søndag 18. mai 2008

No er vi sommarklar!

Så snart 17. mai er eit tilbakelagt stadium, er fokuset retta mot eitt bestemt mål: SOMMAR! Det har ikkje vore så mykje hagearbeid for mitt vedkomande i år (er grenser for kor kreativ ein kan vere med stein, mold og sand...), men eg har i allefall fått opp ei hengelobelia - ein av dei flottaste sommarblomane eg veit om! Ei beskjeden og lita plante som toler både regn og blest. Sjølv om gradestokken i dag ikkje viste meir enn ni grader, så er eg likevel optimist og veit at sommaren er rett rundt hjørnet. Og om tre veker reiser me til Tyrkia.....





Heldigvis har naturen ein eigen måte å gjere seg sommarklar på. Der mine grøne fingrar strekk til kort, eller omgjevnadane ikkje tillet prydhagen eg drøymer om - der lagar tulipanar og løvetann eit nydeleg teppe kring huset. Tulipanane kjem frå løkar som har lege i jorda i meir enn 50 år, og som har dukka opp her og der - alt etter kvar vi har omplassert moldhaugane våre. Løvetannen kjem enten vi vil eller ei, og uansett kva folk måtte meine om den. Men vakkert er det i allefall, når det raude og det gule i harmoni med saftig, grønt gras prydar markane kring huset.




1 kommentar:

  1. Dagny R.H.18/5/08 11:08

    Eg blei i alle fall 1002 ;-)
    Slike 50 år gamle tulipanar som veks i hagen din er nesten som ugras! Vi fjerna/flytta "tusen" av dei hausten 2006, no telde Ragnar nesten 100 avkom som poppa opp av plenen, heilt ubedt. Sjarmerande og flott til 17. mai, men må nok grave dei opp ein gong til...skal liksom bli ein hekk der ein gong.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!