt du gir, alt du er og alt du gjer, kjæraste Terje vår!!!
Du må gratulere så mykje til terje frå oss! Det såg ut som ei fantastisk koslelig feiring! Helsing Gunnhild, Eivind, Josefine og Peter
SvarSlettfor ei herleg feiring..
SvarSlettog jammen var det rette kvelden til å feire det også :-)
Åååå...ditta såg berre so koselig ut!! En heldig jubilant :) Du e berre so flinke!!
SvarSlettSo kjekt å kunne lage fest i slik eit spesielt lokale, det enkle er ofte det beste.
SvarSlettÅ kor kjekt! Herlige bilder.
SvarSlett