ALT KVILER.
Det er noko med
lyset.
Det dunkle, litt kalde lyset som
aldri heilt byrjar
og som aldri tek heilt slutt.
Dagar utan ende.
Og lydane.
Dei lune, gode lydane.
Små føter som raslar i lauv,
vind som ular og
regn som dansar på ruta.
Det er som om
naturen har pakka oss inn,
vernar om oss.
Lagt oss under eit teppe
av mose og lauv
og ber oss om å spare krefter.
Eitt og anna lett snøfall.
Naturen har gått i dvale.
Alt kviler.
Dette er tida for å stresse ned.
Tenne lys og vere i lag.
Sjelene opnar seg.
Kroppen kviler.
Alt kviler.
Det er noko med lyset.
Det er noko med lydane.
Det er noko med november
som gjer at det er
godt å vere til.
Tove Halse Digernes, november 2010
For et fint dikt. Det stemmer så bra! Jeg elsker høsten :)
SvarSlettVakre ord - og eit aldeles gripande flott bilde. Har du tatt det sjølv?
SvarSlettH
Og så er det enda ei stund igjen til jul... God NoveberHelg!
SvarSlettSå vakkert!!
SvarSlett