mandag 7. mars 2011

Ein må kose seg litt…

Når regnet plaskar ned og vinden uler rundt hushjørna, må ein gjere det ein kan for å få dagen til å smile!

perler

Perler har vore den aller beste sysselen denne helga. Ungane har perla og laga den flottaste kunst.  Sjekk den flotte T-skjorta frøken midtimellom har! Den kan du kjøpe her!

perler1

Sjølv vi vaksne let oss rive med av nabbyperler i flotte fargar! I går vart det sjølvsagt produsert mange norske flagg medan Petter Northug gjekk 5-mila!

perler2

Minstesnuppa er glad i rosa, så då vart det rosa perlesukker på kanelsnurrane! Oppskrifta på desse gode bollane finn du her.

I morgon er det meldt orkan…. Huff då, det er berre å surre seg fast!

3 kommentarer:

  1. Ja ein må kose seg så best ein kan i denne blesten... og eg som skal ta ferge i morgon...:(

    Ha ein fin blåsbortdag! :)

    SvarSlett
  2. Hei, koselig blogg du har. Har kikket litt gjennom den og lagt meg til som følger. Gleder meg til å følge deg videre, alltid kjekt med hverdagskos og flotte bilder, klem fra Mona

    SvarSlett
  3. Moro med Nabbi-perler, ja! Eg fekk eit tips ein gong som gjorde at både mor og tenåringsdotter fekk ny giv til perling. På dei bretta som har "pinner" ståande på rette rekker, er det kjempefint å bruke motiv frå strikkeoppskrifter! Det blir så mykje flott!! Kos dykk vidare i blåsten med perler!
    Annette

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!