Dette innlegget skulle eigentleg vere posta på matbloggen min, men sidan eg vurderer det eg har laga i kveld som så utruleg godt at eg vil mange skal få vite om det, så blir det altså på denne bloggen. Får heller ta ei reprise på matbloggen min seinare.
Det heile byrja med at koret mitt arrangerte korkafè i går. Alle songarar veit at maten er vel så viktig som maten, og gårsdagens kakebord var både raust og overdådig! Men der, blant søte kaker og lekre bakverk, låg der nokre små, søte “greier” med ost på.
Skjønne Marte i koret hadde laga desse gode “greiene”, og dei var så utruleg gode at eg ikkje fekk nok av dei gode smakane! Marte påstod at det var superenkelt å lage, så når alle ingrediensane låg og venta på meg i kveld, måtte eg rett og slett prøve! Eg trur eg har litt fleire ingrediensar enn Marthe, men godt blir det, uansett! Slik gjer du det – step by step:
1. Skjær ein baguett i små skiver. Legg skivene på eit steikebrett og risle litt god olivenolje over. Set dei i ovnen på 200 grader i omlag 5 minutt, berre for å skjerpe dei litt.
2. Medan dei er i omnen kuttar du opp tomatar i passe tjukke skiver. La dei ligge på tørkepapir til du skal bruke dei. Finhakk kvitlauk og skjær ost i skiver.
3. Ta ut dei små skivene og legg på tomatane. Strø over litt Maldonsalt og litt finhakka kvitlauk på kvar skive. Eg raspa over parmesan, for det passar så godt med kvitlauken og tomatane. Det gjer ingenting om det kjem litt på steikeplata, det smeltar og blir nydeleg å ete etterpå!
4. Legg over kvitosten, men pass på at skivene ikkje er for store. Eg brukte vanleg Norvegia, men dersom du er meir vågal i ostevegen kan det nok hende at ein litt kraftigare ost hadde gjort det til ei litt større smaksoppleving!
Set dei tilbake i omnen på 200 grader i 7-8 minutt. Pass på så dei ikkje vert mørke. Dei er best når osten er akkurat passe smelta og parmesanen i botnet er gyllen.
Sidan eg ikkje fekk eit namn på denne gode retten, har eg like godt kalla den “Marte spesial”!
Tusen takk for at du sette meg på sporet av dette, Marte!!!
Dette skal eg jammen det pröve til helgen. Ser så godt ut så man vil liksom stikke handa in i skjermen å knabbe ei av dem på steikeplata. Det er tur det ikkje funker..
SvarSlettMen skal ta dette til helgen.
Tusen takk for tipset :))
Klem Synnöve.
Det ser kjempegodt ut, takk for tips
SvarSlettønsker deg en fin dag
/myr
Nydlig godt! Morsomt å lese om Marte på bloggen din :)
SvarSlettNå vet jeg hva jeg skal prøve på lørdags kveld :) Takk skal du ha!
SvarSlettDette må prøvast! Takk til både deg og Marte som delar oppskrifta :) Ser for meg noko basilikum her også... mmm, kan knappast vente ;)
SvarSlett