I dag har eg leika meg litt med Picnic (takk for sparket bak, Anne Grethe!!!) og laga ny logo til bloggen min. Eg har fått låne bileta av fotografen Magnar Børnes - og det er eg utruleg takksam for! Synest resultatet vart bra! Berre så synd at Picnic ikkje har æ, ø og å i bokstavutvalet sitt (i allefall ikkje som eg har funne). Igjen - tusen takk til Magnar som var så snill låne meg eit bilete!
Eg har fått nokre utmerkingar siste dagane, som også har vore stor stas.
Ei dame med eit stort mammahjarte har kreert og foræra meg denne utmerkinga! Lill har sendt solstrålen sin attende til studiar og idrett i USA, og laga denne utmerkinga for å takke alle som støtta henne. Det er tungt for eit mammahjarte å sende lissjejenta så langt vekk.... Tusen takk, Lill!
Denne utmerkinga sender eg til Nunne og Rosa Univers - dei har begge fortent den!
**********
Den andre utmerkinga har eg fått med Bodil i Vermont, New England!
Tusen takk, Bodil! Eg ynskjer at alle fantastiske mammaer som kikar innom meg tek med seg denne utmerkinga attende til bloggane sine!
Fin logo! Ang. picnik: Der er æ,ø og å, alt etter kva skrift du vel...så veit du det;-)
SvarSlettfantastisk fin logo!!!
SvarSlettog vet du...hos oss er hverdagene mye bedre enn helligdager og fridager:))) så jeg roper et stort HURRA for hverdagene;)
ha en deilig kveld...
klem tara
Logoen din blei flott, ja. Trudde at det skulle vere litt "gammaldags" tekst sidan du hadde dobbel a, var faktisk litt stilfullt! Men så såg eg at grunnen var ein annan... ;-)
SvarSlettEr forma stigande?
Bank i bordet, denne omgangssjuka har gått forbi døra vår, håpar den ikkje tek bakvegen.
Håper du frisknast!
Klem
Heisann...
SvarSlettSå flott logo du har fått deg -nydelig bilde og flotte ord!!
Ønsker deg en flott avslutning på uken og en herlig helg!
Klem fra Hildegunn :o)
Takk for det, og lykke til!
SvarSlettFlott ny heading! Når det gjeld mangel på æø og å så er det lett å fikse. Kjenner ikkje programmet du brukar men har du ein pensel eller blyant i paletten er det berre å teikne ring over a, strek over o og kneppe saman a og e, piece of cake :)
SvarSlettVakkert uansett :)
Britt
Ai, ai, ai!! Den var fin, du! flink du e!
SvarSlettGratulerer med ny stil og flotte utmerknadar!! :-)
SvarSlettHa ein fin helg!
Monica
Vart veldig overraska då eg kika inn til deg i kveld Tove mor. Trudde først eg hadde kome feil, men såg fort at du "berre" har forandra logoen din. Kjempe fint resultat. Fargerike og flotte bilete du har lånt:)
SvarSlettDersom du kikar innom meg ser du at teljaren er på plass igjen. Tusen Takk for rettleiing. Du er ein KNUPP!!! Klem:)
Heisann Tove!
SvarSlettNy, fin heading du har ordna her på bloggen din:)
Håpar at de har kvikna til att ut på Halsane, det er så trasig når ein ikkje er i form:(
Her har vi hatt besøk av litt influensa-forkjøling-feber-liknande greier, Eirik ligg som ein bakaromn og varmar opp senga til eg skal legge meg...
Eg har skuleveke denne veka, så det krev litt ekstra å vere oss desse dagane, men eg skal ikkje klage, vi jobbar oss trass alt framover! :)
Hadde vore så veldig kjekt å kome på besøk ein kveld, kva tid passar det for deg skal tru? Du har vel forskjellig på timeplanen i kvardagen du også tenker eg :)
Du spør om vi ser noko til sola her framme; den kliv ikkje Reveskaret før ca.20. januar, så det nærmar seg for kvar dag! De har vel sola heile året der ute?
Heia!
SvarSlettNydelig logo, den ble så fint.
Gratulerer med utmerkningene.
Å takk for tipset med Picnic, nå skal jeg kose meg med bildene mine;0)
Det er så morsomt å "fikse" på dem.
Ha en fin helg.
Det må eg seie....... NYDELEG LOGO!!!! bilde er berre så fantastisk flott. Heldig du som fekk bruke det:0)) Ser du fekk tips med æ ø og å i picnic. Håper du er frisk og rask igjen.
SvarSlettNyt dagen Tove.
Klem
Gratulerer med flotte utmerkinger og med en nydelig logo! Den var ordentlig fin :D Liker også så godt at du vier hverdagene så fine tanker og setter pris på dem.
SvarSlettLurer på om jeg skal ta med meg den siste utmerkingen videre, føles nesten litt frimodig, men... vil jo gjerne være en fantastisk mamma da hehe ;)
ha en finfin dag videre, og ta med deg en kanelbolle og en kaffe latte hvis du stikker innom siden min :D stor klem!
Så nydelig den nye logoen din er - den passer kjempegodt sammen med resten av layouten på siden! :-D
SvarSlett