I USA har dei “rehearsal dinner” i forkant av sjølve bryllaupsdagen for å sikre seg at vener og familie får møte kvarandre før sjølve bryllaupsmiddagen. Det er òg ein test på om brud og brudgom klarer brasene og at alt sit som det skal.
I år skal eg ha gjestar på julaftan og då må eg sjølvsagt “øve” meg litt før den store dagen. Sidan det er syster mi med familie som kjem på julemiddag, var det berre rett og rimeleg at det var bror min med familie som skulle kome på “rehearsal dinner”. På menyen stod det pinnekjøt med alt mogleg tilbehør.
Sjølv om det var i starten av november var det ein nydeleg haustdag med mildvèr og sol frå blå himmel. Bordpynten måtte sjølvsagt reflektere det.
Det kostar ikkje alltid så mykje å lage eit skikkeleg festbord. Eg har juksa litt og kjøpt falske blad, men det aller koslegaste er å plukke fargerike blad ute i naturen! Så er det sjølvsagt viktig med lys på bordet. Eg brukar gamle Norgesglas med kubbelys og skjønne, kvite “lysballar” som eg kjøpte på supersalg på Nille. Trur ikkje eg betalte meir enn 3-4 kroner per lykt.
Wedgewood-serviset og Finn-glasa er gåver vi fekk i bryllaupet vårt. Alt er mykje brukt, fordi eg meiner det er for gale å stue det vekk i skap og berre bruke det til “best”.
Enkelt – men fint!
Etter at sola hadde gått ned og mørkret hadde senka seg, så var det på tide med dessert. Mi kjekke svigerinne hadde med seg ei Oreo-iskake! Den smakte fantastisk godt! Må innrømme at eg likte denne betre enn den vanlege Oreokaka.
Både små og store sat lenge til bords denne søndagen. Vi kosa oss både vel og lenge med all den gode maten. Sjølv om sola skein under store delar av middagen, var det ikkje fritt for at julekjensla kom snikande… Eg konkluderer i alle fall med at årets julemiddag heilt sikkert kjem til å gå som smurt ♥
Å så nydeleg pynta og ikkje minst fotografert og redigert :)
SvarSlettnam!
SvarSlettheng meg på Marie over her!
SvarSlettstemningsfullt & vakkert innlegg ♥
ja, dette ser eg du har teken på ;)
søndagsklem til deg - fine Tove :)
For et fantastisk nydelig bord du har pyntet her! Flotte bilder og herlig lys og stemning. Julemiddagen blir sikkert nøyaktig like koselig, lykke til!
SvarSlettNydeleg!
SvarSlettSikkert lurt med ein slik test ;-)
Ha fin kveld og bolt fast alt som er laust før BERIT kjem...