Forrige veke tok vi med oss heimelaga pizza og sveler til badestranda. Sola skein og sommarkjensla sitra i kroppen. Akkurat ei veke etterpå er det striregn og storm i kasta. Då gjer det godt å trøyste seg med bileta vi tok….
Vi kosa oss i den varme fønvinden. Ungane kasta steinar i sjøen, vassa litt, rulla seg i graset og segla med heimelaga båtar.
Mat smakar så absolutt best når ein et ute! Eg har aldri sett ungane ete så mykje pizza på så kort tid!
Det var ikkje så farleg om ein grisa litt heller. Bofsen var raskt på plass og åt småbitane som datt ned, og fingrane kunne ein berre tørke av i graset.
Rare skapningar vart nøye studert….
…. soppar vart lukta på, tatt på og advart mot….
… eller rett og slett berre beundra gjennom ei kameralinse.
Vi var endåtil så heldige å finne ei marihøne!
Medan mamma og pappa slappa av på benken under bjørka, leitte ungane etter skjell i fjøresteinane.
Skjønne, rosa støvlar i fjøresteinane….
Er det rart eg er glad i heimbygda mi? Garden vår ligg ein liten centimeter til høgre for den kvite steinen.
Slike dagar skal det bli godt å varme seg på når hausten set inn for alvor…
Hørtes ut som en skikkelig koselig tur til stranda! Herlige bilder!!!
SvarSlettHerlege bilete..
SvarSlettMinner som er gode å ha..
Takk for glimta!
Herleg med litt sommastemning, ja. Til og med eg kjenner at det har vore mykje vatn ovanfrå i det siste, og eg er svært sjeldan versjuk:)Og bygda di og fjellet ditt er gode å kvile augene på. Eg jobba fleire år i Eiksund og hadde utsikt til Liadalsnipa frå den kanten, ho er vakker derifrå også!
SvarSlettFlotte bilder som fikk meg til å allerede lengte etter sommeren igjen...
SvarSlettalltid så koselige innlegg herfra....blir litt rørt ska æ si på måten du skriv og beskriv teng på...kjenn det alltid når æ ha lest innleggan dine...ha en vakker dag og helg med deg og dine
SvarSlettFin tur dokke hadde. Riktig koselig. Og stor kontrast i været vi har i dag.
SvarSlettHa ei koselig helg
Klem
Koseleg bildeserie.
SvarSlettI dette renværet vart det nærmast terapi å kikke på bildene dine.
Takk for at du deler de med oss.