Alle er born når dei søv.
Då er det ikkje krig i dei.
Dei opnar hendene og pustar
i den stille rytma som himmelen har gitt
menneska.
Stjernene står vakt då og det
ligg ein dis over jorda,
nokre timar då ingen
skal gjere kvarandre vondt.
Kunne vi berre tale til kvarandre då
når hjarta er som halvt opne blomar.
Ord som gylne bier
skulle trengje inn der:
- Gud, lær meg søvnen sitt språk…
(ei omskriving av Rolf Jacobsen sitt dikt “Når de sover”)
Herleg beskrivande om søvn!
SvarSlettNydelige ord, -og ei nydelieg jente !
SvarSlettGod helg :)