lørdag 5. september 2009

Velkomne til gards, godtfolk!!!

Det har vore ein stor dag i dag. Endeleg køyrde gravemaskina gjennom tunet og bort på marka vår for å grave ut tomta til bror min med familie. 

042

Aldri har eg vore så glad for å sjå ei gravemaskin i arbeid! Dette som vi har håpa på og lengta etter skal endeleg skje! Alle papira er i orden, husleverandør står klar og dei komande huseigarane er nok både spent, glade og utolmodige!

040

Aldri har lukta av rå jord vore så god…. Eg tok med ein kveldstur bort på marka og inspiserte, og var berre så utruleg glad!

058

Som du ser på bileta er det ganske bratt terreng, men når den røynde og dyktige husbonden min er bak gravemaskinspakane er det ingenting å frykte!

047

Klarare bevis kan ein vel ikkje få, Frode og Lisbeth! Her er det ultimate bevis på at de er innbyggjarar og tomteeigarar i Ørsta kommune! Ei bytestikke i solnedgang vart forøvrig eit artig bilete!

050 

Eg vil berre påpeike at dette ikkje er ei “hit, men ikkje lenger”-grense. Hos oss skal dokke få trakke ned dørstokkane alt dokke ønskar!

026

Ein kan vel ikkje klage på denne utsikta?????

034

…. eller denne??????

018

Dei nye naboane mine kan sjå fram til mange slike solnedgangar!

PS! Dette vart eit litt uvanleg blogginnlegg frå mi side, men det hjartet er fullt av, renn munnen over med!

11 kommentarer:

  1. Så kjekt! Ei nydlig utsikt (nesten like bra som Brandal;)), og eg forstår godt dokke gler dokke til naboar.

    Er gjennom søknadsprosess her også, og eg gler meg til den dagen eg ser gravemaskina her også.

    Det er kjekt med litt bråk når det blir eit flott resultat!!

    SvarSlett
  2. Ja, ikke berre munnen, men fingrene... du har jo SKREVE alt det her...
    Men eg hadde også blitt glad for å få naboar, og spesiellt bror min... så nærme.
    Kos dåkk i helga...
    Nattaklem.

    SvarSlett
  3. De er heldige som får dere som naboer da !:)Med den gjestfriheten.Og for en vakker utsikt og fjellet bak var jo helt utrolig flott.Aldri sett et fjell før med den formen.Nydelig innlegg du hadde med mellomste datteren di her om dagen ,det handlet om livet.Det var vakkert skrevet.Jeg er alltid innom og leser hos deg.En god og jordnær blogg ,med nydelige bilder.:)God klem fra meg

    SvarSlett
  4. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  5. Kjekt med naboar og ekstra kjekt når det er familie :o) Å vekse opp med onkel og tante i nabohuset der ein alltid er velkomen, fantastisk!
    Og for ei fantastisk utsikt! Puh, tek reint pusten ifrå meg. UBETALELIG!

    Lukke til med gravinga :o)
    Klem Tonje

    SvarSlett
  6. Kan tenke meg det blir koselig å få familien i nærheten :)

    SvarSlett
  7. Skjønner at du gleder deg! Det blir nok kjempekoselig å få familien så nært!!!
    - Og for en utsikt!!!! Herlig!
    Klem fra Lunalu

    SvarSlett
  8. For et hyggelig innlegg! God søndag :-)

    SvarSlett
  9. Nydelig! Jeg skjønner at et slikt naboskap ikke vokser på gress - og at det er et naboskap dere alle kommer til å nyte godt av. Lykke til med alt! Og du, det bildet med tomtestikken i solnedgang var rått!

    SvarSlett
  10. måtte dei søke om dispansasjon? kva årsak evt grunnla dei med? har gjort det sjølv og er derfor litt nyskjerrig.. Fin utsikt ja. Dokke bur longt oppe. Kor kjøre dokke opp frå hovudvegen?

    SvarSlett
  11. Nydeleg utsikt ja!!!!!!!

    Skulle gjerne hatt den her utanfor glaset.

    Per Anders

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!