lørdag 19. mars 2011

Altfor lenge sidan sist…

Eg har hatt skikkeleg datatrøbbel i det siste. Favorittmaskina mi har vorte angripen av virus og det ser ut til å vere uråd å få det fjerna…

vaffel

No brukar eg ei reservemaskin som ikkje har hatt alt eg treng for å blogge, i tillegg til at alle bileta mine har forsvunne – igjen… I tillegg har det vore meir travelt enn eg set pris på. All energi har gått med til å få dei mest nødvendige hjula til å gå rundt. ♥-leg tusen takk til alle som likevel har vore innom meg, sjølv om her ikkje har vore så mykje nytt!

vaffel1

No håper eg bloggelysta kjem for fullt! Eg har nemleg ei knakande god historie eg vil dele med dykk! Planen er å legge den ut ein av dei næraste dagane.

vaffel2

I dag har Sunnmøre vist seg frå si beste side. Til trass for at vinden har vore litt kald, har sola pryda ein knallblå himmel! Ungane nyt å kunne tusle rundt i vårgraset og plukke snøklokker. Kan forresten ikkje hugse sist snøen låg så lenge. Eg har vore van med å kunne plukke inn vårblomar  i slutten av januar.

vaffel4

I dag har vi hatt  besøk av tantegull, vi har laga vafler og dei tre kampfiskane våre har fått vårreingjering i bollane sine! Vi var også på rømmen ei stund i dag, for gravemaskinpapsen grov av nokre vegar og ruska litt for mykje rundt huset. Då var det tryggast å halde seg unna… Traktor+gravemaskin+ungar på tunet er ikkje ein god kombinasjon!

vaffel3

No har ungane laga seg hytte på loftet og kosar seg med bøker og spel. Eg og husbonden slappar av i kvar vår sofa og ventar på kyllingen som godgjer seg i omnen!

♥♥♥

Eg ynskjer alle mine lesarar ein god laurdagskveld!

5 kommentarer:

  1. Ser ut til at dagen har vore perfekt...
    Trasig med den maskina..

    Vakker helg til dokke alle :-)

    SvarSlett
  2. Deilig med vafler da..*smiler*..
    Håper det ordner seg med datamaskinen din.

    God lørdagskveld,
    klem Fredrikke

    SvarSlett
  3. Du treng ikkje unnskylde deg for at du ikkje har blogga på ei stund - tida di er di og berre DI - DU deler den med kven du vil:-))

    Syns det høyrest heilt utruleg ut at de plukkar snøklokker....her ligg enno 30 cm snø på plenen og om natta er det knallkaldt. Men det har vore finfint veir her og i dag og våren kjennest godt om dagen.

    Ha ei fin vårhelg
    janntove

    SvarSlett
  4. Virus er noe herk både for mennesker og maskiner. Fikk det på den gamle stasjonære, og i alle mapper forsvant dokumentene, bortsett fra bildemappen. Det var da jeg endte opp med en kartong med mellom 3 og 4.000 bilder i panikk for å miste dem. Etter det tar vi backup til ekstern disk, pluss brenner ut cd-er som oppbevares i et annet hus.

    Våren har gjort kur noen dager nå :) Snøklokker og klosterklokker titter nå forsiktig frem - senere en vanlig.

    God helg!

    Moccamamma :)

    SvarSlett
  5. Det er ikkje so kjekt med datatröbbel alltså. Håper du får orden på det.

    Her har värt ei fin dag og. Sola har varmet og naboungene har värt ute og kjört på akebrett. Vi har ju en meter snö enda så det kan man nok gjöre ei stund til.
    Vaffler må eg nok gjöre snart. Trur det er våffeldagen den 26 mars. Veit ikkje om den er her i Norge.

    Nå skal eg lage litt is. Så den blir ferdig til i morgon.
    Ha ei fortsatt go natt nå.
    Klem Synnöve.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!