fredag 27. august 2010

Mamma sitt vesle nøste…

 …har vorte stor jente!

Nøste

Når ein strikkar har nøsta det med å verte mindre og mindre. Desse smånøsta på to bein vert berre større og større! No har minstesnuppa vore på overnatting med bestemor og bestefar, og det var utruleg herleg å ha litt åleinetid i ettermiddag – berre eg og ho!

nøste1

Eg sat i godstolen og strikka og ho sat midt på spisebordet og heldt på med sitt handarbeid! Det var lange trådar og korte trådar; “…skal berre strikke noko, mamma!” var svaret eg fekk då eg lurte på kva i alle dagar ho heldt på med! Eg formana og sa at ho måtte vere forsiktig med saksa, og svaret let ikkje vente på seg: “Du kan stole på meg, mamma! Eg gjer aldri noko gale!”. Eg tenkte i mitt stille sinn på allle “rampestrekane” ho har forsynt oss med siste to åra og flira godt for meg sjølv…

nøste2

Det var ikkje så lette å tippe kva ho hadde tenkt å lage. Eg måtte berre vente å sjå, sa ho!

nøste3

Sina likar kjempegodt å sjå filmane om Madicken og Elisabeth på Junibakken! Er det rart vi meiner at Sina minner oss om Elisabeth? Ser du likheita??? (kanskje det er berre mammahjertet som ser det, hi, hi???)

nøste4

“Mamma, eg har strikka ein hatt!!!”, ropar ho plutseleg! Ho har eklipt trådar, lagt dei lag på lag og forma det eitt eller anna som kanskje likna på ein hatt! Sjølvsagt såg eg at det likna ein hatt!!!

nøste5

Mamma sitt vesle nøste hadde til slutt brukt opp heile det lilla nøstet sitt, og siste produktet vart eit skjerf! “No kan eg vere varm og god heile vinteren!”, sa ho med knis og fnis fordi ulltrådane kitla så herleg på halsen!

Herlege, gode nøstet mitt…

14 kommentarer:

  1. Herleg!

    God helg :-)

    SvarSlett
  2. Ikkje så ulik Skrollan heller;-) Huska Amalie var veldig sjokkert over den rampete Skrollan da ho var på den alderen, og også Lotta som hylte og klipte sønd strikkagensaren som kleia. Da eg lurt på om ho kjende nåken andre som også brukte å hyle slik, blei ho aldri so lite forlegen hehe.

    SvarSlett
  3. Hærlige søte nøste ditt ;)

    nydelige bilder, og du kor kjekt å være sammen med slike søte små nøster

    klemma

    SvarSlett
  4. Så skjønn hun er!:)Jeg ser veldig godt likheten til søte Elisabeth.
    Ha ei god helg!:)

    SvarSlett
  5. Hei :)

    Sitter her med et lite smil om munnen.. for et koselig innlegg.. og for ei flott jente... og ja ho ligne Elisabeth...

    Herlig :):)

    Klem fra Evelyn

    SvarSlett
  6. hærlig unge Tove!!
    Lilla er yndlingsfargen min!
    Tone

    SvarSlett
  7. Herleg! :) Ei sjønne tutte som iallefall liknar seg sjølv! :)

    Både hatt og skjerf kan kome godt med til vinteren!

    Klem frå Lønnetunet

    SvarSlett
  8. Herleg! :) Ei sjønne tutte som iallefall liknar seg sjølv! :)

    Både hatt og skjerf kan kome godt med til vinteren!

    Klem frå Lønnetunet

    SvarSlett
  9. FOR ein herleg blogg du har Tove. Eg har lagt meg inn som følgar :-)

    SvarSlett
  10. En "award" til deg ;)

    http://homlepongane.blogspot.com/2010/08/beautiful-blogger-award.html

    SvarSlett
  11. Herlig lesning, knusbedårende bilder og visst ser jeg vel likheten med Lisabt. Jag har en ärta i näsan, det har inte du! Piluttadej.
    Pludrehanneklem

    SvarSlett
  12. Å så herlig. Ho er jo bare god jenta di. Skal se ho blir designer en dag. Kreativ er ho ihvertfall :)

    SvarSlett
  13. Har begynt å følge bloggen din, den gir meg så mykje! Takk for så god formidling av livsglede, små øyeblikk ein kjenner seg igjen i, perspektiv på livet -

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!