torsdag 10. september 2009

Store kontrastar.

Forrige veke tok vi med oss heimelaga pizza og sveler til badestranda. Sola skein og sommarkjensla sitra i kroppen. Akkurat ei veke etterpå er det striregn og storm i kasta. Då gjer det godt å trøyste seg med bileta vi tok….

015

Vi kosa oss i den varme fønvinden. Ungane kasta steinar i sjøen, vassa litt, rulla seg i graset og segla med heimelaga båtar.

011

Mat smakar så absolutt best når ein et ute! Eg har aldri sett ungane ete så mykje pizza på så kort tid!

012

Det var ikkje så farleg om ein grisa litt heller. Bofsen var raskt på plass og åt småbitane som datt ned, og fingrane kunne ein berre tørke av i graset.

033

Rare skapningar vart nøye studert….

042

…. soppar vart lukta på, tatt på og advart mot….

044

… eller rett og slett berre beundra gjennom ei kameralinse.

036

Vi var endåtil så heldige å finne ei marihøne!

059

Medan mamma og pappa slappa av på benken under bjørka, leitte ungane etter skjell i fjøresteinane.

063 

Skjønne, rosa støvlar i fjøresteinane….

069

Er det rart eg er glad i heimbygda mi? Garden vår ligg ein liten centimeter til høgre for den kvite steinen.

049

Slike dagar skal det bli godt å varme seg på når hausten set inn for alvor…

 

7 kommentarer:

  1. Hørtes ut som en skikkelig koselig tur til stranda! Herlige bilder!!!

    SvarSlett
  2. Herlege bilete..
    Minner som er gode å ha..
    Takk for glimta!

    SvarSlett
  3. Herleg med litt sommastemning, ja. Til og med eg kjenner at det har vore mykje vatn ovanfrå i det siste, og eg er svært sjeldan versjuk:)Og bygda di og fjellet ditt er gode å kvile augene på. Eg jobba fleire år i Eiksund og hadde utsikt til Liadalsnipa frå den kanten, ho er vakker derifrå også!

    SvarSlett
  4. Flotte bilder som fikk meg til å allerede lengte etter sommeren igjen...

    SvarSlett
  5. alltid så koselige innlegg herfra....blir litt rørt ska æ si på måten du skriv og beskriv teng på...kjenn det alltid når æ ha lest innleggan dine...ha en vakker dag og helg med deg og dine

    SvarSlett
  6. Fin tur dokke hadde. Riktig koselig. Og stor kontrast i været vi har i dag.
    Ha ei koselig helg
    Klem

    SvarSlett
  7. Koseleg bildeserie.
    I dette renværet vart det nærmast terapi å kikke på bildene dine.
    Takk for at du deler de med oss.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!