Når regnet plaskar ned og vinden uler rundt hushjørna, må ein gjere det ein kan for å få dagen til å smile!
Perler har vore den aller beste sysselen denne helga. Ungane har perla og laga den flottaste kunst. Sjekk den flotte T-skjorta frøken midtimellom har! Den kan du kjøpe her!
Sjølv vi vaksne let oss rive med av nabbyperler i flotte fargar! I går vart det sjølvsagt produsert mange norske flagg medan Petter Northug gjekk 5-mila!
Minstesnuppa er glad i rosa, så då vart det rosa perlesukker på kanelsnurrane! Oppskrifta på desse gode bollane finn du her.
I morgon er det meldt orkan…. Huff då, det er berre å surre seg fast!
Ja ein må kose seg så best ein kan i denne blesten... og eg som skal ta ferge i morgon...:(
SvarSlettHa ein fin blåsbortdag! :)
Hei, koselig blogg du har. Har kikket litt gjennom den og lagt meg til som følger. Gleder meg til å følge deg videre, alltid kjekt med hverdagskos og flotte bilder, klem fra Mona
SvarSlettMoro med Nabbi-perler, ja! Eg fekk eit tips ein gong som gjorde at både mor og tenåringsdotter fekk ny giv til perling. På dei bretta som har "pinner" ståande på rette rekker, er det kjempefint å bruke motiv frå strikkeoppskrifter! Det blir så mykje flott!! Kos dykk vidare i blåsten med perler!
SvarSlettAnnette