Viser innlegg med etiketten Fritidssyslar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Fritidssyslar. Vis alle innlegg

torsdag 24. juli 2008

Takk og lov for kreativitet og små, grøne fingrar!

Ungane boblar over av kreativitet, energi og skaparlyst for tida! Her ein dag kom dei på at dei ville lage eit bed bak den provisorisk plasserte leikarhytta (det er visst fleire enn mor sjølv som fortvilar over mangel på grøne og frodige flekkar...). Dei sette igong med å lage bed, bar store steinar og fylte på med mold. Her skulle det plantast!

Dei måtte ha ei grind inn til bedet. Det skulle gå an å lyfte den opp slik at ein lett kunne ta seg inn. Johan demonstrer korleis det skal gjerast!
I vår sette ungane ein del frø i lag med bestemor. No var det på tide å berge dei stakkars stiklingane, og samtlege fekk plass i Johan sitt bed! Solsikkene blir omhyggeleg planta i jorda, ilag med nokre som skal få små, blå blomar.
Til slutt skulle det plantast ei bjørk. Dette er ei hengebjørk som bestemor fekk med ein mann på Runde, og den skal no få seg ein ny heim på Halsane. Johan brukar sjølvsagt gravemaskin for å lage stort nok hol (kva ellers...?). Skal tru om ho vil trivast med oss?


Ida var sjef for vatning og gjødsling, medan bestemor fekk vere med og legge siste hand på verket! Ho kom opp med nokre nydlege roser til meg - TUSEN TAKK, MAMMA!

Desse vakre rosene kom mamma med til meg.

Kanksje eg kan ha slike roser i eit vakkert bed, ein vakker dag...?

lørdag 19. juli 2008

Blåbærtur og luksusproblem!

Vi er heldige som har fantastiske turområder i umiddelbar nærleik. Det betyr at vi kva tid som helst kan sleppe det vi har i hendene og ta pause frå travle kvardager for å ta oss ein snartur i skogen. Blåbærturar høyrer sommaren til, og det er viktig å ikkje fortelje nokon kvar ein finn dei beste tuene... Så i all løyndom lista vi oss avgarde i går! Luksusproblemet oppstod då eg skulle velje ut bileter til dette innlegget. Blant mange vakre motiv var det vanskeleg å velje vekk bileter, så eg tok med alle! Sjå kor kjekt vi hadde det!

Ut på tur, aldri sur!

"Finn eit strå, og træ dom på..."

Ting, tang, tue..... Ein nøve blåbær i mjuke, gode barnehender!


Ein må ha tolmod og konsentrasjon for å få på alle blåbæra!

Kvar vi fann denne fantastiske blåbærstaden er sjølvsagt ein godt bevart løyndom, men kan røpe at dette var utsikta frå tua eg sat på..... Lokale kjentfolk som kjenner seg att???
Ida laga mange strå! Det var viktig å ha med seg litt på heimturen. Vi skulle nemleg oppom bestemor, som hadde lovt oss ferske vafler!
Kan ein ha det betre...???
Ein liten blåbærkvast fekk vere med heim, slik at syskenbarnet Frida skulle få plukke seg nokre bær. Det er ikkje det same å få dei ferdigplukka, veit du!
Alle gode ting kjem til ein ende, så også med blåbærturen vår. Det er aldri kjekt å setje seg i bilen etter slike flotte naturopplevingar. Då var det godt å vite at vil skulle til bestemor og ete vafler. Onkel var på besøk og fekk også ein liten blåbærkvast med Ida.
No lengtar vi berre etter neste blåbærtur. Då tek vi nok med oss bøtter og spann, for naturen har skjenka oss mykje bær i år. Om ein berre veit om rette stadane....

lørdag 12. juli 2008

Fantastiske LYST!

Eg syng i damekoret LYST, og no fekk eg så lyst å skryte litt og reklamere! Koret vart skipa i 2002, og var meint som eit "husmorkor" der songglede, moro og sosialt samvere stod i fokus. Då dirigenten vår, Nina Vedeld Telseth, byrja å sjå potensiale i koret vart det fart i sakene!
Ho legg vekt på eit reint klangbilete, og set store krav til presisjon. Resultatet har vorte eit "steikje bra kor" (sagt med ei viss fare for å vere inhabil...)! Vi syng jazz, sakralt, populærmusikk og atonalt. Kvart år set vi opp julekonsertar, ein tradisjon både vi songarane og tilhøyrarane våre set pris på.
Våren 2007 spelte vi inn ein jule-CD, "Fager er jordi", og den kan du sjølvsagt kjøpe med meg. Veit det er lenge til jul, men ha det i tankane. Det er ein stemningsfull CD.
Sommaren 2006 var vi med på Landssongarstemne i Trondheim, og hadde meldt oss på Midtnorsk korkonkurranse. Vi vann vår klasse i konkurransen, og det er vi sjølvsagt stolte av!
(dette biletet er teke under konkurransen)

Dei flotte bileta eg har lagt ut her er tekne i Skorgeura i Ørsta kommune, og det er bror til dirigenten som har teke dei. Som sagt, ta gjerne kontakt dersom du vil kjøpe CD`en vår!


torsdag 10. juli 2008

Prosjekt nr. 3


Prosjekt nr. 3 er såpass hemmeleg, at snekkarane nekta meg adgang til verkstaden sin. Ei sint og brysk dørvakt fortalde meg i klartekst at her hadde eg ingenting å gjere før dei var heilt ferdige! Sjølv om eg trygla og bad og påpeikte viktigheita av grundig dokumentasjon dersom prosjektet skulle publiserast på bloggen, så var det inga bønn.

Etter å ha snike meg til eit bilete kom Johan springande og jaga meg. Eg lovar å halde dykk oppdaterte og kome attende med LOVLEGE bileter av det ferdige prosjektet.

Prosjekt nr. 2

Det er ikkje berre innomhus det er prosjekt på gong! Vi har ei leikarhytte som sårt treng litt oppussing, og i går kveld fekk ungane inspirasjon til å sette igong. Det var den kreative bestemora som fekk dei i sving, og dei vart så ivrige at eg knappast fekk dei i hus for kvelden!
Ida var tidleg oppe i dag og gledde seg til å ta til på storprosjektet! Oppgåva hennar var i fyrste omgong å friske om nokre avdanka utemøblar som skulle stå attmed hytteveggen. Det var litt av ein jobb, må vite!
Johan, og kompisen Knut Petter, heng opp knaggar. Med stor nøyaktigheit og presisjon vart det til slutt mange knaggar som kan brukast til så mangt!
Her gjeld det å halde tunga beint i munnen!
Vesle Sina er sjølvsagt med på moroa! Ho fungerte best som spikarassistent, sjølv om kanskje mesteparten av spikrane enda på golvet... Ikkje noko å seie på innsatsen, i allefall!
Det er viktig å sjå og lære av storegutane. Ein vakker dag skal ho arve hytta, og då er det opp til henne å halde der i orden!

onsdag 9. juli 2008

Ein "klipp og lim"-dag!

Det var litt trist å vakne til skodde og kald trekk i dag tidleg. Her var det klart at vi måtte finne på noko for å få formiddagen til å gå!

Etter ein lang og innhaldsrik frukostseanse leitte vi fram gamle blad, saks, scrapbooks og lim. Eg har nemleg lenge hatt ein plan om å klippe ut ting i hobby- og interiørblad og lime dei inn i fargerike scrapbooks , organisert i ulike tema og årstider. Planen har aldri vorte sett i verk, og haugen med blad har vokse. No hadde vi alstå sjansen til å ta til med prosjektet! Vi benka oss rundt kjøkkenbordet og klipte i vei. D.v.s. at vi jentene klipte, Johan ville heller spele data enn å halde på med slike jentegreier (kan du forstå det???).




Vi hadde litt ulike interesseområde, eg og Ida. Eg var mest oppteken av å finne idèar og tips til hage, grillhus, nips og naps - medan Ida leita mest etter prinsesseting, rosa ting og kakeoppskrifter (!). Vi klipte og limte heilt til sola kom. Då er det klart at rastlause ungar heller vil ut, og mora òg. Men det var i allefall ein start, og så fann vi ut at vi treng fleire scrapbooks......

Ida fann desse deilige muffinsane i eit gamalt Bonytt - dei må vi prøve å bake ein dag. Eg har mykje spennande strøssel i kjøkkenskuffa - butikken "Stil og stemning" har stort utval! Vi lyt vente på ein gråvèrsdag før vi bakar desse.
HA EIN STRÅLANDE SOMMARDAG!

mandag 30. juni 2008

Medan vi ventar på hagen...

Dei grøne fingrane mine må kvile litt til. Eg har ingen hage å grave i, så eg får ta til takke med å plante i krukker og kar. Det er kosleg med ein triveleg veranda, eg får gjere det beste ut av det...
Etter å ha tilbrakt to veker i Tyrkia, skal det bli godt å kose seg på verandaen. Får nyte livet der medan eg ventar på hagen.... I dag ser det ut til at det vert ein solrik dag, eg håpar alle har høve til å nyte den!

søndag 25. mai 2008

Fri fantasi og feriemodus!

Det er berre litt meir enn to veker til vi skal til syden, så det er vel ikkje rart at vi er i feriemodus. Dersom du ser på biletet under, brukar fantasien og legg godviljen til, så kan det nesten sjå ut som om vi har vore på ei strand på ei lita gresk øy. Men den gang ei.... For tida er dette den beste staden for rekreasjon og soltilbeding. Det får så vere at det er midt i ei steinrøys, no reiser vi snart til varmare strok, og så kan hende det vert altan eller plen når vi kjem heim.Uansett, ungane storkosar seg i steinrøysa og synest det var kjekt å leite fram solstolane.
Om ikkje lenge skal Ida og Johan få kose seg i solstolar under Tyrkia si heite sol - JIPPI!

fredag 14. mars 2008

Kreativitet er rota til alt godt!

For nokre dagar sidan fekk Johan klar beskjed om å leite fram ransel og lekser med ein gong vi hadde ete middag. Det var sol frå blå himmel ute, så her var det om å gjere å verte fort ferdig med plikter så ein kunne kome seg ut. Kjøkkenbordet måtte sjølvsagt ryddast før det kunne omgjerast til leksepult, og den vesle pausa visste Johan å nytte til fulle! Brått var han ikkje å finne. Eg leitte huset rundt, før eg til slutt høyrde bankelydar ute i tunet. Då eg kom meg ut for å sjå kva han hadde funne på,

















var karen å finne på toppen av fjøstaket! Han hadde snikra ein stige, og den brukte han til å kome seg opp på taket.

Det må seiast at det ikkje var det høgaste fjøstaket han klatra på, og at spranget mellom tak og fast grunn ikkje var for stort. Då eg kom ilande til, drog han opp stigen og gliste triumferande. Jada, han hadde lurt seg unna leksene -men stigen var utvikla med så stor ingeniørkunst at eg ikkje kunne seie noko på det. Han hadde målt ut nøyaktig kor langt det skulle vere mellom kvart trinn, funne ut nøyaktig kor mange spikrar han trengde, høvla til slik at alle mål vart rette og deretter snikra det heile ihòp. Eg måtte gi meg ende over og skryte av prosjektet. Kan hende var ikkje stigen av dei mest solide, men den var til god nytte for Johan.

Det er viktig at ungar får rom til å vere kreative. Vi må ikkje vere så redde for at dei kan skade seg med kniv, sag, øks og hammar. Her i garden er slike verkty tilgjengeleg for ungane til ei kvar tid. Det er vel ungar som aldri får prøve seg med "skumle" reiskapar som skadar seg mest. Vi har hatt vår del med småsår og rifter, men aldri noko alvorleg. Når ungar fritt får bruke verkty, får dei kjennskap til korleis dei fungerer og kunnskap om korleis dei skal brukast for ikkje å gjere skade.

Det vert garantert fleire snikkarprosjekt her i huset. Stigen som Johan laga skal plasserast på låven ilag med stigen som gamle-Johan på garden laga for meir enn 70 år sidan. Stigen ber preg av å vere laga av det ein hadde tilgjengeleg, men den er stødig og solid og har vore brukt mange gongar i moderne tid. Om Johan sin stige toler "tidens tann" like godt, skal eg ikkje ha sagt så mykje om. Det er heller ikkje så viktig. Viktigast her er viljen og kreativiteten til å lage noko ein har bruk for, slik generasjonar før oss var nøydde til å gjere for å utført nødvendige oppdrag.

Det var ein stolt kar som kom inn og gjorde lekser. Kanskje han ein dag forstår at det han må site inne og pugge vil vere til god hjelp når han som vaksen skal utvikle endå meir avanserte ingeniørkunstar. La oss ta vare på kreativiteten og gi ungane rom for utfalding - kun då kan vi få fram ein generasjon som skal vere med på å bygge landet vidare, og som får teknologi og forskning til å nå nye høgder!