søndag 3. juli 2011

Låvefest ♥

Min kjæraste Terje fylte 40 år i går og på svært korst varsel bestemte vi oss for å feira han med fest på låven!

IMG_0185

To dagar med dugnadsarbeid var det som skulle til for å rydde og pynte låven. Med god hjelp forvandla vi den gamle låven til eit flott festlokale!

IMG_0220

Ungane klipte bokstavar og vimplar, plukka blomar og rydda ute.

IMG_0212

IMG_0199 IMG_0203

Borddekkinga var enkel, men stilfull; kvit papirduk med glansa overflate, fat og serviettar i turkis, blomar frå hagen og ugras frå slåttemarka og enkle lyslykter.

IMG_0243

Det var dekka og duka til 25 personar. Alle fekk god plass, alle fekk god mat og alle fekk rikesleg med underhaldning i løpet av kvelden!

IMG_0267

Gjestane mingla på låvebrua med Fresita i glaset medan vi venta på at all maten skulle verte klar. Så utruleg godt å kunne vere ute utan at det regnar…

IMG_0266

Medan jubilanten spretta champis og ynskte gjestane velkomne…

IMG_0269

…var minstemor meir oppteken av å spele golf med små konglar!

IMG_0282

Mi flotte veslesyster hadde laga mykje av den gode maten! I tillegg til reker var der mykje spennande småmat å kose seg med.

IMG_0284

Så utruleg kjekt å sitte til bords med den fantastiske storfamilien vår! Små og store kosa seg i lag. Alt var lagt til rette for at også dei små skulle få ein fin kveld og feire papsen og onkelen sin.

IMG_0294

Dei minste gjestane måtte tidleg til køys, men måtte sjølvsagt halde eit forrykande danseshow før dei sa god natt!

IMG_0322

…og medan julikvelden gjekk inn i historia som ein av dei vakraste kveldane denne sommaren, heldt gjestane på låven fram til ut i dei små timar.

“Den største gaven en

far kan gi sitt barn,

 

er seg selv”

- Hana Ali -

♥♥♥

Tusen takk for alt du gir, alt du er og alt du gjer, kjæraste Terje vår!!!

5 kommentarer:

  1. Du må gratulere så mykje til terje frå oss! Det såg ut som ei fantastisk koslelig feiring! Helsing Gunnhild, Eivind, Josefine og Peter

    SvarSlett
  2. for ei herleg feiring..
    og jammen var det rette kvelden til å feire det også :-)

    SvarSlett
  3. Åååå...ditta såg berre so koselig ut!! En heldig jubilant :) Du e berre so flinke!!

    SvarSlett
  4. So kjekt å kunne lage fest i slik eit spesielt lokale, det enkle er ofte det beste.

    SvarSlett
  5. Å kor kjekt! Herlige bilder.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!