
I dag feirar eg og min kjære Terje 8-års bryllaupsdag! Åtte flotte år som ektefolk - ikkje verst! Det skal visst vere bronsebryllaup når ein rundar åtte år, kanskje eg må finne min kjære ein liten bronseskatt på dagen?

Det verkar ikkje som det er åtte år sidan. Tida går så fort. Men når eg tenkjer på alt vi lagt av innhald i desse åtte åra, så er ikkje det reint lite. Måtte vi få fleire gode år og sjå attende på! Måtte fleire få oppleve kor godt det er å gå i tospann med ein som gjer livet rikare!


