søndag 6. september 2009

Little Miss Catwalk!

Eg måtte flire høgt for meg sjølv i går. Minstesnuppa og eg skulle ein liten tur på handel, og ho fekk på seg nokre kle ho ikkje hadde brukt på ei stund. Ho brukte lang tid på å beundre seg sjølv i spegelen på soverommet vårt, og då vi kom ned i stova stilte ho seg opp på golvet og sa: “Ta bilde, mamma!”

010

Ho såg rett i kamera, gjorde seg litt til, snudde seg litt rundt og var alltid merksam på kvar mamma og kameraet var.

007

Denne nydlege strikkajakka kjøpte eg på supertilbod på ein nettbutikk for lenge sidan. Tunikaen under høyrer til ein kjole ho har fått låne med Maren-venninna si.

014

Må sjekke kva som er under, ja…. Eg likte så utruleg godt denne tunikaen, eller underkjolen, som det eigentleg er!

016

Skjønne fargar….

015

På slutten av fotoshooten måtte ho også sjonglere litt med smokken sin! Sjekk “attitude”-blikket! Etter dette biletet var det nok, for då sprang ho til ytterdøra og ville ut i bilen! Lissje gullet mitt…

Vil også nytte dette innlegget til å takke så mykje til alle dei gode, hjartevarme og herlege attendemeldingane på innlegget mitt om det store spørsmålet om livet! Har lenge gått med eit ynskje om å gi ut ei barnebok, og har allereie eit manus liggande. Kanskje denne samtalen mellom meg og Ida-mi kunne vere eit godt utgangspunkt til ei bok???? Vi får sjå….

13 kommentarer:

  1. De er ikke store før de skjønner hva som skal til! Nydelig snuppe du har!

    SvarSlett
  2. Herlige bilder av en liten modell:)

    SvarSlett
  3. Lille frøken rosa er helt uimotståelig herlig.
    Du skriver så godt Tove, og kunne nok gjerne tenkt meg litt av din "skrivekunst"!
    Ser så lekende lett ut når du har skrevet.
    Så barnebok blir nok bra med deg i pennen.
    Lykke til.

    Klem Ann<3

    SvarSlett
  4. Så herleg ho er:0)
    Anar vi ein framtidig modell?
    Ja kanskje det er dette som skal til for at du vågar spranget...Eg stiller meg i alle fall i køa for å kjøpe boka:0)
    Klem

    SvarSlett
  5. Sånn ei herlig jente du har :) Spennande med bok-planer!

    SvarSlett
  6. Å så søt ho er minstejenta di! Jeg kjøper gjerne bøkene dine til mine fremtidige barn, og til alle søte små jeg kjenner :)

    SvarSlett
  7. Nydeleg liten fotomodell du har! Har også lese meg gjennom dei to føregåande innlegga dine, det er sant som mange har kommentert: Du har ordet i di makt, du formidlar klokt og vakkert, ja, lag bok!
    Innlegget som ønskjer nyenaboane velkomne er også herleg, det boblar over av glede og entusiasme, som smittar over på alle oss som les det! Ha ei god veke.

    SvarSlett
  8. Hei Tove.
    Tusen takk for koseleg helsing:0)) Vore stille frå meg ei god stund ja, men på veg att no:0) Nydeleg innlegg om livet, det satt nokre tankar i sving. Slå til på barneboka du Tove, du skriv knakande godt og dessutan er det viktig å våge! for den boka ligg der og berre ventar på å bli født:0))
    Det garnet du strikkar teppe av ser berre heilt deileg ut, heldige babyar som kan tulle seg inn i dei:0)
    Nyt dagen og hels til snuppa på catwaken:0), ho var berre skjønn.
    Smil frå Lill

    SvarSlett
  9. Maj Britt7/9/09 10:35

    Du,ej venta no fremdeles på diktboka du ska gi ut....med alle dikta frå ungdomstida vår veit du :-)

    SvarSlett
  10. For ei skjønn tulle!
    Helt bedårende :)

    Historien om livet gav meg tårer i øynene. Du skriver så vakkert og burde definnitivt gi ut bok. Jeg skriver meg opp på venteliste og sitter klar med kronasjen. Ønsker meg et signert eksemplar!;o)

    Ha ei skjønn uke kjære navnesøster!

    SvarSlett
  11. Skjønn liten modell du har,Tove!! Ha en fin uke videre!!
    Anette:-)

    SvarSlett
  12. Så fin ei lita rosa jente!
    Flotte bilder.

    SvarSlett
  13. Du har helt klart talent. Liker veldig godt måten du skriver du. Lykke til med evt. utgivelse!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!