lørdag 5. november 2011

Akkurat passe gamaldags!

Eg hugsar så godt glaskarmane heime hos mormor. Fulle av planter som ho stelte og tok vare på. Planter som var mange år gamle og som ho aldri kvitta seg med.

IMG_4250

Ei av plantene ho i mormor sin glaskarm var pengetreet. Nokre av dei var så gamle at det nesten såg ut som om dei hadde stamme. No har eg fått meg ei slik plante. Tenk om eg klarer å ha den like lenge som mormor hadde sine! Det er kanskje litt gamaldags å ha slike planter i våre dagar. Aller helst skulle det vel ha vore corokia eller olivnetre som pryda stova, men desse gode, gamle betyr så mykje for meg!

IMG_4251 copy

Krukka som planten står i er gammal og prega av det. Den fann vi her på garden då vi tok over. Dei passar i lag som hand i hanske og står på spisebordet og får tankane mine tilbake til svunne tider.

Kva stoveplante lokkar fram nostalgien hos deg?

5 kommentarer:

  1. Synes planten var kjempefin :)

    SvarSlett
  2. Eg ser det pågår diskusjonar rundtom i blogglandia nettopp rundt det med å slavisk følgja interiørtrender vs å skapa sin eigen, personlege stil, som rommar minner og ting som er viktige for dei som bur i huset. Det gjer jo du, Tove, med glans :) du er alltid så flink å setja ord på viktige ting i livet! Sjølv har eg ei salig blanding av husfred, orkidear og anna. Både nostalgi og andre kjensler pregar plantane og interiøret ellers :) fin søndag til deg!

    SvarSlett
  3. Koselige minner!
    Flott plante i flott urne.

    Eg har også, "sånn ei plante i kjøkkenglasset. Sammen med min farmors Hoya carnosa, porselensplante. Den hadde bestemor i bestestova si.

    Ønsker deg ein fin søndag! Klem,

    SvarSlett
  4. Ja, den er virkeleg nostalgisk.
    Herleg plante og krukke!

    vakker søndag til deg og dine :-)

    SvarSlett
  5. Granium er bestemorplanta mi...i kvit glaskarm med enkle vinauge og blafrande blondegardiner. Eg kjenner lukta og ser synet for meg når eg let att auga og lar tankane flyge til bestemorhuset....

    klem jannetove

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!