Det har vore ein stor dag i dag. Endeleg køyrde gravemaskina gjennom tunet og bort på marka vår for å grave ut tomta til bror min med familie.
Aldri har eg vore så glad for å sjå ei gravemaskin i arbeid! Dette som vi har håpa på og lengta etter skal endeleg skje! Alle papira er i orden, husleverandør står klar og dei komande huseigarane er nok både spent, glade og utolmodige!
Aldri har lukta av rå jord vore så god…. Eg tok med ein kveldstur bort på marka og inspiserte, og var berre så utruleg glad!
Som du ser på bileta er det ganske bratt terreng, men når den røynde og dyktige husbonden min er bak gravemaskinspakane er det ingenting å frykte!
Klarare bevis kan ein vel ikkje få, Frode og Lisbeth! Her er det ultimate bevis på at de er innbyggjarar og tomteeigarar i Ørsta kommune! Ei bytestikke i solnedgang vart forøvrig eit artig bilete!
Eg vil berre påpeike at dette ikkje er ei “hit, men ikkje lenger”-grense. Hos oss skal dokke få trakke ned dørstokkane alt dokke ønskar!
Ein kan vel ikkje klage på denne utsikta?????
…. eller denne??????
Dei nye naboane mine kan sjå fram til mange slike solnedgangar!
PS! Dette vart eit litt uvanleg blogginnlegg frå mi side, men det hjartet er fullt av, renn munnen over med!
Så kjekt! Ei nydlig utsikt (nesten like bra som Brandal;)), og eg forstår godt dokke gler dokke til naboar.
SvarSlettEr gjennom søknadsprosess her også, og eg gler meg til den dagen eg ser gravemaskina her også.
Det er kjekt med litt bråk når det blir eit flott resultat!!
Ja, ikke berre munnen, men fingrene... du har jo SKREVE alt det her...
SvarSlettMen eg hadde også blitt glad for å få naboar, og spesiellt bror min... så nærme.
Kos dåkk i helga...
Nattaklem.
De er heldige som får dere som naboer da !:)Med den gjestfriheten.Og for en vakker utsikt og fjellet bak var jo helt utrolig flott.Aldri sett et fjell før med den formen.Nydelig innlegg du hadde med mellomste datteren di her om dagen ,det handlet om livet.Det var vakkert skrevet.Jeg er alltid innom og leser hos deg.En god og jordnær blogg ,med nydelige bilder.:)God klem fra meg
SvarSlettDenne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlettKjekt med naboar og ekstra kjekt når det er familie :o) Å vekse opp med onkel og tante i nabohuset der ein alltid er velkomen, fantastisk!
SvarSlettOg for ei fantastisk utsikt! Puh, tek reint pusten ifrå meg. UBETALELIG!
Lukke til med gravinga :o)
Klem Tonje
Kan tenke meg det blir koselig å få familien i nærheten :)
SvarSlettSkjønner at du gleder deg! Det blir nok kjempekoselig å få familien så nært!!!
SvarSlett- Og for en utsikt!!!! Herlig!
Klem fra Lunalu
For et hyggelig innlegg! God søndag :-)
SvarSlettNydelig! Jeg skjønner at et slikt naboskap ikke vokser på gress - og at det er et naboskap dere alle kommer til å nyte godt av. Lykke til med alt! Og du, det bildet med tomtestikken i solnedgang var rått!
SvarSlettmåtte dei søke om dispansasjon? kva årsak evt grunnla dei med? har gjort det sjølv og er derfor litt nyskjerrig.. Fin utsikt ja. Dokke bur longt oppe. Kor kjøre dokke opp frå hovudvegen?
SvarSlettNydeleg utsikt ja!!!!!!!
SvarSlettSkulle gjerne hatt den her utanfor glaset.
Per Anders